Avskilta Merete møter Satan

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er fiktive.

Merete haltar støl, øm og sliten gjennom rommet etter ei natt djup søvn som like gjerne kunne ha vore koma. Klokka er halv seks og ho skal pine seg gjennom nok ein lang dag som vaskekjerring i vikarbyrået KarmaCare. Ho er kledd i den musegrå, tunika-aktige uniforma og dei mørkegrå tightsa. Logoen til KarmaCare er godt synleg på venstre bryst. Perleøyredobbane glitrar grelt i det uvennlege lyset frå kjøkkenet. Sølvsmykket med det diamantglitrande, hjarteforma anhenget heng slapt og livlaust som eit hengt menneske i det Merete bøyer seg over disken for å opne eit brev som er stila til ho.

Brevet er frå Statens helsetilsyn. Ho hevar augnebryna undrande, før ho opnar det. Dei vakre, lyseblå auga glir over teksten. Ho krympar seg, sjølv om dette ikkje kom som ei overrasking.

«Bla-bla-bla… Etter vår vurdering er De uskikket til å inneha autorisasjon som sykepleier… Bla-bla-bla… Jamfør bekymringsrapport datert… Bla-bla-bla… Vi har gjort vedtak om å tilbakekalle deres autorisasjon… Bla-bla-bla… Atferd og holdninger som er uforenlige med sykepleierfaget… Bla-bla-bla… De har ikke lenger rett til å jobbe som eller å kalle Dem sykepleier… Bla-bla-bla… Vedtaket kan påklages innen fire (4) uker fra nevnte dato…»

Merete himlar med auga, knurvar saman brevet og kastar det i bosskorga. Ho kjem ikkje akkurat til å sakne yrket. Det er alle mordrundane ho kjem til å sakne.

«Merete?» lyd stemma til ektemannen frå soverommet. – «Er du oppe allereie?»

«Ja, eg må på jobb,» seier ho.

«I dag igjen? Det er jo laurdag.»

«Og so? Dei treng meg kvar dag

«Kan du… Kan du suge meg kjapt før du fer? Eg skal møte nokon kompisar i dag, og vi stikk kanskje på kamp på Brann stadion, før vi stikk på byen.»

«Kos deg.» Ho står i døra og smiler falskt til han. Han ligg der i senga med ein stiv, struttande kuk og ser på ho som ein tiggande hund. Ho sukkar og himlar med auga. – «Greitt, eg skal suge deg. Men ikkje sprut over uniforma, eg har ikkje fleire reine. Dei er KarmaCare sin eigedom.»

«Øh, okei…!» Han smiler kått i det Merete klyv grasiøst opp i senga og gaper verdstrøytt over kukhovudet.

Ho syg ivrig i veg på rein automatikk. 28 sekund seinare kjem han med stønn og rabalder i kjeften på ho, og ho svelgjer unna all sæden. Ikkje fordi ho ikkje vil få søl på uniforma, men fordi ho er so jævla svolten og ikkje har tid til å ete frukost.

Med ein mage full i sæd travar ho av garde gjennom den aude 15-minuttsbyen Horisont. Ein drone surrar over ho og følgjer kvar ei rørsle. Ute er det kaldt, men vakkert. Snart vil det bli varmt og fullt i folk her ute.

Ho når akkurat bussen borte ved Salhuskrysset. Det er berre ho og sjåføren om bord. Hennar bleike ansikt skin i det grelle lyset frå bussen når den køyrer gjennom det vakre sommarlandskapet. Snart fer dei langs motorvegen, som er so godt som tom for bilar. Alle ligg og søv.

20 minutt seinare spaserer ho med raske steg gjennom gata bort til den gigantiske bygningen som huser KarmaCare. Ho slepper ut ein rap det stinkar sæd av, før ho bruker nøkkelkortet for å kome seg inn i bygningen. På denne tida er ho der heilt åleine. Leiinga kjem neppe i dag.

Snart er ho kledd i svart, skinande forkle og mørkegrå gummihanskar, væpna med ei vogn med sitt «arsenal» av vaskesaker. Ho tek heisen opp til øvste etasje. Ho byrjar alltid på toppen og jobbar seg nedover, for her gjeld det å ha tyngdekrafta på si side. Toppleiinga held dessutan til på toppen, og der er det desidert mest griseri å vaske opp. Ho slepper ut nok ein «sædrap» i det heisdørene opnar seg.

Det er blod, sæd, avføring og oppkast frå tak til golv. Det ser ut som dei har ofra ei kvige her inne – noko dei utan tvil har. Det er jo fullmåne denne helga. Blondina skrider til verket og byrjar å desinfisere landskapet. Sola stig meir og meir over horisonten medan Merete jobbar og slit. Dette blir ein lang dag – om den i det heile tek slutt.

Den avskilta sjukepleiaren jobbar seg nedover etasje etter etasje. Toppetasjen var verst, men det blir mindre å vaske dess lågare etasje ho er i. Magen rumlar av svolt klokka tolv, og ho er so tørst at munnen støvar. Ho har gått ned minst ti kilo etter at ho byrja å jobbe i KarmaCare, og ho var relativt tynn frå før av. No er ho snart berre skinn og bein, ein bleik skugge av den dødsengelen ho var i sine velmaktsdagar.

Ho er so sliten at ho held på å daude, men ho har mykje arbeid igjen enno.

Ettermiddagen går sin gang. Merete støvsugar fleire kvadratkilometer med grått vegg-til-vegg-teppe i ymse kontorlandskap. Ho tørkar støv av alle yter og vaskar kvart eit skrivebord. Her sit folk og bruker karrieren sin på bullshit­-jobbar, før dei ein vakker dag tørnar og dukkar opp på arbeid med eit skytevåpen. Eller hoppar ut vindauget til den sikre død. Det er vel ein grunn til at dei tilsette som har det mest jævleg har kontor på bakkenivå. Ho er både bleik og svimmel i det ho klokka halv fem trillar vogna inn i heisen for å fare ned i kjellaren.

Dei siste nitti minutta bruker ho på å vaske garderobane og lunsjrommet til reinhaldspersonalet. Magen er tom og blæra er full. Med ei skjelven hand prøver ho å dra av seg gummihanskane, men ho er so sveitt at dei heng fast. Ho har hatt dei på so lenge at ein del av ho fryktar at dei har grodd fast. Ho må brått støtte seg i veggen, overmanna av svimmelheit og ei kjensle av å svime av. Synleg uvel og sliten hinkar ho seg inn på det vesle kottet der vaskevogna skal stå. Deretter tek ho alle klutane og hiv dei i den kraftige industrivaskemaskina. Programmet bruker 35 minutt, og når maskina er ferdig, er ho òg det.

Merete bryt brått saman i ukontrollert gråt. Ho står der med ansiktet i gummihendene og grin og hikstar ho heile den skinnmagre, utpinte kroppen ristar. Kvar ein muskel verkar. Ræva hennar har ikkje smakt eit sete sidan ho gjekk av bussen klokka seks denne morgonen.

Fyrst då maskina er ferdig greier ho å bryte ut av denne patetiske gråteseansen. Auga er raude, hovne og såre – Anette Trettebergstuen kunne ikkje ha framvist eit betre gråtebilete. Ho heng alle klutane opp på eit digert tørkestativ. Klokka er halv seks. Med litt flaks kan ho rekkje Kiwi-en rundt hjørnet før ølutsalet stengjer. Ho ser ikkje føre seg at personalet på Folk & Røvere likar at ho kjem dit og byrjar å drikke i uniform.

«Merete!» lyd brått stemma til Vicky, sjefen hennar. Merete snur seg mot ho, ho ser ut som eit dådyr i langlyset på ein bil. Vicky står der kledd i ein svart, tettsitjande kjole med djup, djup utringing. Ho har på seg ein svart choker og eit vidt sølvsmykke med eit pentagram. – «Ferdig på jobb?»

«Ja,» nikkar ho underdanig. Ho held omtrent på å ramle overende. Beina skjelv synleg.

«Vi skal ha fest her i natt òg,» seier Vicky. – «Du lyt kome tilbake i morgon tidleg klokka seks. Bygningen må vere plettfri innan måndag morgon. Då kjem nemleg hovudkontoret frå City of London hit. Kanskje vi må leige møtelokala på Nordre Toppe igjen i neste veke.» Ho flirer då ho ser kor fortvilt utslitne Merete blir. Ho vinkar ho lokkande til seg. – «Ned på kne.» Merete gjer som ho får beskjed om. – «Sleik meg litt. Du har jo arbeidstid til seks. Kanskje litt lenger, hihihi. Vi treng jo nokon som kan servere vin oppe hos oss…»

Merete sitt blonde hovud forsvinn under skjørtet. Snart høyrest høge kysse-, suge- og smattelydar. Og gummihanskane blir på – ho får dei ikkje av.

«Jaaaa, eg trur du blir her i natt…!!» høyrer ho mektige Vicky seie.  

*

Topplause Merete står som ei urørleg statue med eit steinansikt. Auga er oppsperra og pupillane er små. Kva enn slags skummelt gatedop Vicky gav ho, hadde god effekt, som Merete sjølv ville ha skrive i behovsmedisin-permen då ho var sjukepleiar. Ho aner ikkje kva klokka er, men ho er so lys vaken at ho trur ho aldri meir kjem til å falle i søvn. Det som går føre seg framfor det stive blikket kan knapt skildrast i ord. Den mystiske skapningen med horn i panna og klauver på føtene tek regionsjefen i ræva medan resten av leiinga gjev seg hen til kvarandre. Recruiting Manager vinkar Merete til seg, og ho går lydig ned på kne og byrjar å suge han. Gummihanskane har blitt ein del av ho, og ho elskar dei.

Med manisk vidopne auge syg ho éin mann og runkar to andre. Nesten på instruks trekkjer ho seg ut i det den eine mannen kjem, samstundes som dei to andre kjem. Sæd dusjar over ho i kraftig duftande kaker. Ho vil lukke auga, men greier det rett og slett ikkje. Kor høg puls har ho? Det kjennest ut som hjartet skal slå seg gjennom brystkassen. Hadde ho oppdaga so høg puls på ein pasient, hadde ho nok ringt ambulanse, eller funne fram morfin og Midazolam. Ansiktet er fullstendig uttrykkslaust. På innsida er ho ein storm av eufori, kjæte og galskap.

På eit tidspunkt står ho på alle fire og skrubbar golvet pliktoppfyllande etter at nokon har kasta opp. Alt i ho kitlar, det er akkurat som ein byrjande orgasme som aldri utviklar seg, men som heller aldri tek slutt. Vicky kviskrar noko ømt og sensuelt i øyret hennar, men ho greier ikkje å skilje orda. Vicky stryk ho over heile kroppen, og ho greier ikkje å motstå invitasjonen. Snart byrjar ho å kline med sin eigen sjef, som er kliss naken. Noko byrjar å ta Vicky bakfrå. Det er truleg den mystiske Satan-skapningen. Kanskje blir det barn av det, om ikkje det toget er gått hjå den halvgamle hurpa. Eit anna damemenneske byrjar å kysse Merete på halsen, og ho kan ikkje anna gjere enn å late ho halde på, det er jo so herleg.

Eit levande hovud trillar plutseleg bortetter golvet. Merete skvett til i ein slags sakte kino. Ho kan ikkje bevege seg for fort, for då vil hennar eige hovud ramle av. Ho vil ikkje misse hovudet i ein slik situasjon, for ho er jo—eller ho var jo sjukepleiar. Ho sparkar hovudet diskret under bordet før nokon ser det. Slikt tek seg ikkje ut på ein firmafest. Tenk om Arbeidstilsynet finn ut av det – eller verneombodet, som jo har suveren rett til å stengje ein arbeidsplass om arbeidsmiljøet er uforsvarleg!

Ho kjærteiknar det vakre golvet der ho står på alle fire og skrubbar. Nokon grip tak i den blonde hestehalen hennar, og ho underkastar seg umiddelbart den herleg brutale overmakta. Ho bøyer nakken og struttar med ræva, før ho gaper og tek imot den enorme kuken. Det fælslege skremmesynet framfor ho fyller ho med ærefrykt og eufori – no skal ho sende sjølvaste Lucifer til himmels!

Åh, kor store ballar han har! Åh, kor mett ho kjem til å bli! Ho vil måtte spy for å få plass til meir!

*

Merete opnar auga. Ho ligg i eit sterilt rom som ser akkurat ut som eit av bebuarromma på korttidsavdelinga. Ein sjukepleiar stikk hovudet inn døra, og den vesle, grå musa av eit damemenneske kjem inn. Merete ser at nokon har sett inn eit venekateter i venstrearmen. So dei fekk av ho hanskane til slutt, altso!

«Heisann, der var du vaken,» seier sjukepleiaren. – «Korleis føler du deg?»

«Ja, eg lever no,» svarer Merete. – «Kva er klokka? Kor er eg? Kva dag er det?»

«Klokka er halv elleve om føremiddagen måndag,» svarer sjukepleiaren med eit forståeleg smil. – «Og du er på Haraldsplass

«Hæ? Kvifor er eg her?»

«Vel… Nokon leverte deg nede på Bergen legevakt sundag i eitt-tida om ettermiddagen. Du hadde visst kollapsa. Ein aldri so liten overdose.»

«Overdose?» Merete ser på ho med store auge. – «Vart eg dopa ned?»

Sjukepleiaren nikkar kort og alvorleg.

«Det kan òg sjå ut som om nokon har… gjennomført samleie med deg,» seier ho. – «Kva er det siste du hugsar?»

«Det… det har du verkeleg ingenting med.» Merete nøkkar kort og brutalt ut venekateteret so den intravenøse væska sildrar ut. – «Eg må på jobb! Det er jo langt på dag!»

Ho sprett ut av senga og landar på golvet. Det er då ho ser at ho har ingenting anna på seg enn ei sjukehusskjorte.

«Kor er kleda mine?!» glefsar ho. – «Kor er uniforma mi? Det er KarmaCare sin eigedom!»

Snart spurtar Merete nedover den bratte bakken frå Haraldsplass og ned til Bybanestoppet. Ho er so svolten at ho kan ty til kannibalisme, men viktigast av alt er no å kome seg på arbeid. Ho tek opp smarttelefonen sin og ringjer Vicky medan ho travar nedover mot det underjordiske Bybanestoppet.

«Hallaisen, Merete,» kurrar Vicky.

«Eg beklagar på det sterkaste at eg ikkje er på arbeid!» klynkar Merete i desperasjon. – «Eg vakna opp på sjukehus! Nokon har dopa meg ned! Eg har sannsynlegvis blitt valdteken av Satan!»

«Slapp heilt av, berre kom når du kjem,» ler Vicky. – «Katarzyna har allereie vaska toppetasjen. Når du kjem hit, kan du møte ho i fjerde etasje. Ikkje tenk meir på det som har skjedd i helga. Og du blir naturlegvis ikkje trekt i lønn, du har jo gyldig fråvær – for å seie det slik… På tysdag må du og Katarzyna forresten vere med på ein ‘firmafest’ på Nordre Toppe. De får ei heil månadslønn for den natta som vanleg.»

«Takk! Tusen, hjarteleg takk!»

«Sjølv takk. Ikkje gløym at vi eig deg…»

Merete held seg til den rumlande magen og vrir på seg. Det boblar både av sæd og sommarfuglar der nede. Ho førebur seg på nok ei veke med hardt, endelaust blodslit.

Kommenter innlegget