Russia Today (RT) rapporterer:
Russland vil gjere alt i si makt for å hindre ein «global konflikt», men vil i tillegg heller ikkje tillate nokon trugslar mot landet, sa president Vladimir Putin i sin tale til Fredsdags-militærparaden i Moskva.
Under arrangementet som feira 79-årsdagen for sigeren over Nazi-Tyskland, sa Putin at det russiske militæret «alltid er årvakne» og klare til å forsvare suvereniteten til landet.
«Vesten vil gjerne gløyme leksene som vart lærte under Andre verdskrigen, men vi hugsar at lagnaden til menneskeheita vart avgjort i storslegne slag nær Moskva og Leningrad, so vel som andre byar,» sa Putin.
Presidenten la vekt på at Russland «opplever ein vanskeleg milesteinsperiode» i historia si, og sa at lagnaden til landet er avhengig av kvar enkelt russar. «Vi feirar denne Fredsdagen under vilkåra til spesial-militæroperasjonen – alle deltakarane i den, dei som er på frontlinjene – dei er våre heltar. Vi bøyer oss for deira uthald og offer. Heile Russland er med dykk,» sa Putin.
Den russiske leiaren understreka at landet hugsar alle dei som miste liva medan dei kjempa mot nazistar og dei som vart drepne under Ukraina-konflikten. Han æra deira minne med eit minutts stillheit.
«9.mai [sic] er alltid ein svært kjensletung, treffande dag… Fredsdagen sameiner alle generasjonar. Vi går framover basert på våre fleire hundre år gamle tradisjonar, og har tillit til at saman vil vi sikre ei fri, trygg framtid for Russland,» la Putin vekt på.
Talen til presidenten enda på tradisjonelt vis med kanonskot og den russiske nasjonalsongen.
Militærparadar og andre arrangement som feira Fredsdagen finn stad i over 300 byar i Russland. I meir enn eit tiår no har feiringa òg inkludert ein massiv sivil marsj kjent som Det udødelege regiment, der folk ber med seg portrett av slektningar som kjempa mot nazistane under krigen. Dette året vart seremonien avlyst på grunn av tryggleiksomsyn.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
