Natural News rapporterer:
Ein kenyansk toppadvokat har oppmoda 79 nasjonar om å motstå ein traktat frå Den europeiske union (EU) som vil tvinge landa til å akseptere abort, LGBT-rettar og seksualutdanning for barn.
Advokat Charles Kanjama kom med denne oppmodinga under den andre African Inter-Parliamentary Conference on Family Values and Sovereignty, som vart halden frå 1. til 3.mai i Uganda. Oppmodinga hans vart adressert til 79 land som utgjer Organisasjonen av afrikanske, karibiske og stillehavsstatar (OACPS). Advokaten åtvara at den nyaste versjonen av ein 20 år gammal handelsavtale mellom OACPS og EU, kjent som Samoa-avtalen, trugar verdiane til afrikanske nasjonar.
Ifølgje Kanjama vart handelsavtalen, fyrst kjent som Cotonou-partnarskapsavtalen, opphavleg laga for å mogleggjere «fortrinnsbasert tilgang til europeiske varer og substansar på den afrikanske marknaden». Derimot har EU utvida dette omfanget til å inkludere «menneskerettar», demokrati, fred, tryggleik og sosialutviklingstema.
Han forklarte at «menneskerettar» i EU inkluderer «seksual- og reproduksjonshelse og -rettar, som i praksis kan tvinge afrikanske nasjonar til å samtykkje til LGBTQ, abort og seksualundervisnings-«rettar». Med tanke på dette, la Kanjama vekt på at traktaten bruker «forskjønnande språk» for å snikinnføre i avtalen desse «rettane» som seier imot deira kulturelle og moralske tru. […]
Advokaten var rådgjevar for representantar frå dei afrikanske nasjonane som er del av OACPS, som var til stade på tredagarskonferansen for å studere ein analyse av traktaten gjort av Family Watch International (FWI). Ifølgje den Arizona-baserte lobbyist-organisasjonen, inneheld Samoa-avtalen øydeleggjande klausular – saman med tvitydig og udefinert terminologi – som potensielt kan bli utnytta for å fremje agendaer relatert til abort, LGBT-rettar og seksualundervisning.
FWI sette søkjelys på at avtalen påbyr dei som skriv under å «setje i verk tiltak for å hindre, bekjempe og straffeforfølgje alle former for seksual- og kjønnsbasert vald og diskriminering». Dei legg òg vekt på «kor viktig det er å takle alle faktorar som bidreg til valdeleg ekstremisme i alle sine former, inkludert religiøs intoleranse, hattale, xenofobi, rasisme, so vel som andre former for intoleranse».
Medlemsnasjonar blir pressa til å skrive under ut av frykt for å bli ekskludert frå handelsmoglegheiter
Fleire OACPS-nasjonar, inkludert Nigeria og Zambia, vurderer no avtalen som respons på forslaga til Kanjama. Lagos har sagt at dei no går gjennom avtalen for å sikre seg at provisjonane ikkje går imot Nigeria sitt innanlandslovverk. I mellomtida har Windhoek [hovudstaden i Namibia; oms.an.] kome med ei ministermelding der det står at fleire traktatprovisjonar «ikkje er i tråd med den namibiske grunnlova».
Men Kanjama meiner at sjølv om Samoa-avtalen har sine feil, føler mange OACPS-land press om å skrive under fordi dei er redde for å bli ekskluderte frå handelsmoglegheiter med Brüssel. Ifølgje advokaten vil den mest ønskjelege løysinga vere å endre på traktaten og overtyde EU sine 27 medlemsstatar om å samtykkje til slike endringar.
«Ærleg tala er den einaste måten [nokon] endringar kan fungere på, er dersom [OACPS-medlems]land avviser eller trenerer ratifiseringsprosessen til traktaten, og deretter kjem med press for å få traktaten forhandla om igjen,» forklarte han.
Bortsett frå dette føreslo Kanjama òg at OCAPS-medlemsland kjem med reservasjonar eller kjem med vilkårserklæringar før dei sluttfører traktaten. Ei vilkårserklæring, forklarte Kanjama, tillèt ein stat å godkjenne ein traktat under det vilkåret at visse provisjonar blir tolka på ein spesifikk måte.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
