Danielle på nettstaden 100percentfedup.com melder:
Medlemmer av klimaaktivistgruppa Just Stop Oil braut seg inn på den private flystripa på britiske Stanstead flyplass tidleg torsdag morgon [20.juni 2024].
Gruppa hevda at Taylor Swift sitt private fly stod parkert på flystripa.
«Jennifer og Cole kutta opp gjerdet inn til den private flystripa på Stansted der @taylorswift13 sitt fly står parkert, og kravde ein naudavtale for å få slutt på fossilt drivstoff innan 2030,» skreiv Just Stop Oil.
I videoen spraya aktivistane oransje måling på to fly.
Derimot seier flyplassen at flyet til Swift ikkje var blant dei to flya som vart dynka i måling.
BBC rapporterer:
«Ein talsmann for flyplassen sa at demonstrantar hadde teke seg inn i det private flyområdet til flyplassen, vekk frå rullebana og hovudpassasjerterminalen.
‘Som eit føre-var-tiltak vart operasjonar lagt på vent i ein kort periode, men ingen flygingar vart avbrotne, og flyplassen og fly går som normalt,» la han til.
Chief Supt [?] Simon Anslow sa: ‘Eg vil med dette forsikre passasjerar og publikum elles at vi er godt førebudde og har ressursar til å handtere hendingar av denne naturen. Nesten med éin gong etter at vi vart gjort merksame på denne hendinga, som fann stad vekke frå hovudpassasjerterminalen, var vi på staden.»
«Just Stop Oil hevda at Taylor Swift sitt luksusfly stod parkert der medan ho er i Storbritannia for sin Eras-turné. Men MailOnline forstår det slik at det ikkje var eit av dei to flya som vart grist til,» skreiv Daily Mail.
Just Stop Oil-aktivistar griste òg til Stonehenge tidlegare denne veka.
Ifølgje Daily Mail:
«Kritikarar har sagt at hennar åtak på Stansted igjen viser kor ofte demonstrantar blir sleppt ut på kausjon, for so å utføre fleire brotsverk.
Åtaket kom mindre enn 24 timar etter at JSO-gjengen forskrekka verda ved å spraymåle Stonehenge oransje.
Demonstrantane har blitt fengsla under mistanke om kriminelt skadeverk og forstyrring i drifta av nasjonal infrastruktur.
I går valde den overskrift-stelande gjengen seg ut Stonehenge i Wiltshire som mål ved å gå til åtak på det eldgamle monumentet med spraymåling – noko som fekk statsminister Rishi Sunak til å kalle dei ‘ei skam’.
Fantestrekane deira førde til omfattande fordømming, i staden for merksemd rundt klimaendring, etter at det kom fram at aktivistane kunne ha påført ugjenoppretteleg skade på den sjeldne soppen som lever på steinen.»
Omsett av redaksjonen i Saksyndig, som lurer på kvifor gjengen valde nettopp oransje, som etter vårt syn ikkje er ein so fin farge.
