NIH-direktør Francis Collins innrømmer at pandemisk regel om sosial avstand IKKJE var basert på vitskapleg evidens i det heile

Richard Brown i Natural News rapporterer:

Eit nyleg offentleggjort vitnesbyrd frå tidlegare direktør for National Institutes of Health (NIH), dr. Francis Collins, avslører at regelen om 6 fot [1,82 meter] sosial avstand under Wuhan-koronavirus (covid-19)-pandemien ikkje var basert på vitskapleg evidens, men i staden var eit improvisert tiltak.

16.mai offentleggjorde leiar i House COVID-19 Select Subcommittee, representant Brad Wenstrup (republikanar, Ohio) ein transkripsjon av Collins-intervjuet, som gjekk føre seg bak lukka dører med lovgjevarar i januar. Transkripsjonen dekte ei rekkje tema om covid-19, inkludet lab-lekkasje-teorien og retningslinjene om seks fot avstand som vart mykje fremja av den tidlegare medisinske rådgjevaren i Det kvite huset, dr. Anthony Fauci, og tidlegare covid-19-responskoordinator dr. Deborah Birx.

(Sjå òg «Trumps tidlegare Covid-19-rådgjevar innrømmer at ho og Fauci dikta opp ‘vitskapen’ bak sosial avstand og nedstengingar», publisert 27.juni 2022.)

Når han vart spurt om opphavet til seksfotsregelen, bekrefta Collins at der ikkje var nokon vitskapleg evidens som støtta den. Han sa at Fauci hadde sagt at seksfotsavstanden «so å seie berre dukka opp». Collins innrømte at han ikkje hugsar nokon evidens for avstanden, og sa at han ikkje hadde sett det verken før eller sidan.

Vitnesbyrdet gjev meir støtte til bekymringane om at enkelte avgjerder under pandemien vart gjort utan vesentleg vitskapleg belegg. Fauci og andre helsetenestepersonar sa at dei tok avgjerdene i god tru basert på data som var tilgjengelege på den tida, og tilpassa retningslinjene etter kvart som ny informasjon dukka opp.

Under dei tidlege stadia av covid-19-utbrotet i 2020 kom Centers for Disease Control and Prevention (CDC) med råd om å halde minst seks fot avstand for å hindre viruset i å spreie seg [i Noreg var det to meter; oms.an.]. Denne retningslinja hadde som intensjon å minimere nærkontakt og redusere overføring på offentlege stader og forsamlingar. […]

Men CDC si noverande retningslinje frå april 2024 reflekterer ei meir nyansert tilnærming til temaet. Den erkjende at der ikkje finst nokon fastslått sikker avstand, og av virusspreiing er avhengig av fleire faktorar, inkludert ventilasjon, kor tett folkemengda er, og kor lenge ein blir eksponert. Epoch Times har etterlyst kommentar frå CDC om Collins sine kommentarar og det vitskaplege grunnlaget for retningslinja om seks fot avstand, men har i skrivande stund ikkje fått noko svar.

Sosial avstand påverkar mentalhelsa negativt

I mars oppdaterte CDC retningslinja si, og antyda at covid-19 burde bli behandla slik som andre luftvegsvirus. Den oppdaterte retningslinja set fokus på kor upraktiske virus-spesifikke tiltak er, med tanke på kor vanlege luftvegssymptom er, og legg vekt på ei einsretta, praktisk tilnærming til smittekontroll.

Langvarig isolasjon og strenge tiltak slik som seksfotsregelen, skulestengingar og stenging av føretak har blitt kritisert for sin negative påverknad på den mentale og fysiske helsa. Den amerikanske psykologiforeininga sette søkjelys på det «kollektive traumet» som amerikanarar opplevde på grunn av pandemiresponsen, og viste til studiar som viser auka førekomst av angst, depresjon og andre mentalhelseproblem.

Forskarar har indikert at dei langsiktige skadane av nedstengingar er fleire enn fordelane. Ein omfattande studie om effekten av nedstengingar, konkluderte at sjølv om desse tiltaka kan kontrollere spreiinga av covid-19, kjem dei med betydeleg tilleggsskade, inkludert helsekonsekvensar som ikkje er relatert til viruset.

Dr. Scott Gottlieb, ein tidlegare kommisjonær for Food and Drug Adminitration (FDA) under president Trump, kritiserte seksfotregelen for å vere vilkårleg, og den negative påverknaden den hadde på folkets tillit til pandemiresponsen.

I eit intervju med CBC-programmet «Face the Nation», forklarte Gottlieb at seksfot-retningslinja var eit kompromiss. CDC hadde fyrst tilrådd ein avstand på 10 fot, men dette vart sett på som «ugjennomførbart» av ein her namnlaus politisk utnemnt i Trump-administrasjonen, noko som førde til at seksfot-regelen vart innført.

Gottlieb la vekt på at både tilrådinga om 10 fot og den om seks fot mangla vitskapleg grunnlag, og sette fokus på «mangelen på rigiditet» når det gjaldt folkehelsetilrådingane til CDC. Han sa at mange trudde seksfot-regelen var basert på eldre studiar om influensa, som antyda at dropar ikkje reiser lenger enn seks fot. Derimot viser meir nyleg forsking at covid-19 kan bli overført via aerosolar, som kan reise mykje lenger enn dropar.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget