Raw Egg Nationalist skriv på InfoWars:
Meir enn halvparten av alle tyskarar trur at dei blir skifta ut av innvandrarar i sitt eige land, og eit fleirtal vil at islamsk immigrasjon til landet skal ta slutt.
Ifølgje ei ny spørjeundersøking gjort av mediegruppa Nius, sa 57% av dei spurde tyskarane at dei var «redde for at tyskarar vil hamne i mindretal i Tyskland». I kontrast til dette sa 37% at dei ikkje var redde for at dette skulle skje.
Nesten halvparten, 47%, sa at dei trudde tyskarar med vilje vart skifta ut med innvandrarar. Det tyske kontoret for beskyttelse av grunnlova klassifiserer denne trua, ofte referert til som «Den store utskiftinga», som ei «høgreekstremistisk» tru. 41% av respondentane var ueinige i dette.
Eit fleirtal sa seg òg einige i at «i visse område i småbyen eller landsbyen min, har eg kjensla av å ikkje lenger vere i Tyskland».
Betydelege fleirtal aksepterte at der skjer «rasisme mot kvite» i Tyskland, og at integreringa av innvandrarar har mislykkast.
Då spørjeundersøkinga såg på responsar på temaet immigrasjon, sa 52% at dei var ueinige med ytringa, «Tyskland burde generelt ikkje lenger ta imot flyktningar frå islamske land». Berre 34% uttrykte usemje med denne ytringa.
Spørjeundersøkinga er vidare bevis på at haldningane til vanlege tyskarar blir hardare når det gjeld immigrasjon. Nylege spørjeundersøkingar viste at anti-immigrasjonspartiet Alternative für Deutschland (AfD) no er det mest populære politiske partiet blant ungdommar i nasjonen, og det nest mest populære partiet i landet generelt. Der har kome krav frå politikarar og statstryggleikstenester om at partiet skal bli forbode.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
