Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice skriv:
Ein offisiell ny studie publisert i Frontiers in Psychiatry 11.april har bekrefta ein samanheng mellom mRNA- og viralvektor-baserte covid-vaksinar og nyleg oppstått psykose.
«…data antydar ein potensiell link mellom ung alder, mRNA- og viralvektor-vaksinar med nyleg oppstått psykose,» erklærte studien i «Konklusjon»-delen.
Medan artikkelen framleis presenterte covid-vaksinar som ein netto-positiv, erkjende den den alvorlege skaden dei kan utgjere.
«Medan vaksinar effektivt kontrollerer infeksjonen, er det viktig å anerkjenne potensialet for biverknader, inkludert sjeldne tilfelle slik som psykose, som kan stige med det aukande talet vaksinasjonar,» stod det å lese i studien.
Infowars.com rapporterer: Forskarane produserte funna sine via analyse av rapportar om medisinske tilfelle.
«Vi utførde ein systematisk gjennomgang av tilfellerapportar og tilfelleseriar om nyleg oppstått psykose etter covid-19-vaksinasjon frå 1.desember 2019 til 21.november 2023, ved bruk av PubMed, MEDLINE, ClinicalKey og ScienceDirect. Data-ekstrahering dekte studie- og deltakar-karakteristikk, komorbiditet, covid-19-vaksine-detaljar, og kliniske trekk. Joanna Briggs-instituttet sine kvalitetsvurderingsverktøy vart brukte for dei inkluderte studiane, og avslørte ingen betydeleg publikasjonspartiskheit,» stod det å lese i «Metodar»-delen av studien.
Dataa indikerte at vaksne mellom 20- og 40-årsalderen hadde størst sannsyn for å bli råka av vaksineindusert psykose, der dei mRNA-teknologibaserte sprøytene utgjorde ein større risiko for mentalsjukdommen enn dei viralvektor-teknologibaserte sprøytene.
«Totalt 21 artiklar skildra 24 tilfelle av nyleg oppståtte psykotiske symptom etter covid-19-vaksinasjon. Av desse tilfella var 54,2% kvinner, med ein snittalder på 33,71 +/- 12,02 år. Psykiatriske hendingar vart potensielt induserte av mRNA-BNT162b2-vaksinen i 33,3% av tilfella, og psykotiske symptom oppstod i 25% etter viralvektor-ChAdOx1 nCoV-19-vaksinen. Snittida for symptomstart var 5,75 +/- 8,14 dagar, for det meste rapportert etter fyrste eller andre dosen,» står det å lese i studien i «Resultat»-delen.
Gjennomgangen erkjende òg at bortsett frå psykose, som er emnet i artikkelen, utgjer covid-vaksinasjonen òg ein risiko for eitt breitt sett av andre helseeffektar.
«…fleire studiar har demonstrert hjarte-, tarm-, nerve- og psykiatri-relaterte biverknader assosiert med covid-19-vaksinar,» står det å lese i studien i «Introduksjon»-delen.
Artikkelen la òg ut om fleire teoriar relatert til mekanismane bak grunnen til at sprøyta fekk folk til å tørne galne.
«Ifølgje tilgjengelege data, kan førekomsten av psykose etter vaksinasjon påverkast av kroppen sitt immunforsvar overfor SARS-CoV-2. Spesifikt utløyser vaksineadministrasjon ein cellerelatert immunrespons, som fører til T-hjelparcelle-utslepp av pro-inflammatoriske cytonin. I somme tilfelle kan denne kaskaden føre til cytokin-stormar og hypofunksjon av N-metyl-D-aspartat (NMDA)-reseptorar. Som ein konsekvens kan det oppstå forhøga dopaminnivå, noko som potensielt kan utløyse utviklinga av psykose,» stod det å lese i studien i «Diskusjon»-delen.
«Med tanke på tilstadeveringa av betennelsesmarkørar i visse psykiatriske sjukdommar, er det plausibelt å anta at denne betennelsestilstanden kan liggje under ymse nevropsykiatriske komplikasjonar assosiert med vaksinasjon. Likeins avslørte resultata av studien vår forhøga CRP-nivå og mild til moderat leukocytitt som den vanlegaste blod-abnormaliteten. Vidare indikerte CSF-analyse auka proteinnivå, lymfocytisk pleocytose, og høge nivå av II-1-beta, noko som òg bekreftar aktiveringa av betennelseskaskaden,» står det å lese i studien i «Diskusjon»-delen.
«Ein annan hypotese når det gjeld post-vaksinasjonspsykose antydar at dei observerte endringane i mentalstatus, inkludert psykotiske symptom, kan representere ein manifestasjon av autoimmun anti-NMDA-encephalitt. Tilfelle av diagnostisert anti-NMDA-encephalitt vart òg observert i gjennomgangen vår. I sin tur har tilfelle av anti-NMDA-encephalitt gjentekne gonger blitt rapportert etter vaksinasjon mot andre infeksjonar, slik som gul feber, influensa, tyfus og kikhoste. Med tanke på den potensielle linken mellom post-vaksinasjonspsykose og autoimmun anti-NMDA-encephalitt, er det tilrådeleg å ta til etterretning immunologisk screening hjå indivud som presenterer psykiatriske symptom etter covid-19-vaksinasjon,» står det å lese i studien i «Diskusjon»-delen.
Det har nyleg blitt rapportert at dødelege covid-injeksjonar er assosiert med kreft, hjarte- og karsjukdommar, sjukdommar i reproduksjonssystemet, spontanabortar, anfall, myokarditt og død.
CDC tilrår at alle amerikanarar tek covid-sprøytene, og at små barn får ekstra mange.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
