Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice skriv:
Den verdsanerkjende føredragshaldaren i medisin, dr. John Campbell, har åtvara at nesten alle vaksinerte pasientar blir råka av slag kort tid etter at dei får covid-19-mRNA-sprøyta.
Ifølgje dr. Campbell viser data frå ein medisinsk kasus-studie frå Harvard Medical School ei historie av hjerneskade, spesifikt cerebral iskemi (mangelfull blodforsyning til hjernen), forårsaka av Moderna sine mRNA-covid-vaksinar.
«Dette kunne ikkje ha vore ein meir alvorleg rapport,» erklærte Campbell torsdag [16.mai 2024].
Infowars.com rapporterer: Legen diskuterte hjerneskanningsbilete frå studien som viste mørke onråde i hjernen, noko som indikerer mangel på blodforsyning til dei regionane på grunn av at blod samlar seg opp i andre regionar, noko som i sin tur skaper over- og undertrykk i ulike delar av hjernen.
«24 timar etter å ha fått sin fyrste dose av Moderna sin covid-19-vaksine, utvikla ei 30 år gammal kvinne alvorleg hovudverk. Tre veker seinare vart ho innlagt med subakutt hovudverk og forvirring,» står det å lese i kasus-studien i ‘Saksoppsummering’-seksjonen. «Bilete viste fyrst spreidd kortikal trombose med eit forhøga opningstrykk ved lumbarpunksjon. Eit eksternt dren vart lagt inn, men ho hadde stadig forhøga trykk i kraniet. Til slutt måtte ho få ein hemikraniektomi [fjerning av halve kraniet; oms.an.], men cerebral ødem som ikkje kunne behandlast resulterte i hennar død. Patologien var i samsvar med trombose og tilknytt betennelsesrespons.»
Legen forklarte korleis det medisinske teamet arbeidde på vaksineofferet, og opna opp hovudet hennar etter å ha prøvd mange andre teknikkar og behandlingsmetodar.
«So det høyrest ut som at det dei gjorde var å prøve å få ned trykket, so dei tok faktisk vekk noko av sida på skallen for å prøve å få ned trykket, som er temmeleg drastisk,» sa han.
Campbell snakka om korleis vaksineofferet allereie hadde covid, noko som tyda at ho burde ha hatt naturleg immunitet, og at ho ikkje burde ha blitt vaksinert med tanke på både det faktum og hennar unge alder.
Dr. Campbell forklarte at forskarane ikkje visste kvifor trykket inni hovudet på vaksineofferet var so høgt, men det han ka vore på grunn av den cerebrale auto-reguleringsfunksjonen (at hjernen regulerer si eiga blodforsyning).
Dr. Peter McCullough diskuterte òg denne kasus-studien på sin Substack.
«Vi er i ferd med å bli vande med uventa dødsfall etter covid-19 blant unge personar som har teke éin eller fleire injeksjonar av covid-19-vaksinen. Det er viktig å innsjå at ikkje alle dødsfall etter vaksinasjon er hjarterelaterte,» sa McCullough.
Avslutningsvis diskuterte Campbell korleis farmasiindustrien byggjer mRNA-fabrikkar rundt om i verda for å produsere denne nye genterapi-teknologien i ein skala som med jamne mellomrom kan vaksinere heile den globale befolkninga.
Mange har byrja å referere til covid-genterapi-injeksjonane som «dødelege injeksjonar».
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
