Tyskland avkriminaliserer BARNEPORNO – Propedofile aktivistar krev at den seksuelle lågalderen blir seinka til TOLV ÅR!

Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv:

Propedofile aktivistgrupper feirar etter at nyheita kom om at Tyskland har bøygt seg for World Economic Forum og avkriminalisert oppbevaring av barnepornografi.

Trekket blir feira av aktivistgrupper som vil ha «rettar for pedofile», og dei har òg kravd at den seksuelle lågalderen må bli seinka til 12.

Propedofili-aktivistgruppa Krumme-13 har òg erklært at dei skal prøve å få omgjort dommane til pedofile som har blitt dømt under den gamle lova, medan dei hevdar at mange pedofile er offer for barn som er ute etter å ha forhold med «pedo-seksuelle».

Det tyske parlamentet (Bundestag) fekk dei påkravde stemmene for å fjerne ein nøkkelseksjon i Straffelova som gjorde straffbart det å oppbevare materiale som viste seksuelt misbruk av barn.

Minimumsstraffa for oppbevaring av barnepornografi vil no bli redusert, og brotsverket vil bli nedgradert til eit mildare brotsverk, ifølgje det nye lovverket; mange av lovbrytarane er rett og slett berre «nysgjerrige» eller «tørstar etter eventyr».

Ifølgje Bundestag, slår lovforslaget fast at «oppbevaring og tileigning burde straffast med ei minimumsstraff på tre månaders fengsel, og distribuering med ei minimumsstraff på seks månaders fengsel. Lovbrota regulert i Seksjon 184b i Straffeloa blir difor klassifiserte som forseelser, og ikkje lovbrot.»

Reduxx rapporterer: Oppbevaring av materiale som viser seksuelt misbruk av barn vart fyrst klassifisert som eit brotsverk i 2021, etter at den føderale justisministeren Christine Lambrecht frå Det sosialdemokratiske partiet (SPD) introduserte ein minimumsdom på eitt år for brotsverket.

Trekket klassifiserte handlinga som eit lovbrot, som det var i tre år heilt til denne nylege nedgraderinga.

Som respons på vedtaket av lovforslaget, sa leiar i foreininga «Tysk barnehjelp – Den permanente barnerepresentasjonen» (Deutsche Kinderhilfe – Die ständige Kindervertretung), Rainer Becker, peikte på at Tyskland ved å endre lova kunne bryte eit direktiv frå EU som klassifiserte barnepornografiske media i kvar ei form som eit alvorleg brotsverk.

Ei opposisjonserklæring frå Den kristne demokratiske union (CDU) og Den kristne sosiale union i Bayern (CSU) vart publisert: «Distribuering, oppbevaring og tileigning av barnepornografi må som prinsipp forbli klassifisert som eit lovbrot,» står det i erklæringa. […]

Logikken bak nedgraderinga av brotsverket til ein forseelse inkluderer mellom anna omtake for foreldre og lærarar, som lastar ned innhaldet for å kunne informere politiet.

«Slike tilfelle har funne stad ganske ofte blant foreldre og lærarar av eldre barn eller unge menneske som fann barnepornografi hjå dei, for deretter å vidareformidle det til andre foreldre, lærarar eller skulestyret for å informere dei om problemet,» står det i Artikkel 1 av lovforslaget.

Lovverket held fram: «Ei nedgradering til ein forseelse er òg sterkt hastande for å kunne respondere høveleg og med den naudsynlege fleksibiliteten på den store andelen unge lovbrytarar. Her òg handlar ikkje gjerningspersonane for å oppnå seksuell opphissing av det barnepornografiske innhaldet, men heller utifrå ei drivkraft som er typisk i den ungdommelege delen av utviklinga, slik som naivitet, nysgjerrigheit, ei tørst etter eventyr eller ønsket om å imponere.»

Derimot, trass at det erkjenner slike omstende, har ikkje lovforslaget kome med visse unntak, men nedgraderer heller oppbevaring av barnepornografi generelt – eit faktum som ikkje har gått forbi ubemerka av propedofile aktivistar.

Trekket har allereie blitt lovprist av ei berykta tysk propedofili-aktivistgruppe. Gruppa, som er kjent som Krumme-13 eller berre K13, har blitt skildra som ein «sjølvhjelpsgruppe»-organisasjon for «pedo-seksuelle».

I eit blogginnlegg skrive av grunnleggjaren, datert 17.mai, klagar K13 over at «ingen politikar i nokon faksjonar bad om orsaking til dei fleire tusentals som vart offer» for 2021-lova som gjorde oppbevaring av materiale som viste seksuelt misbruk av barn straffbart.

[…]

Den berykta gruppa vart grunnlagt av Dieter Gieseking, som gjentekne gonger har blitt sikta for oppbevaring av barnepornografi.

I 1996 vart Gieseking dømt til 18 månaders fengsel, som han sona eitt år av, etter å ha blitt tiltalt for å drive ei postordre-teneste for barnepornografi frå ein varebil. I 2003 dukka Gieseking igjen opp i retten skulda for oppbevaring av barneseksualmisbruksmateriale som han hadde fått tak i mellom juli 1999 og januar 2001. Pornoen vart funnen på datamaskina til Gieseking etter ei ransaking av heimen hans i august 2001. Apparata hans inneheldt til saman 216 biletfiler av nakne barn, og han vart dømt til åtte månader i fengsel.

På den tida vart Gieseking òg skulda for å linke til ei barnepornoside på nettsida si. Denne linken vart oppdaga av jugendschutz.net, ein organisasjon danna av den føderale regjeringa for å beskytte mindreårige på nettet.

I eit 2014-intervju med Taz Online, kravde Gieseking at den seksuelle lågalderen vart seinka til 12 år, og sa at vaksne seksuelle interaksjonar med småbarn ville måtte «diskuterast separat».

«Tabuet knytt til pedofili må no endeleg bli brote på alle nivå i samfunnet. Dersom ein pedofil kan stå fram utan frykt for ekskludering eller til og med demonisering, er dette det beste tiltaket mot seksuelt misbruk av barn,» sa Gieseking til formidlaren.

«For babyar og småbarn og barneskuleelevar, er den seksuelle komponenten i slikt eit ‘forhold’ problematisk. Dette vil måtte diskuterast separat. Frå eit seksualpolitisk perspektiv er ein seksuell lågalder på 12 passande, og det er på høg tid at dette blir innført i dagens opplyste samfunn. Der er gutar og jenter som tek initiativ i eit vennleg og seksuelt forhold med ein pedo-seksuell. Difor treng ein ei reform av straffelova som yter rettferd over alle dei involverte.»

Gjennom K13 driv Gieseking og hans støttespelarar lobbyverksemd for å lågne den seksuelle lågalderen og legalisere barnepornografi. K13 driv òg kampanjar for å avkriminalisere seksuelle forhold mellom vaksne og barn.

«Å legalisere tydeleg sjølvbestemt seksualitet mellom eldre og dei under 14 er det beste vernet mot seksuell vald mot barn,» skreiv Gieseking i ein annan petisjon til regjeringa, medan han kravde avskaffing av Seksjonane 176 [seksuelt misbruk av barn] og 188 [Spreiing, tileigning og oppbevaring av barnepornografisk innhald] i straffelova.

Gieseking har drive lobbyverksemd mot regjeringar for å få endringar i lovverket i fleire år. I fjor haust tok Bundestag imot ein petisjon om barnerettar skriven av Gieseking, som utvidar Artikkel 6 av lova for å leggje til ordlyd om barnerettar, og slår fast at «barn ikkje burde bli sett på som juridiske subjekt med sine eigne rettar».

Blant rettane lista opp i teksten i petisjonen, er fastslåinga om at barn har «retten til å seie sitt i alle tema som påverkar deira emosjonelle, mentale og fysiske velvære», og «retten til den frie utviklinga av personlegdommen deira».

«Seksuell sjølvbestemming» er inkludert i Artikkel 2 i lova i ordlyden «fri utvikling av personlegdom», eit faktum som Gieseking passa godt på å presisere overfor følgjarane av nettsida si.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget