Casse B. i Natural News rapporterer:
Det var ikkje so lenge sidan at legar var generelt respekterte som kunnskapsrike profesjonelle som hadde vigd seg til å redde liv. Dei seinare år har derimot legar byrja å setje profitt over menneske, og tek avgjerder som er til fordel for Big Pharma og deira føringar, men som ikkje naudsynlegvis er til beste for pasientane. Dei komande tiåra kan vi stå overfor nok eit alvorleg problem med medisinomsorg i landet vårt, når bølgjer av studentar som ikkje er akademisk kvalifiserte, men som kom inn på medisinstudiet basert på mangfaldskriterium, etter kvart får ansvaret for å ivareta oss.
For å ta eit konkret døme: David Geffen School of Medicine ved Universitetet i California, Los Angeles. Medisinskulen, som ein gong vart sett på som ein av dei beste i landet, har vesentleg seinka standarden sin, hovudsakleg takka vere ein dekan som er besett av å sleppe folk inn på bakgrunn av DEI [Diversity, Equity, Inclusion / «Mangfald, utfallslikskap, inkludering»].
Fram til ganske nyleg hadde medisinskulen eit utmerka rykte og har i tillegg Nobelpris-vinnarar på fakultetet. Av dei 14 000 studentane som søkjer seg dit kvart år, blir berre 173 tekne inn. Derimot snur trenden no takka vere inntaksdekan Jennifer Lucero. Sidan ho vart utnemnt til rolla i juni 2020, har skulen falle frå sjette til 18. plass på lista. Fleire fakultetsmedlemmer som har fyrstehands-kjennskap til inntaksprosessen til skulen, har sagt at mangfald no går føre meritt [konkrete kvalifikasjonar og faktiske oppnåingar; oms.an.], og resultatet er mindre kvalifiserte klassar som ikkje er førebudd på å lykkast.
I tillegg har talet studentar som stryk på prøvene stige til det tidobbelte i enkelte fag sidan ho tok over – og blant visse kohortar stryk fleirtalet av studentane på standardiserte testar innan emne slik som familiemedisin, pediatri, indremedisin og akuttmedisin. Er det slike folk vi vil skal ta seg av oss?
Ein tidlegare medlem av inntaksstaben på skulen sa at dette fallet i standard gjer den om til ein «mislykka medisinskule».
To inntaktstilsette fortalde korleis Lucero vart steik forbanna då enkelte i inntaktskomiteen uttrykte tvil om å ta inn ein svart kandidat som hadde karakterar som låg langt under adekvat standard.
Ein rasande Lucero snerra: «Visste de ikkje at afroamerikanske kvinner døyr i ein mykje høgare rate enn alle andre?»
Ho sa at poengsummen som kandidaten tente ikkje var viktig fordi «vi treng folk som dette på medisinskulen».
Enkelte inntaktstilsette sa at dei følte seg ukomfortable med tanke på det faktum at delstaten forbyr offentlege skular i California frå å ta rase med som vurderingskriterium i inntaksprosessen. På toppen av det heile utstada Høgsteretten eit forbod mot affirmative action [positiv forskjellsbehandling basert på til dømes rase, kjønn eller andre fagleg usaklege kriterium; oms.an.].
Sidan Lucero vart utnemnt har medisinskulen sett talet asiatiske studentar falle med nesten ein tredjedel frå 2019 til 2022.
[…]
Ein på innsida sa til media: «Eg veit ikkje korleis enkelte av dei studentane har tenkt å bli juniorlegar. Fakultetet opplever ein sjokkerande nedgang i kunnskap blant desse medisinstudentane.»
Ein annan kollega sa seg einig, og bemerka: «UCLA produserer framleis enkelte særs gode avgangsstudentar. Men ein tredjedel til halvparten av medisinskulen er utruleg ukvalifisert.»
Ein professor sa at dei hadde ein student i operasjonsrommet som ikkje greidde å identifisere ein større arterie då vedkomande vart spurt. Studenten snakka deretter ned til professoren, og sa at dei [professoren] audmjuka ho [studenten].
Ein medlem av inntakskomiteen sa til Washington Free Beacon at lista for minoritetar som er underrepresenterte «ligg so lågt som du er i stand til å førestille deg».
«Dei ser fullstendig vekk frå karakterar og det ein har oppnådd.»
Lat oss håpe at DEI-galskapen ikkje tek over for mange medisinskular, eller vi kan stå overfor ei framtid der vi må leggje liv og helse i nevane på ein gjeng ukvalifiserte legar.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
