Her følgjer ei (temmeleg) forseinka og lettare forkorta omsetjing av den historiske talen som den vakre, unge, nederlandske dama Eva Vlaardingerbroek nyleg heldt om befolkningsutskifting. Omsetjinga er basert på ein transkripsjon frå nettstaden The Gateway Pundit:
Hallo, Ungarn. Hallo, Budapest. Hallo, mine medeuropearar og amerikanske venner. Takk so mykje for at eg fekk kome. Lat meg gå rett over på eit tema som ikkje er so hyggjeleg, men svært, svært naudsynleg å diskutere. Lat meg ta dykk gjennom dei siste sju dagane i Europa.
Denne veka i Stockholm vart tre eldre damer i 70-åra stukne ned på høglys dag på gata. I London vart tre menneske stukne ned i eit tidsrom på berre 42 timar. I Paris gjekk hundrevis av afghanske migrantar til gatene for å utføre opptøyar. Og – i Frankrike dette òg – vart nok ei kyrkje brent ned til grunnen. Og det, mine damer og herrar, er berre nokre få hendingar på berre nokre få dagar på vårt vakre kontinent. Men vi veit alle at desse hendingane ikkje lenger er enkeltepisodar. Om det er éin ting som er sikkert, er at vi veit, og regjeringane våre veit det òg, at der er ein samanheng mellom masseinnvandring og kriminalitet.
[…]
Vår nye realitet i Europa består av stadige valdtekter, knivstikkingar, mord, skyteepisodar, til og med halshoggingar. Lat meg vere tydeleg på éin ting. Dette brukte ikkje å skje før. Dette er eit nyleg importert problem.
Samuel P. Huntington spådde dette for meir enn 25 år sidan då han skreiv, og eg siterer: «I den nye verda av massemigrasjon, vil den mest gjennomsyrande, viktigaste og farlegaste konflikten ikkje vere mellom dei sosiale klassane. Den vil ikkje vere mellom rike og fattige. Den vil vere mellom folkeslag som kjem frå ulike kulturar. Stammekrigar og etniske konfliktar vil finne stad i sivilisasjonane. Dæven, hadde han rett! Og det verste er at vi som eit samfunn ser ut til å ha blitt likegyldige til det. Når nok ein kvit gut eller kvit jente døyr i hendene på ein innvandrar, vil vi kanskje riste på hovudet, kanskje sukke, kanskje til og med bli sinte i eit minutt eller to, og so går vi vidare med livet vårt. Vi tilbyr familien tankar og bønner, men ingenting endrar seg nokosinne.
Mine damer og herrar, kva seier dette om oss? Dette er responsen til eit samfunn som allereie har gjeve opp, eit samfunn som allereie har akseptert sitt nederlag. Men er dette sant? Har vi gjeve opp? Aksepterer vi allereie den nye realiteten som våre globalistiske leiarar har i tankane for oss? Eg veit éin ting sikkert, og det er at dersom ingenting endrar seg, dersom vi ikkje startar å på alvor kjempe for vårt kontinent, for vår religion, for vårt folk, våre land, so vil den tida vi no lever i gå inni historia som tida då vestlege nasjonar ikkje lenger trong å bli invadert av fiendtlege hærar for å bli erobra. Denne tida vil då gå over i historia som perioden der dei invaderande vart aktivt inviterte inn av ein korrupt elite. Og ikkje berre inviterte denne korrupte eliten fienden inn, dei fekk den innfødde befolkninga til å betale for det òg.
Alle som har auge i hovudet kan sjå det. Den innfødde, kvite, kristne, europeiske befolkninga blir erstatta i ein stadig raskare rate. Lat meg kome med belegg for denne påstanden ved hjelp av statistikk frå mitt heimland. Lat oss ta Amsterdam, hovudstaden. Amsterdam består for tida av 56% innvandrarar. Haag, 58% innvandrarar. Rotterdam, nesten 60% innvandrarar. Naturlegvis kjem mesteparten av desse immigrantane frå ikkje-kristne, ikkje-vestlege land i Afrika og Midtausten. For å konkludere er den nederlandske befolkninga allereie i undertal i dei fleste byane våre. Men lat oss sjå utanfor landegrensene. London, 54% innvandrarar. For å igjen konkludere, er den innfødde befolkninga i undertal. Brüssel, kall meg sjokkert, 70% innvandrarar. For å konkludere, er den innfødde befolkninga i stort undertal. Andre europearar vil naturlegvis følgje snart, om dei ikkje har gjort det allereie.
Eg skal her trekkje den forbodne konklusjonen her. Den store utskiftingsteorien er ikkje lenger ein teori, men ein realitet. Det som er interessant om utskifting er at etablissementet anten vil nekte for at den eksisterer, eller når dei innrømmer det, so seier dei at det er godt at den innfødde europeiske befolkninga snart ikkje lenger er ein majoritet på sitt eige kontinent. Den nederlandske nasjonale skampletten, og sokalla Klimapave, Frantz Timmermans, sa allereie i 2015 at mangfald er lagnaden til menneskeheita, og at Europa vil bli mangfaldig.
Og naturlegvis trur eg at vi alle no veit kva dei meiner med ordet «mangfald». Det tydar færre kvite, færre av dykk. Førestill dykk dette i eit asiatisk eller afrikansk land. Førestill dykk at leiarane deira jublar over det faktum at deira eige folk snart ikkje lenger vil vere ein majoritet i sitt eige land. Absolutt utenkjeleg. So kva i all verda er gale med leiarane våre? Den underliggjande kjensla av det dei seier er alltid den same. Etablissementet vårt påstår at kvite menneske er vonde og at historia vår på ein eller annan måte er grunnleggjande annleis frå den til andre. Bevisst eller ubevisst har dei soge til seg løgnene og dei anti-kvite dogma frå den nymarxistiske kritiske raseteorien.
Det er dei totalitære i Brüssel som prøver å tvinge dykk, det ungarske folket, ein suveren nasjon, til å akseptere innvandrarar, trass det faktum at befolkninga har sagt nei, i likskap med regjeringa. Men ta ikkje feil, fleirtalet av den nederlandske befolkninga har heller ikkje bede om dette. Akkurat som Brüssel tvingar Ungarn til å akseptere desse orda frå innvandrarar, gjer dei det same no, til og med i dei minste landsbyar i Nederland. Ingen del skal forbli nederlandsk i den tradisjonelle tydinga av ordet. Ingen del av Europa skal forbli europeisk. Det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor. Dersom det gamle Europa framleis eksisterer enkelte stader, so vil folk kunne samanlikne det nye Europa med det gamle, og vil, ikkje akkurat ei bombe, føretrekkje det gamle. Det er difor eurokratane hatar Ungarn so intenst.
Og bodskapen deira er tydeleg. Vårt levesett, vår kristne religion, våre nasjonar, dei må forsvinne utan unntak. Framtidsvisjonen deira er det nyliberale, ugjenkjennelege Europa, der kvar by blir som Brüssel. Stygge, skitne, utrygge, null sosialt samhald, der bygningar stadig er under vedlikehald og aldri ser ut til å bli ferdige. Sjølv når dei blir ferdige er sluttresultatet styggare enn kva det var. Kva sit vi tilbake med? Ein permanent tilstand av isolasjon, forvirring og desorientering. Mine damer og herrar, velkomen til Den nye verdsordenen.
So, kva er motgifta? Eit sterkt, kriste Europa av suverene nasjonalstatar. Det er difor vi må blankt avvise løgna om at nasjonalisme skaper krig. Det er ikkje nasjonalisme eller nasjonal suverenitet som skaper krig. Det er ekspansjonisme. Kor i Europa finn vi det i våre dagar? På éin og berre éin stad: Brüssel. Er det ikkje rart korleis dei same folka som tærer på vår nasjonale suverenitet og elskar å gjere det, og gjev alt over til eurokratane der, at desse same folka no seier til oss at vi må bruke milliardar på milliardar av euro på den nasjonale suvereniteten til Ukraina? Det er ærleg tala ein vits, og det er ein ganske so sjuk, dyr og farleg vits.
Under eit nyleg intervju vart eg spurt av intervjuaren: «Trur du at du nokon gong går for langt? Trur du at du nokosinne blir for radikal?» Eg tenkte på det eit sekund og sa: «Nei, eg trur ikkje eg går for langt. Når sant skal seiast, mine damer og herrar, so trur eg ikkje at vi i Europa går langt nok.» Eg trur at dersom vi verkeleg tenkjer på det organiserte, strukturelle åtaket på vår sivilisasjon, so gjer vi ikkje nok. Gjer vi nok for å stoppe åtaka på familiane våre, kontinentet vårt, landa våre og religionen vår? Når vi høyrer om nok eit mord, nok ei knivstikking av ein ungt, uskuldig barn, gjer vi nok? Når vi veit at vår nasjonale suverenitet har blitt gjeve opp på mindre enn eit hundreår til Brüssel – gjer vi nok? Når vi høyrer at kristne barn i Tyskland no konverterer til islam, gjer vi nok? Det trur eg ikkje. Det totalitære instituttet som er Den europeiske union må falle. Lat meg vere tydeleg, eg trur ikkje på reformer. Når grunnlaget for vår institusjon er ròte, og det er tilfellet i Brüssel, kan du byggje so nytt eit hus som du vil på toppen, men det kjem likevel til å falle saman.
So det einaste svaret er at Tårnet i Babel må øydeleggjast. Mine damer og herrar, vi er døtrene og sønene til dei største nasjonale på Jorda. Og vi lyt spørje oss sjølve: kva har skjedd med oss? Kor kjem vi frå? Og, viktigast av alt, kor er vi på veg? Elitane våre har erklært krig mot oss, og no er det på tide å gå i Guds harnisk, kjempe tilbake og vinne. Takk so mykje.
Talen til Eva Vlaardingerbroek kan sjåast her. Omsett av redaktøren i Saksyndig.
