Tyskland: 1700 ukrainske flyktningar blir kasta ut av leilegheitene sine for å lage plass til afghanske, syriske og tyrkiske migrantar

ReMix News melder:

Ukrainske flyktningar har blitt fortalt at dei berre har nokre veker på å forlate leilegheitene sine.

Då krigen i Ukraina braut ut og fleire hundretusen ukrainarar strøymde inn i Tyskland, var der støtte i bøtter og spann. No hamnar ukrainske flyktningar i stadig aukande grad i baksetet til fordel for andre migrantar, og 1700 av dei har blitt bedne om å forlate leilegheitene sine i Ore-fjella i Sachsen for å lage plass til nykomne.

Distriktskontoret sendte oppseiingsbrev til ukrainarar som budde i 650 leilegheiter i byane Zschopau, Aue og Marienberg, der dei sa til leigetakarane at dei ikkje lenger kom til å ha ei leilegheit innan juli månad, som tydar at dei berre har nokre veker på å finne nye stader å bu.

Desse ukrainarane må lage plass til migrantar frå Syria, Afghanistan og Tyrkia, som for tida gjennomgår asylprosedyrar, men problemet er at 90% av alle tilgjengelege asylbustader er opptekne.

Brevet som ukrainarane mottok sa at dei tidlegare hadde blitt åtvara om at dei måtte finne nye leilegheiter, og det stod å lese: «Av denne grunnen ber vi dykk alle om å straks finne dykkar eigne bustader, og å flytte ut av desse leilegheitene innan 15.juni klokka 12. Frå denne datoen trekkjer vi tilbake bruksretten til leilegheita.»

Ukrainske krigsflyktningar er ikkje dekte av asylsøkjar-ytingar, men har i staden tilgang til den tyske «borgarytinga». Bakdelen med statusen deira er at dei sjølve må skaffe seg stader å bu.

Sachsen er framleis det som kanskje er sjølve fortet til partiet Alternative für Deutschland (AfD), der spørjeundersøkingar har gjeve partiet 34% av stemmene. Parti på høgre sida av AfD, slik som Dei frie saksarane, er òg populære i Ore-fjella.

«Ore-fjella blir òg sett på som eit fort til dei høgreekstreme Frie saksarane,» sa ei uidentifisert kjelde til avisa Bild. «Dersom teltbyar dukkar opp i landlege område no, vil det gje desse høgreorienterte ekstremistpartia ein oppsving.»

Innstrøyminga av migrantar i heile Tyskland har forverra bustadkrisa i landet, og fått distrikts- og delstatlege regjeringar til å trygle den føderale regjeringa om meir midlar og løysingar til utdannings- og bustadkrisa.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget