Harvard-studie hevdar at romvesen kanskje bur blant oss forkledd som menneske

Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv:

Ein studie frå Harvard universitet har avslørt at romvesen kanskje bur blant oss forkledd som menneske. Human Flourishing-programmet [«menneskeleg blomstring»] til Harvard universitet kom òg med teorien om at UFO-ar kanskje kan vere utanomjordiske romskip som kjem til Jorda for å besøkje sine romvesenvenner som bur på planeten.

Forskingsartikkelen, som har tittelen The Extraterrestrial Hypothesis: A Case for Scientific Openness to an Interstellar Expanation for Unidentified Anamalous Phenomena [«Den utanomjordiske hypotesen: Ein sak for vitskapleg openheit rundt ei interstellar forklaring for uidentifiserte, avvikande fenomen»], nemner at dei «uidentifiserte avvikande fenomena» [«unidentified anomalous phenomena»] (UAP), eller UFO-ar og utanomjordiske vesen, som dei vanlegvis blir kalla, kan bu under jorda på månen, eller til og med gå rundt blant oss menneske.

Forskinga utforskar òg ideen om at UFO-ar eller uidentifiserte luftfenomen (UAP) [«unidentified aerial phenomena»], kan vere romskip som reiser hit for å besøkje romvesenvenner som bur på Jorda.

Business Standard rapporterer: Artikkelen slår òg fast at forfattaren er klar over omfanget av evidens, og teorien som òg førebels bekreftar ei anna utanomjordisk forklaring: «krypto-utanomjordisk-hypotesen» [«crypto terrestrial hypothesis»] (CTH), som knyter UAP-aktivitet til handlinga til skjulte, ikkje-menneskelege vesen.

New York Post rapporterer at forskarar har studert «krypto-utanomjordiske». Desse kan låst som dei er menneske og ha utvikla seg frå intelligente dinosaurar.

Teoriar om romvesen som bur nær menneske

Studien utforskar fire hovudteoriar om romvesen som bur nær menneske:

Menneskelege krypto-utanomjordiske

Teorien føreslår at høgt avanserte, eldgamle menneskelege sivilisasjonar kanskje held fram med å leve sjølv etter enkelte katastrofale hendingar slik som flaum.

Theropode eller menneskeliknande krypto-utanomjordiske

Ein annan teori legg ut om moglegheita for eit ikkje-menneskeleg samfunn som bur under bakken, som har utvikla seg frå jordlege vesen slik som intelligente dinosaurar eller apeliknande menneskedyr.

Ekstratempestrielle eller tidlegare utanomjordiske krypto-jordiske

Denne teorien hevdar at romvesen kan ha reist frå månen eller andre stader for å besøkje Jorda, for so å gøyme seg blant oss.

«Magiske krypto-jordiske»

Desse vesena er som «jordbundne englar», der dei har magiske i staden for teknologiske forhold med menneske, slik som vesen frå overtru, slik som feer eller alvar. Den primære svakheita med teorien er at den blir oppfatta som ganske rar, spesielt for dei som er vande med konvensjonelle vitskaplege forklaringar.

Forskarane innrømte at forskinga deira «sannsynlegvis kom til å bli sett på med skepsis av dei fleste vitskapsfolk», men dei oppmoda samfunnet til å vurdere påstanden deira «i ei ånd av epistemisk audmjukheit og openheit». Ifølgje reportasjar har artikkelen enno til gode å bli fagfellevurdert.

Tidlegare hevda ein tidlegare amerikansk etterretningsoffiser at den amerikanske regjeringa gøymer eit uidentifisert flygande objekt (UFO), som nesten er «på storleik med ei fotballbane».

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

One comment

Kommenter innlegget