Sjå òg «Dead Internet Theory: ‘Døydde’ eigentleg Internett i 2016-2017?», publisert 21.november 2023.
The National Pulse melder:
Ein ny studie antydar at store mengder innhald på Internett er i ferd med å forsvinne, noko som utfordrar oppfatninga om at nettet er eit permanent lager for informasjon. Forskinga, som vart publisert av Pew Research Center, indikerer at betydelege mengder nettsider og nettinnhald har gått tapt i løpet av det siste tiåret.
Ifølgje studien er 38% av dei nettsidene som eksisterte i 2013 ikkje lenger tilgjengelege. Endå meir nyleg innhald har òg tendens til å forsvinne; åtte prosent av sider frå 2023 er allereie utilgjengelege. Denne trenden finn hovudsakleg stad når sider blir sletta eller flytta rundt om på nettsider som elles er oppe og går, heller enn når heile nettsider blir fjerna frå nettet.
Tapet av innhald har påverka ymse sektorar, inkludert nyheits- og statlege sider. Mest merkbart inneheld 23% av dei analyserte nyheitssidene minst éin daud link, og 21% av statlege domene viser liknande problem. Wikipedia, ei mykje brukt referanseside, lid òg av dette problemet, der 54% av sidene har minst éin daud link i referanseseksjonen.
Det forsvinnande innhaldet er ikkje berre avgrensa til nettsider; sosialmedie-plattformer er òg råka. Studien fann ut at rundt 20% av Twitter-meldingar forsvinn frå plattforma innan nokre månader etter at dei har blitt lagt ut.
Forskarar samla funna sine ved å undersøkje nesten ein million nettsider ved å bruke Common Crawl, ei teneste som arkiverer betydelege delar av Internett. Dei spora deretter tilgjengelegheita til desse sidene frå 2013 til 2023. Analysen deira avdekte at 25% av arkiverte sider i det tidsrommet ikkje lenger er tilgjengelege. Av desse hadde 16% opphav i eksisterande nettsider, medan 9% kom frå nettsider som no er lagt ned.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
