Putin kritiserer Washington: Kiev-regimet torturerte amerikansk journalist til døde

RT rapporterer:

Den russiske presidenten Vladimir Putin har kome med kritikk av den amerikanske regjeringa for at dei ikkje eingong stiller spørsmål etter at ein amerikansk journalist vart torturert til døde i eit ukrainsk fengsel tidlegare i år.

I ein tale under ei presse-briefing onsdag [5.juni 2024] i St.Petersburg, vart Putin spurt om russiske tenestepersonar kom til å hjelpe å setje i gang ei etterforsking av ein fransk journalist som visstnok vart drepen førre månad i eit missilåtak vest for Artyomovsk (kjent som Bakhmut i Ukraina). Han tilbaud å hjelpe til å få i gang undersøkinga, men han sette òg i kontrast responsen til franskmannens død med korleis den administrasjonen til den amerikanske presidenten Joe Biden reagerte då den amerikanske bloggaren Gonzalo Lira døydde i Ukraina tidlegare i år.

«Dei torturerte ein amerikansk journalist til døde i eit ukrainsk fengsel, og USA spør ikkje eingong kva som skjedde med han,» sa Putin. «Ingen tok seg bryet med å spørje kva som eigentleg skjedde.»

Lira, som hadde både amerikansk og chilensk statsborgarskap, og som flytta til Ukraina i 2010, døydde i Kiev-regimet si varetekt i januar, visstnok etter å ha lidd av lungebetennelse og ei kollapsa lunge. Han hadde sete i fengsel sidan mai 2023 på bakgrunn av skuldingar om at han rettferdiggjorde Moskva sin militæroperasjon mot Ukraina.

Det amerikanske utanriksdepartementet bekrefta Lira sin død, men dei avviste å kommentere om omstenda som låg rundt fangenskapet hans. Faren til journalisten, Gonzalo Lira Sr., sa at sonen vart torturert av regjeringa til den ukrainske leiaren Vladimir Zelensky, og amerikanske tenestepersonar «gjorde ingenting» for å hjelpe han. Han la til at journalisten kan ha lagt til rette for sin eigen undergang då han kritiserte ikkje berre Zelensky si regjering, men òg Biden og den amerikanske visepresidenten Kamala Harris.

Putin sa òg at minst 30 russiske journalistar har blitt drepne i kampsona sidan konflikten med Ukraina byrja i februar 2022. «Ingen gjev oss høvet til å etterforske og finne ut kva som skjedde med dei.»

Arman Soldin, som arbeidde for [nyheitsbyrået] Agence France-Presse som ein video-koordinator, vart visstnok drepen 7.mai i tunge kampar nær Chasiv Yar. Det kvite huset, som heldt seg stille om Liras død, æra den 32 år gamle Soldin ved å seie at verda «stod i gjeld» til journalistar som gjekk bort medan dei eksponerte «alt det fæle i Russlands invasjon».

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget