Personar dømt for sexmisbruk av BARN får betalt av George Soros for å skrive pedofile kjærleikshistorier!

Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv:

George Soros sin Open Society Foundation finansierte ein serie av noveller skrivne av personar som har valdteke barn, som presenterer pedofile i eit sympatisk lys og inneheld «kjærleikshistorier» som involverer vaksne menn og unge gutar.

Soros, som stappar pengane der kjeften hans er, har slutta seg til rekkjene av det internasjonale nettverket av liberale aktivistar som er fast bestemt på å normalisere pedofili og avkriminalisere sex med barn i den vestlege verda.

Pedofile prøver å om-marknadsføre seg sjølve som «MAPs» eller Minor Attracted Persons [«person som er tiltrekt av mindreårige»], i eit forsøk på å normalisere pedofili og oppnå aksept i hovudstraumssamfunnet ved å bli inkludert i den stadig veksande LGBT+-samfunnsparaplyen.

Prosjektet til Soros som finansierer pedofile kjærleikshistorier prøver å røre ved hjarterøtene til folk ved å hevde av pedofile er misforståtte og marginaliserte menneske. Dei påstår at pedofile som søkjer samtykket til viljuge barn, ikkje burde bli gjort om til skurkar og kriminelle som driv med seksuell mishandling.

Den fyrste Soros-finansierte artikkelen – My Gay Prison Gang Fights Neo-Nazis [«Min homofile fengselsgjeng kjempar mot nynazistar»] – er kløktig laga for å røre ved liberale hjarterøter, og fortel den visstnok sanne historia om ein fange som ser nazistar banke opp ein som har seksuelt misbrukt barn – eller «Chomos» [forkorting for child molester] som dei blir referert til – og bestemmer seg for å stille seg på dei pedofile si side.

Forfattaren fortel korleis han sjølv ville ha ignorert denne valden sidan han sjølv var ein stor mann som ikkje var i slik ein fare. Forteljinga hans tek deretter ei «romantisk» vending då han møter ein «vakker liten gut» ved namn Peter, som òg var dømt for seksuelt misbruk av barn.

Til slutt døyr Peter på grunn av fengselsvald, og det er her forfattaren tek avgjerda:

«Når ein person blir forfølgt og misbrukt, og der er noko eg kan gjere med det, spesielt dersom den personen er min homofile er transseksuelle bror eller syster, då er det mitt problem.»

Dennis Mintun, forfattaren av artikkelen, sonar for tida ein dom på 45 år i Idaho State Correctional Institution for tre tilfelle av seksuelt misbruk av barn under 16 år. Om berre nokon med hans ønske om å beskytte misbrukte fanst då han sjølv dreiv og misbrukte barn.

Brotsverka til Mintun var alvorlege. Han vart ikkje «forfølgt» for sine tilbøyelegheiter, han vart straffeforfølgt og dømt for seksuelt misbruk av unge gutar som var høvesvis sju, ni og ti år gamle.

Teksten hans dukka opp i Vox og vart publisert «i samarbeid» med Marshall Project, ein nonprofitt som har fokus på strafferettssystemet. Dei som finansierer prosjektet inkluderer framtredande organisasjonar, som naturlegvis inkluderer Soros sitt Open Society.

For ikkje å berre peike ut George Soros åleine, so har ein bråte andre prominente, storslegne skapningar òg investert pengar i dette føretaket, inkludert Rockefeller Family Fund og John D and Catherine T MacArthur Foundation.

Å prakke på oss ei forteljing

Det vi ser er ein innsats frå velfinansierte grupper for å gjere pedofili meir akseptabelt i den offentlege sfæren.

Nyleg vart ein TEDx-presentasjon trekt tilbake etter offentleg motbør. Føredraget hadde tittelen «Pedophilia is a Natural Sexual Orientation», og skulle få oss til å føle medynk for ein ung mann ved namn Jonas. [Nemnde lenkje informerer «Denne videoen er fjernet fordi den er i strid med YouTube-retningslinjene for brukere»; oms.komm.]

Føredragshaldaren, Mirjam Heine, byrjar føredraget slik:

«Jonas har ei hemmelegheit som han trur han ikkje kan dele med nokon – ikkje eingong hans beste venner eller foreldra. Han er rett og slett for redd for sinne, avvising og fråstøyting. Jonas veit at han må undertrykkje seksualdrifta si heile livet. Og han veit òg at der aldri vil finnast eit kjærleiksfullt og rikt partnarskap han kan bli del av. Fordi Jonas er pedofil.»

Igjen skal dette få oss til å føle medynk for nokon fordi han aldri kan få eit «kjærleiksfullt partnarskap» eller bli elska på den måten han ønskjer.

New York Times publiserte ein meiningsartikkel i 2014 med tittelen «Pedophilia: A Disorder, Not a Crime» [«Pedofili, ein sjukdom, ikkje eit brotsverk»], der forfattaren argumenterte at samfunnet gjer ei bjørneteneste overfor pedofile som ikkje har utført nokon brotsverk. Likevel seier ho òg at «Det er berre rett og rimeleg at ein pedofil ikkje burde bli tilsett som barne- eller ungdomsskulelærar». Å antyde på den eine sida at desse folka blir urettferdig stigmatisert, medan ein seier på den andre sida at dei ikkje burde få kome i nærleiken av barn, ser ut til å vere eit paradoks som støttespelarane til pedofile enno har til gode å løyse.

Å så forvirring

Hjernane bak dette prosjektet vil ha oss til å sjå på pedofile som offer for genar og eit vondskapsfullt samfunn som ikkje tilbyr dei løysingar. Ved å gjere dette unngår dei å kome med argument som kan motargumenterast. Dei ønskjer berre å så tvil i hjarta til vanlege folk.

Når øydelegging av sosiale normer blir drivkrafta bak ein organisasjon, er det samfunnet, lokalsamfunnet og til slutt individa som blir skadelidande. I dette tilfellet ser det ut til at dei framtidige offera for dette storslegne prosjektet blir barna.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg «Gunnar Tjomlid og barneporno: Tok han på seg rolla som Djevelens advokat?», publisert 6.februar 2022.

Kommenter innlegget