Dokument frå det tyske Robert Koch-instituttet avslører at covid-responsen var ein PSY-OP for å dumme ned folket

Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice skriv:

Den tyske regjeringa har blitt tvinga til å innrømme at covid-responsen, inkludert munnbindpåbod, nedstengingar og sosial avstand, var ein psy-op laga for å lage folket meir føyelege overfor autoritær ideologi.

Ifølgje fleire dokument som vart offentleggjort via eit FOIA-søksmål, dreiv helsetilsette ved RIK (Robert Koch-instituttet, den tyske utgåva av CDC) òg og laug til folket om farane knytt til covid og covid-vaksinen, slik at regjeringa ikkje skulle kutte i midlane deira.

Steve Kirsch rapporterer: Sjå denne utmerka seksminutts-videoen som vart uavhengig produsert av professor Stefan Homburg. Den er kort og går rett på sak.

Dersom du hadde noka tru på at statlege institusjonar jobbar til din fordel, vil denne videoen knuse den.

Tyske journalistar kjempa svært hardt for å få desse dokumenta offentleggjort

Tyske journalistar saksøkte den tyske regjeringa for å få tilgang til intern kommunikasjon frå Robert Koch-instituttet (RKI), som er den tyske utgåva av CDC [og norske FHI; oms.an.]. Rettssaka vart naudsynleg fordi FOIA-førespurnaden til journalistane ikkje vart gjeven. Då dokumenta omsider vart tilgjengelege per rettsleg ordre, var mesteparten av det klausulert [sensurert]. Etter endå meir press, har det som vart klausulert no blitt gjort tilgjengeleg.

Aaron Siri er særs kjent med dette frå CDC i USA. Same modus operandi.

Dokumenta kan lesast her (på tysk) på RKI si nettside. Men vi snakkar om heile 2515 sider, so folk flest kjem ikkje til å lese det i det heile. So lat meg [Kirsch] oppsummere det for deg.

Topp sju avsløringar

Her er dei topp sju avsløringane frå videoen. Takk til Frank Ploegmann for å samle denne lista:

  1. Ekspertane visste so tidleg som januar 2021 om cerebral venøs sinus-trombose som ein livstrugande komplikasjon av AstraZeneca-sprøyta. Dei «gløymde» å informere folket om dette faktum.
  2. Ekspertane innsåg at der var ingen som helst evidens for at sprøytene reduserte overføring av sjukdom, men dei valde å ikkje informere folket. I staden brukte dei medkjensle som våpen og spreidde offisiell desinformasjon om at alle burde ta sprøyta «for å beskytte bestemor» og oppnå flokkimmunitet via vaksinasjon, sjølv om dette er umogleg viss sprøyta ikkje eingong reduserer overføring.
  3. Ekspertane visste at N95-munnbinda var ineffektive utanfor sjukehussettinga, men påbaud dei likevel. Kort fortalt var ekspertane dei verkelege «spreiarane av feilinformasjon».
  4. Ekspertane frårådde å stengje skular, men staten gjorde dette likevel.
  5. Ekspertane sa at covid ikkje burde bli samanlikna med influensa, fordi det er mindre farleg enn influensa. Dei visste òg at berre gamle og sjuke hadde auka risiko, likevel fekk dei det til å sjå ut som om til og med unge, friske menneske hadde alvorleg helserisiko. Snittalderen på dei som døydde av covid var 83 år, som ser ut til å liggje over gjennomsnittleg forventa levealder på 81,26 år i 2019.
  6. Regjeringa gav ekspertane ordre om å «tilråde» det regjeringa ønskte. So regjeringa dreiv ikkje på nokon måte og «følgde vitskapen», slik som vart hevda i det uendelege, men «Vitskapen ™» følgde ordrar frå regjeringa. RKI fekk ordre om å halde risikonivået høgt sjølv om der tydelegvis ikkje skjedde noko uvanleg. RKI var ingenting meir enn eit pressekontor for regjeringa, der dei hadde i oppdrag å selje politiske avgjerder som vitskaplege, medan ingenting i realiteten kunne vere lenger frå sanninga.
  7. Kvifor følgde RKI ordrar frå regjeringa? Fordi dei frykta å bli forbigått og bli irrelevante. Åtferda deira viser tydeleg at dei trudde at det [å bli forbigått] var verre enn å villeie folket.

Samandrag

Dei tyske helsetoppane visste at influensa var verre enn covid, dei visste at munnbind ikkje fungerte, dei visste at AstraZeneca-vaksinen var dødeleg, dei visste at nedstengingar ikkje var tilrådde, og dei visste at sprøytene ikkje reduserte overføring – men dei heldt alt dette skjult for folket slik at dei kunne fortelje ei eventyrhistorie om at dersom vi alle gjorde vår del og vart vaksinerte [det Solberg kalla «dugnad»; oms.komm.], so ville vi stoppe spreiinga.

Trur du at nokon vil tru dei neste gong dei skrik «ulv, ulv»?

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget