Russia Today (RT) skriv:
Det kan vere noko med SpaceX-sjefen Elon Musk sine meiningar om utanomjordiske sivilisasjonar, har generaldirektør i Roscosmos, Yury Borisov, sagt.
I ein tale under ein konferanse på Milken Institute i Los Angeles sist måndag [6.mai 2024] spekulerte Musk i om romsondar til slutt ville finne leivningar etter eldgamle sivilisasjonar i rommet.
«Musk er ein autoritet på dette, vi burde truleg tru på han,» sa Borisov til TASS på tysdag, då han vart spurt om kommentarane til tech-gründeren.
Roscosmos har vore vennlege rivalar med SpaceX dei siste åra, då NASA byrja å delegere størstedelen av amerikanske romfartsprosjekt til Musk sitt private selskap.
«Vi ønskjer å sikre oss at Apollo[programmet] ikkje er høgdepunktet» i menneskeheita si utforsking av rommet, argumenterte Musk på måndag på Milken Institute-arrangementet.
Musk, då han forklarte si langvarige argumentering for at menneskeheita må vere ein «fleirplanets-sivilisasjon», argumenterte at alle artar som mislykkast i dette i grunnen berre sit og ventar på å bli utsletta.
«Vi ønskjer å kome oss gjennom Fermi-filteret, som er å vere ein enkeltplanets-sivilisasjon,» la Musk til. «Dersom vi sender sondar ut der, kan vi kanskje finne leivningane av for lengst utdøydde utanomjordiske sivilisasjonar.»
Derimot avfeia Musk tanken om at romvesen kanskje vitjar jorda eller at dei bur blant oss – dette meiner han er henta ut av Hollywood.
«Eg har ikkje sett nokon evidens for romvesen» på planeten vår, sa Musk, og la til at SpaceX sitt Starlink-system har rundt rekna 6000 satellittar, «og ikkje éin gong har vi måtte manøvrere rundt ein UFO.» Dette fråværet av utanomjordiske gjester antydar faktisk at «sivilisasjon er risikofylt og sjeldan», la han til.
Musk har nyleg snakka om sine planar om å kolonisere Mars innan 2050, og å byggje ein flåte på 1000 romskip det neste tiåret.
Borisov tok over Roscosmos i juli 2022, og har tidlegare tent som vise-statsminister for forsvar og romfartsindustri. Medan Musk har gjort det til sin besettelse å reise til Mars, har Borisov vore primus motor i å utvikle kraftigare rakettmotorar og byggje ein russisk romstasjon som skal erstatte den aldrande ISS.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
