Natural News melder:
Den russiske presidenten Vladimir Putin har gjeve ein innanlandsk produsent av måling løyve til å kjøpe opp BASF Vostok, ein filial av den tyske kjemikaliegiganten BASF, etter at dei trekte seg ut av landet som respons på Ukraina-konflikten.
Det innanlandske føretaket, Lakra Sintez, kan kjøpe ut 100% av BASF Vostok sine aksjonar takka vere eit president-dekret som tillèt spesielle tiltak på grunn av dei «uvennlege handlingane gjort av enkelte utanlandske statar og internasjonale organisasjonar». Blant dei tillatne tiltaka under dette dekretet er den mellombelse kverrsetjinga av utanlandske aktiva av russiske statlege byrå i tilfelle der aktiva er vurdert som kritiske for energitryggleik og tileigninga av utanlandske aktiva av russiske føretak.
Lakra Sintez er den største produsenten av målarmateriale i Russland, og dei eig ei rekkje merkevarer innan feltet målar- og konstruksjonsmateriale. Det har vore i drift sidan 1993 og har 1300 tilsette. BASF Vostok vart grunnlagt i 1999 og fokuserer på produksjon av måling, lakk og trykksverte.
Ein trur at trekket er ein respons på liknande trekk tekne av ei rekkje vestlege land, spesielt mot den russiske energigiganten Gazprom, der den russiske staten eig majoriteten og er verdas største eksportør av naturgass. Til dømes tok Warszawa ein andel på 48% eigd av Gazprom i det delte føretaket Europol Gaz, som eig den polske delen av Yamal-Europa-røyrleidningen. På liknande vis tok tyske styresmakter over Gazprom Germania i juni 2022.
BASF er det største kjemikalieselskapet i verda, og tente nesten 94 milliardar dollar i fjor, og hadde 112 000 tilsette fordelt på sine 234 globale produksjonsfasilitetar.
Selskapet erklærte i mars 2022 at dei kom til å trekkje seg ut av både Russland og Kviterussland som ei følgje av Russlands invasjon av Ukraina. På den tida skreiv dei at dei «fordømmer sterkt det russiske åtaket på Ukraina», medan dei erklærte at dei to landa utgjorde rundt éin prosent av deira totale sal i 2021.
EU har tenkt å sende profitt frå frosne russiske aktiva til Ukraina
Samstundes har Den europeiske union kome fram til ein avtale som vil late dei kverrsetje profitten tent av russiske aktiva som dei har frose for å finansiere bistand og våpen til Ukraina sin krigsinnsats.
Senior-diplomatar gav grønt lys for å bruke profitten, som er estimert å liggje på totalt 4,4 milliardar euro, for å hjelpe Ukraina. EU var visstnok bekymra for dei potensielle juridiske konsekvensane av det å kverrsetje alle aktiva, men bestemte at Moskva hadde ingen rett på profitten, og at å gje den til Ukraina ville vere eit akseptabelt trekk.
Medlemsstatane til blokka har bestemt at dei vil bruke 90% av profitten på våpen for Ukraina, medan dei gjenverande 10% vil bli brukt på ikkje-dødeleg bistand. Denne oppdelinga vart laga for å gjere til lags land som ikkje er viljuge til å finansiere våpen, slik som Ungarn, Austerrike og Island.
President i Europakommisjonen, Ursula von der Leyen, skreiv på X: «Der kan ikkje vere eit sterkare symbol, og inga betre nytte for dei pengane enn å gjere Ukraina og heile Europa til ein tryggare stad å bu.»
EU-ambassadørar diskuterer no å avgrense flyten av russisk flytande gass gjennom Europa i det som vil bli den 14.runden med sanksjonar mot dei.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
