The Epoch Times, her henta frå Great Game India, rapporterer:
Banebrytande forsking, publisert i Nature i april 2023, avslører kvifor enkelte individ forblir covid-19-sikre trass eksponering, og tilskriv det undertrykkingsdyktig og rask immunologisk respons observert blant asymptomatiske tilfelle.
Forskarar veit no kvifor enkelte individ aldri blir smitta med covid-19, sjølv etter å ha blitt eksponert for dert via nasehola.
Desse individa har meir undertrykkingsdyktig og raskare immunologisk respons enn dei som opplever covid-19-symptom, ifølgje ein nyleg studie.
«Desse funna kastar nytt lys over dei viktige tidlege hendingane som anten lèt viruset finne fotfeste, eller raskt fjerne det før symptom utviklar seg,» vart det sagt i pressemeldinga frå dr. Marko Nikolic, senior-forfattar av studien og ærerådgjevar i luftvegsmedisin ved University College London.
Forskarar frå Storbritannia og Nederland utførde ein menneske-utfordringsstudie som vart publisert i Nature sist onsdag [19.juni 2024]. Det er den fyrste i sitt slag der viruset som forårsakar covid-19, SARS-CoV-2, vart forsettleg eksponert overfor deltakarane.
I studien vart 16 unge, friske friviljuge under 30 samla av forskarane. Ingen av dei hadde underliggjande tilstandar, ei heller hadde dei nokosinne fått ein covid-19-vaksinasjon eller -infeksjon.
I april 2023 vart ei preprint-utgåve av artikkelen lagt ut på nettet, dette før ei fagfellevurdering hadde blitt gjort.
3 ulike immunresponsar
Dei 16 menneska vart gruppert basert på korleis kvar av dei reagerte på eksponering for viruset.
Der var seks symptomatiske individ i den fyrste gruppa. Dei vart av forfattarane av studien klassifisert som infiserte.
Trass at dei ikkje hadde nokon symptom, hadde individa i den andre gruppa positive covid-19-PCR-testresultat. Det vart avgjort at desse same individa berre hadde mellombelse infeksjonar.
Den tredje gruppa individ hadde konsekvent negative covid-19-PCR-testar, og framviste ingen symptom. Sjølv om sjukdommane vart identifiserte som «ikkje-utvikla», attesterte forfattarane på det faktum at desse individa var infiserte, og raskt kom seg frå infeksjonane.
Forfattarane rapporterer at immunresponsane var anten raskare eller meir subtile i den andre og tredje gruppa av menneske med asymptomatisk covid-19.
I dei asymptomatiske gruppene observerte vitskapsfolka at immuncellene migrerte til nasen – infeksjonsstaden – på dag 1.
Likevel rekrutterte den covid-19-positive gruppa alle immuncelletypar, medan dei som testa negativt for viruset rekrutterte færre immuncelletypar.
Individ som opplevde langsiktige covid-19-infeksjonar framviste langsamare og meir organiserte immunreaksjonar. Heller enn på dag 1, hadde desse individa alle slags immunceller i nasane sine på dag 5.
Genetiske faktorar
Ifølgje vitskapsfolka er dei som uttrykkjer spesifikke genar, inkludert HLA-DQA2 i høg grad, «betre til å hindre start av ein vedvarande viral infeksjon».
Studiar har vist ein korrelasjon mellom mildare covid-19-utvikling og forhøga blodnivå av HLA-DQA2.
Blant dei mange menneskelege leukocytt-antigen (HLA)-genane, er HLA-DQA2. Protein som blir sett på celleoverflata er laga av HLA-genar. HLA-protein varslar immuncellene om tilstadevering av patogene infeksjonar i cellene.
Ifølgje vitskapsfolka validerer dataa deira at HLA-DQA-aktivering hindrar spreiinga av SARS-CoV-2-viruset i infiserte celler.
Symptomatiske menneske hadde symptomatiske responar
Individ med covid-19-symptom var dei einaste som viste konsekvente interferon-responsar. Immunologiske system-bodbringarar [engelsk immunological system messengers] ved namn interferonar, kan anten auke eller minke betennelses- og immunologiske responsar.
Oppdaginga av at interferonar i blodet vart aktivert før dei [interferonane] på infeksjonsstaden, sjokkerte forfattarane. Dag 3 av infeksjonen markerte høgda av interferon-aktivitet i blodet, medan dag 5 av infeksjonen viste ingen evidens for interferon-aktivitet på infeksjonsstaden, som er i nasen.
Ifølgje pressemeldinga til forfattarane, kan viruset ha spreidd seg raskt på grunn av den late immunresponsen til nasen.
Asymptomatiske menneske hadde knapt nok nokosinne infiserte celler, og opplevde ikkje systemiske interferon-reaksjonar.
Vitskapsfolka sa at «infiserte celler vart nesten berre funne» i nasehola til dei som hadde symptom, noko som ikkje er overraskande. SARS-CoV-2-viruset blir produsert av cellene som ligg på overflata i nasekanalane på deltakarane, som aukar virusbøra.
«Vi har no ei mykje større forståing for den fulle rekkjevidda til immunresponsar, som kan gje eit grunnlag for å utvikle potensielle behandlingsmetodar og vaksinar som imiterer desse naturlege beskyttelsesprosessane,» sa dr. Nikolic. […]
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
