Anthony Murdoch på nettstaden LifeSite News skriv:
Ein kanadisk mann som var «veldig sjuk» som barn og no lever med eit kronisk handikapp, seier at han føler seg «fullstendig traumatisert» og krenkt etter at han vart tilbode statssanksjonert eutanasi «fleire gonger» i staden for den skikkelege omsorga han hadde behov for då han var innlagt på sjukehus.
Mannen, 49-årige Roger Foley, var fokus i ein kortfilm av filmskapar Amanda Achtman som del av serien hennar Dying to Meet You.
Foley, som snakkar frå sjukehussenga si i videoen som ligg på YouTube [enn so lenge; oms.komm.], seier at han som sjukt barn var «særs ukoordinert og alltid trøytt».
«Og då hadde dei ikkje eigentleg særleg mykje testing for det eg enda opp å bli diagnostisert med. So eg trudde at eg berre var lat, og at eg kunne arbeide meg gjennom det,» sa han.
Foley voks opp med faren sin, som var røyrleggjar og Andre verdskrig-veteran. Han fortalde at han «hadde mykje uthald».
«Og eg trur det vart overført til meg. Då han gjekk bort var det verkeleg tungt,» sa han.
Foley vart spurt om han hadde blitt tilbode eutanasi, eller medical assistance in dying (MAiD) [«medisinsk assistanse til å døy»]. Han bekrefta at han hadde blitt tilbode denne prosedyren, som har vore lovleg i Canada sidan 2016, «fleire gonger».
«Ein gong spurde han meg om eg hadde tankar om sjølvskading. Eg er ærleg med han og fortel han at eg tenkjer på å avslutte livet mitt på grunn av det eg går gjennom, og ikkje får dei ressursane som eg treng for å bu trygt heime,» sa Foley.
«Og ut av ingenting lirer han av seg: ‘Vel, dersom du ikkje får midlar til dette, kan du alltids søkje for assistert… ja, du veit kva eg meiner?’ Du kjenner deg so plyndra.»
Foley kan ikkje eingong «fungere» utan medisinar. Han er heilt avhengig av sjukehuspersonale
LifeSiteNews kunne ikkje nå Foley før publiseringa av denne artikkelen for å stille han meir spørsmål om tilboda om eutanasi.
I videoen sa Foley, som ikkje avslørte den nøyaktige naturen til tilstanden sin, og berre sa at han ikkje eingong kunne «fungere» utan medisin, og at han er «sengeliggjande», at Canada sitt noverande helsesystem ikkje har hjelpt han med å leve livet sitt betre, men i staden berre gjeve han meir å kjempe med.
«Det har fullstendig traumatisert meg,» sa Foley, og la til at no «er det dette overhengande alternativet, der eg, når eg seier eg har sjølvmordslyst, blir møtt med ‘Vel, du veit, sjukehuset har eit program for å hjelpe deg med det dersom du ønskjer å avslutte livet ditt’.»
«Det eksisterte ikkje før MAiD vart lovleg. Men no er det der. Det kjem ikkje til å vere ein augneblink resten av livet mitt der eg ikkje har minne frå dette, devalueringa av meg og alt eg er,» sa han.
På grunn av at Foley ikkje kan gjere sjølv grunnleggjande ting utan hjelp frå ein annan person, måtte han stole på hjelpa av sjukehuspersonale for nesten alt.
Når det gjeld MAiD, observerte han at hovudstraumsforteljinga om at motstand mot MAiD berre kjem frå folk med gudstru, er ingenting anna enn «villeiing» [gaslighting i originalartikkelen; oms.an.].
«Det er den ultimate villeiingsbodskapen. Sjølv om eg ikkje er religiøs, respekterer eg andre menneske som er religiøse. Å seie at det berre er religiøse som er imot eutanasi og assistert sjølvmord, er fullstendig feil,» sa han.
Foley observerte at når det gjeld framtida hans, har han «håp» om at han snart vil bli i stand til å bryte gjennom «systemet» slik at han kan bu heime.
«Det som gjev meg håp er at eg ein gong vil kunne bryte meg gjennom denne titanveggen av eit system, og få tilgang til ressursane eg treng for å bu heime med assistentar som ønskjer å arbeide med meg, og som eg ønskjer å ha med meg,» sa han.
«Og vi kan jobbe saman som eit team… Eg har ein lidenskap for det. Sidan eg jo ikkje ønskjer å gje opp livet mitt.»
I februar, etter motbør frå pro-life, medisinske og mentalhelse-grupper, so vel som frå mesteparten av provinsane i Canada, la den føderale regjeringa under statsminister Justin Trudeau, på is planane om utviding av MAiD-lovverket til å òg gjelde dei som berre lid av psykiske sjukdommar [og ikkje somatiske sjukdommar i tillegg] – utvidinga vart utsett til 2027.
Talet kanadiarar drepne av dødelege injeksjonar sidan 2016 ligg på rundt 65 000, med estimerte 16 000 dødsfall i 2023 åleine, og mange fryktar at fordi den offisielle statistikken blir manipulert, kan talet vere endå høgare.
Sanneleg innrømte Statistics Canada i ei nyleg oppdatering at dei ekskluderte eutanasi frå det totale dødstalet, trass at det er den sjette høgaste dødsårsaka i nasjonane. […]
Omsett og noko forkorta av redaksjonen i Saksyndig.
