Belle Carter i Natural News rapporterer:
USA kan møte «fatale konsekvensar» dersom dei held fram med å ignorere åtvaringane til Russland om å late Ukraina sende USA-forsynte våpen til mål på innsida av Russland.
Dette er den russiske vise-utanriksministeren Sergei Ryabkov sin respons på måndag [3.juni 2024] om den erklærte avgjerda til Biden-administrasjonen å lette på forbodet mot å bruke amerikanske våpen utanfor det som Washington ser på som ukrainsk territorium. Trekket er visstnok avgrensa til eit lite stykke av den russiske Belgorod-regionen relevant til fiendtlegheiter over grensa til den ukrainske Kharkiv-regionen.
«Eg vil gjerne åtvare amerikanske aktørar mot feilkalkuleringar som kan føre til fatale konsekvensar. For ein eller annan uklar grunn undervurderer dei kor alvorleg ein respons dei kan stå overfor,» sa Ryabkov. «Eg oppmodar desse figurane (i USA)… til å bruke litt av tida si, som dei visstnok bruker på eit eller anna videospel med tanke på kor lett dei tek på tilnærminga, til å studere kva som vart sagt i detalj av Putin,» sa Ryabkov, og viste til president Vladimir Putin sine kommentarar førre veke om at NATO-land leikar med elden og risikerer ein djupare globalkonflikt. Putin sa tidlegare at Vesten kom til å bli direkte involvert i kvar ein bruk av sine våpen av Ukraina til å gå til åtak djupt inne i Russland fordi slike åtak ville krevje deira satellitt-, etterretnings- og militærhjelp.
Ryabkov åtvara òg at Russland kunne reagere asymmetrisk på eit ukrainsk åtak når det gjaldt å unngå atomvåpen, og Moskva kom til å halde USA ansvarleg. Tenestepersonar i Washington «har gjeve Kiev løyve til kvart eit brotsverk, kvar ei handling og gjer ingenting for å leggje føringar på provokasjonar frå sine klientar… Men USA får ikkje dette gratis og vil føle konsekvensane,» åtvara vise-utanriksministeren. […]
Førre veke sa den amerikanske utanriksministeren Antony Blinken at Det kvite huset hadde godkjent ein ukrainsk førespurnad om å sende USA-forsynte våpen mot mål på russisk territorium. «I løpet av dei siste vekene kom Ukraina til oss og bad om godkjenning til å bruke våpen som vi gjev dei til å forsvare seg mot denne aggresjonen, inkludert mot russiske styrkar som samlar seg på den russiske sida av grensa for so å gå til åtak på Ukraina. Og det gjekk rett til den amerikanske presidenten. Og, som de har høyrt, har han godkjent bruken av våpena våre for det føremålet,» sa Blinken.
Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky sa at Kiev var takksame overfor Washing ton for å late dei bruke USA-forsynte HIMARS rakettsystem i Kharkiv-regionen, men dette var ikkje nok. Ukraina har lenge argumentert at restriksjonar på måten dei kan bruke vestleg-forsynte våpen alvorleg avgrensar evna deira til å forsvare seg sjølve.
NATO-generalsekretær Jens Stoltenberg er viljug til å assistere Zelensky, og sa sist veke at NATO hadde retten til å hjelpe Ukraina med å halde på retten sin til sjølvforsvar, og at dette ikkje gjorde NATO til ein del av konflikten.
Kiev skyt USA-laga rakettkastar-HIMARS inne i Russland
Russiske kjelder rapporterte at Ukraina har skote USA-laga våpen inne i Russland for fyrste gong sidan Det kvite huset letta på forbodet mot å bruke deira ammunisjon i Moskva. Det ukrainske militæret brukte visstnok MK142 High Mobility Artillery Rocket System (HIMARS), som er ein lett, multippel rakettkastar, for å treffe den nærliggjande byen Belgorod.
Ukrainske tenestepersonar bekrefta vidare åtaket, og erklærte at dei vellykka hadde treft eit russisk S-300-missilsystem ved bruk av vestleg-forsynte våpen. «Det brenn vakkert. Det er ein russisk S-300 på russisk territorium. Dei fyrste dagane etter at ein fekk løyve til å bruke vestlege våpen på fiendeterritorium,» la den ukrainske regjeringsministeren Iryna Vereshchuk ut på Facebook, saman med eit bilete som visstnok viste åtaket. Det var uklart om dei verkeleg brukte USA-forsynte krigsvåpen.
I mellomtida avbraut russiske luftforsvarseiningar visstnok 20 ukrainske dronar i den sørrussiske regionen Kursk ved den ukrainske grensa, sa regionguvernør Alexei Smirnov måndag. Guvernøren påstod at ukrainske styrkar gjekk til åtak på fire landsbyar i hans region ved bruk av åtaksdronar og helikopter, men ingen skadar vart rapporterte. I Belgorod-regionen, i søraust, sa regionguvernør Vyacheslav Gladkov at luftforsvarseiningar hadde teke ned «fleire luftborne mål» som skadde tak på privatbustader.
Blant åtaka skulda Zelensky Kina for å hjelpe Russland forstyrre ein komande fredskonferanse som han organiserte for å bli halden i Sveits. I ein tale ein tryggleikskonferanse insisterte han at Kina driv og pressar andre land og leiarane der til å ikkje vere til stade på dei komande samtalane. «Det er beklageleg at slikt eit stort, uavhengig, mektig land som Kina er eit instrument i hendene på (den russiske leiaren Vladimir) Putin,» sa han på ein nyheitskonferanse på forsvarsforumet Shangri-La Dialogue.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
