Nettstaden Unilad.com publiserte 31.mai ei samling artiklar om det som kanskje er det største leilegheitskomplekset i Kina, der det visstnok skal bu rundt 20 000 menneske. Men heile 30 000 er det plass til der. Kjempebygningen har alle fasilitetar og moderne bekvemmelegheiter, so innbyggjarane treng aldri å forlate bygningen. Dei minste leilegheitene har heller ikkje vindauge. Høyrest dette freistande ut? Eller føretrekkjer du å leve meir jordnært og enkelt, i eit hus med både bakkekontakt og vindauge, slik som dei aller fleste normale menneske ønskjer?
Nettstaden Climate Depot serverer eit representativt utval av dei mange artiklane frå Unilad om bygningen. Komplekset blir kalla Regent International, og ligg i Qianjiang Century City, som ligg i storbyen Hongzhou sitt sentrale forretningsdistrikt. Bygningen er 675 fot høg, eller rundt 205 meter. Til samanlikning er brutårna til Askøybrua utanfor Bergen «berre» 152 meter. Det totale arealet skal vere 260 000 kvadratmeter, som er meir enn halvparten av landarealet til Bergen kommune (ca. 444 000 kvadratmeter).
I tillegg til leilegheiter som teoretisk kan huse 30 000 innbyggjarar, finn ein òg matsalar, frisørar, neglesalongar, supermarknader, symjebasseng og internettkafear. Dei som bur der er for det meste folk «i byrjinga av karrieren» ifølgje enkelte kjelder. Det skal visstnok òg bu kinesiske kjendisar i dei mest fasjonable leilegheitene.
Prisane varierer alt etter kor høgt du ønskjer å ha eit vindauge i leilegheita. Dei minste leilegheitene (utan vindauge) er til leige for rundt 210 dollar i månaden, eller i overkant av to tusen kroner. Det er lenge sidan ein fekk leige ei leilegheit so billeg her i Noreg. Det var rundt det eg betalte for min fyrste studenthybel for over tjue år sidan – men eg skal her skunde meg å leggje til at hybelen hadde vindauge. Om du ønskjer vindauge og ein liten balkong, kostar det 570 dollar i månaden, eller mellom 5500 og 6000 kroner. Du er heldig om du får eit lite rom i eit kollektiv for den prisen her i Bergen.
Slike enorme blokker, der ein kan leve frå vogge til grav utan å nokosinne forlate den, ser ut til å vere eliten sin våte draum (blant særs mange andre våte draumar desse farlege psykopatane har!). Der kan individet totalovervakast frå fødsel til død, og utnyttast frå tidleg barndom av. Fyrst indoktrinering i barnehage og skule, før personen får jobb i ei av dei mange bedriftene i bygget. Vedkomande er naturlegvis underlagt det strenge sosialkreditt-systemet, og må lydig gjere som han eller ho får beskjed om. Matrasjonar vil vere beskjedne, og det eliten ønskjer at folk skal gafle i seg. Vi snakkar ultraprosessert mat, insekt, andre menneske (!) og ymse skit og drit dei ikkje ville ha teke i med ei eldtong sjølv. So blir personen avliva når eliten føler dei har levd lenge nok.
Her i Noreg har vi enno til gode å sjå slike hyperambisiøse og stormannsgalne prosjekt. Det næraste vi kjem her i Bergen, er nok dei fancy leilegheitene som sprett opp rundt dei digre kjøpesentera ute i bydelane, slik som til dømes 15-minuttsby-prosjektet Horisont i Åsane. Men det blir berre ei lita maurtue i forhold til Regent International i Houngzhou. Men det skulle ikkje forundre meg om slike prosjekt er pensum for våre «unge, globale leiarar», som det etter kvart byrjar å bli urovekkjande mange av. Å tenkje sjølv i dag er blitt ei evne reservert for ein stadig mindre klikk av kloke menneske. Det er vel òg lett å overlate tenkinga til andre når årslønna bikkar nokre millionar.
Det har generelt vore ein stygg tendens til å stuve saman menneske i slike «kaninbur». Det handlar ikkje so mykje om at alt skal vere so praktisk og lettvint og liggje i gåavstand frå mikroleilegheita. Det handlar meir om at eliten vil kontrollere individet. Horisont har òg éin ting til felles med Regent International: Det skal godt gjerast å finne parkering for bilar der. Men kva skal du med bil om du aldri er utandørs?
Dette er ein meiningsartikkel skriven av redaktøren i Saksyndig.
