NATO-sjef Jens Stoltenberg: Ukraina treng minst 40 milliardar euro i året heilt til Russland er slege

Dénes Albert i ReMix.news rapporterer:

Kiev vil motta langsiktig militær- og økonomisk bistand frå NATO i krigen sin mot Russland, forsikra NATO-generalsekretær Jens Stoltenberg torsdag 6.juni. På toppen av det ber Stoltenberg om minst 40 milliardar euro i året frå Vesten so lenge krigen varer.

NATO-leiaren sa at bistanden hans vil bli konkretisert på NATO-toppmøtet i juli, men vil ikkje inkludere å sende allierte soldatar til Ukraina, rapporterer EFE.

«På NATO-toppmøtet og i dei førebuande diskusjonane til det, vil vi diskutere korleis å sikre at vi støttar Ukraina so lenge som mogleg,» sa Stoltenberg under sitt fyrste besøk til Finland etter at landet vart NATO-medlem.

Han lovde òg at dei allierte vil prøve å bli einige om ei langsiktig finansiell forplikting på NATO-toppmøtet i Washington i juli, som vil garantere Ukraina det føreseielege og ansvarleggjorte aspektet dei treng frå sine allierte i denne konflikten.

Stoltenberg estimerte sist veke at militærbistanden gjeven til Ukraina av NATO-statar må nå minst 40 milliardar euro i året so lenge som det er behov for i krigen mot Russland; han bad òg dei allierte om å «dele børa rettferdig» når det gjeld finansiering av denne bistanden.

Derimot sa NATO-sjefen òg på torsdag at Alliansen har ingen planar om å sende soldatar til Ukraina, og insisterte at prioriteten til NATO er å etablere eit solid og institusjonalisert rammeverk for militær- og økonomisk støtte til Kiev so lenge som det er naudsynt.

I dette høvet kritiserte Stoltenberg atter ein gong forseinkingane i leveransen av lovde våpen og ammunisjon til Ukraina, so vel som at det ikkje var nok av dei.

«I dei siste månadene har vi sett visse gap og forseinkingar i leveransen av militærhjelp til Ukraina. Vi må sikre oss at dette ikkje skjer igjen. Og det er grunnen til at vi no arbeider med å etablere eit NATO-oppdrag for Ukraina,» la NATO-generalsekretæren til.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget