Den perfekte Mona-stormen

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er fiktive.

Som haiar som sirklar rundt eit blødande offer i verdshavet, byrjar no mektige krefter å samle seg for å ein gong for alle ta rotta på den berykta Morfin-Mona. Arnfinn Nesset blir berre ein pinglete amatør i forhold til alle morda ho har utført på ein viss privat sjukeheim i Bergen sidan midten av 1980-talet.

«Hai» nummer éin: Arve og hans drivne advokat, som står klare for å ta frå Mona alt ho eig og har i ei skilsmisse av ei anna verd.

«Hai» nummer to: Midazolam-Merete, som er på randa av samanbrot og for lengst fanga i eit demonisk mørker der ho kopulerer med Satan og alle hans avkom fleire netter i veka. Snart vil ho krepere og hamne der ho høyrer heime. Men fyrst skal ho trekkje Mona med seg i dragsoget, for ho har ei høne å plukke med kjerringa som fekk ho oppsagt frå den viktige jobben som eldrebølgje-løysar.

«Hai» nummer tre: Ein saksbehandlar i NAV som ser at Mona er utan jobb, og at det er forhold hjå ho som arbeidstakar som gjer at ho står utan jobb. Oppseiing nokre månader før ho kan gå av med AFP? Ikkje særleg lurt. Her må det nok ei uhyre lang saksbehandlingstid til, og i mellomtida får ikkje kjerringa eit raudt øre i stønad. Får håpe ho har rikeleg med oppsparte midlar – rundt rekna halvanna års bruttolønn på sparekontoen burde halde.

«Hai» nummer fire: Statens pensjonskasse, som registrerer at Mona var vekke frå jobb i over eit år ved tre separate høve, nemleg dei tre gongene ho fødde barn og var heime i ein altfor lang mammapermisjon medan ektemannen Arve jobba ræva av seg og i tillegg måtte halde ut vakenetter med ungar som grylte so ein såg ned i halsen på dei fordi Mona var slik ein elendig omsorgsperson. Mona kan tidlegast gå av med pensjon når ho fyller 66 – ikkje ein dag før. Fire år utan inntekt? Kanskje har ho rikeleg med oppsparte midlar. Ektemannen har jo truleg betalt alle utgifter i alle år sidan ho ikkje heilt skjøner korleis bankgiroar, kontonummer og KID-nummer fungerer. Ho er for dum til det.

«Hai» nummer fem: Allmektige Vest politidistrikt, som oppretta sak på Mona for blotting på offentleg stad utan samtykke (!). Det er eit jævla alvorleg brotsverk. Vi snakkar opptil tre års ubetinga fengsel om dei finn ein måte å feiltolke lova på slik at ho blir råka so blodhardt som mogleg. Ei rettssak skjer derimot ikkje før om tidlegast eit års tid, for å pine ho so mykje som mogleg. Staten Noreg ® veit at det å kvi seg til noko er hundre gonger verre enn den faktiske handlinga, og mange gonger har dei plaga eit individ heilt til vedkomande «valde» å avslutte livet.

«Hai» nummer seks: Ærverdige Sandviken sjukehus, som har fått «bestilling» om tvangsinnlegging etter §3-3 i Lov om psykisk helsevern. Mona er ein fare for seg sjølv og andre – spesielt den eldre garden, som ho har avliva med kaldt hjarte og våt fitte i alle år. Neddopa og hjelpelaus skal ho støve ned i psykiatriens mørke irrgangar i årevis, i likskap med ho dama som prøvde å åtvare om EØS-avtalen på 90-talet. Mona skal for evig og alltid bli hugsa som Noregs-historias verste massemordarske, som fekk ein velfortent slutt på livet, ein slutt av det grådig langdryge slaget.

«Hai» nummer sju: Ei rekkje tidlegare tilsette som har funne ut at dei vart usakleg oppsagte av nettopp Morfin-Mona og hennar «sleikjepus» Midazolam-Merete. No driv dei og ringjer advokatar i heile Sør-Noreg for å førebu tidenes gruppesøksmål. Og her snakkar vi naturlegvis sivilt søksmål sidan sjukeheimen er lagt ned, avdelingsleiaren er død og berre Mona og Merete framleis lever.

Sju blodtørstige haiar sirklar rundt Mona, som etter sju dagars skriking, hyling, vræling, drundring, slåing og tramping blir lagt i jarn og frakta raskaste vegen til psykoseavdelinga på Sandviken. Der blir den nakne kjerringa med dei enorme jura lagt i kraftige reimar i ei seng, og døra blir lukka stilt igjen av kyndige menn i kvite frakkar. Lyset blir sløkt og mørket kveler ho som eit varmt, irriterande, kløande, stikkande teppe. Her kan ho gje seg hen til endelause hallusinasjonar om Merete, Michelle og munnen som berre vil suge på ho mjølkespreng som ho aldri blir kvitt.

«Monalisa, Monalisa, no kan du liggja der og glisa…!» lyd den kåte jentestemma til Michelle.

Den Erna Solberg-liknande rautinga blir oppslukt av dei polstra veggane i det stupmørke rommet. Her kan ingen høyre skrika til dama som har myrda over 10 000 eldre. Den perfekte Mona-stormen har akkurat byrja, so her er det berre å lene seg tilbake med popcorn og øl, folkens.

Kommenter innlegget