Studie avslører at covid-sprøyter aukar risikoen for å få blodpropp i hjernen TO HUNDRE GONGER

Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice skriv:

Covid-19-sprøytene medfører ein høgare risiko for blodproppar i hjernen samanlikna med andre vaksinar, ifølgje ein ny, urovekkjande studie leia av dr. Peter McCullough.

Forskarane såg på rapportar i CDC sitt Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS) frå januar 1990 og til og med desember 2023.

Noqreport.com rapporterer: Dei talde talet cerebrale tromboembolisme-hendingar – altso blodproppar i venene eller arteriane i hjernen – rapportert blant dei som fekk ei covid-19-sprøyte samanlikna med dei som fekk ein influensavaksine eller andre vaksinar.

Blodproppar som blokkerer blodstraumen til hjernen utgjer om lag 87% av alle slag, ifølgje American Stroke Association [«den amerikanske slagforeininga»], ei underavdeling til American Heart Association [«den amerikanske hjarteforeininga»].

McCullough – ein hjartelege med over 1000 publikasjonar og meir enn 685 siteringar i National Library of Medicine [«det nasjonale medisinoppslagsverket»] – sa til The Defenderat studien viste «ein uakseptabel risiko for katastrofale trombose-skadar på hjernen» til individ som tok éi eller fleire covid-19-sprøyter.

McCullough oppsummerte resultata frå studien på Substack:

«Samanlikna med influensavaksinar som har blitt gjeve dei siste 34 åra, har covid-19-vaksinar i løpet av 36 månaders bruk hatt over tusen gonger auka risiko for dei fleste blodpropp-hendingar, og samanlikna til alle vaksinar kombinert som har blitt administrert dei siste 34 åra, er denne risikoen meir enn 200 gonger høgare når det gjeld covid-19-vaksinasjon.»

Tidlegare forsking har antyda at piggproteinet i både SARS-CoV-2-viruset og covid-19-vaksinen kan forårsake alvorleg blodproppdanning, skreiv McCullough og medforfattarane i rapporten sin.

Blodproppar i hjernen er vanskelege å behandle, sa McCullough til The Defender, og «etterlèt ofte pasientar med alvorlege funksjonshemmingar».

«Dette og andre datakjelder,» la han til, «støttar kravet om å fjerne alle covid-19-vaksinar frå offentleg bruk.»

Studien – medforfatta av Claire Rogers, Dr. James Thorp og Kirstin Cosgrove – er under fagfellevurdering og tilgjengeleg på nettet som ein preprint.

Kvinner er spesielt risikoutsette

Til studien brukte McCullough og hans medforfattarar 12 søkjeord for å finne VAERS-rapportar om biverknader relatert til blodproppar i hjernen: cavernous sinus thrombosis, cerebral-arterie-trombose, cerebralt infarkt, cerebral trombose, cerebral venous sinous thrombosis, cerebral venous thrombosis, embolic cerebral infarction, ischaemic cerebral infarction, sigmoid sinus thrombosis, superior sagittal sinus thrombosis, thrombotic cerebral infarction og transverse sinus thrombosis. [Linkar til søkjeorda er å finne i originalartikkelen; oms.an.]

I dei tre åra som har gått sidan covid-19-vaksine-utrullinga, fann dei 5137 rapportar om ei hjerne-blodpropphending hjå dei som fekk éi eller fleire covid-19-sprøyter.

I mellomtida viste VAERS-data berre 52 rapportar sidan 1990 om hjerne-blodpropphendingar etter influensavaksine, og 282 sidan 1990 etter alle andre vaksinasjonar, sa dei.

Det faktiske talet hendingar kan vere endå høgare på grunn av underrapportering til VAERS, sa dei, av fleire grunnar.

For det fyrste har CDC-tilsette «ekstreme vanskar» med å prosessere rapportane på grunn av ein overveldande auke i VAERS-rapportar sidan utrullinga av covid-19-vaksinar.

I tillegg har ikkje klinikarar alltid den naudsynte merksemda og kunnskapen til å gjenkjenne skadar som vaksinerelaterte, og vil difor ikkje rapportere dei til VAERS.

I tillegg, la dei til: «VAERS-databasen er velkjent for å vere vanskeleg å skrive hendingar i, noko som gjer det desto meir utfordrande for helsepersonell å sende inn kvar hending, gjerne fordi dei har dårleg tid i ei sjukehus- eller klinikksetting.»

Forfattarane sa at funna deira er spesielt bekymringsverdige for kvinner i fruktbar alder – som er spesielt risikoutsette for visse blodpropp-hendingar i hjernen, slik som cerebral venøs trombose.

Den amerikanske hjarteforeininga sa i ein gjennomgangsartikkel 29.januar at rundt rekna to tredjedelar av alle tilfelle av cerebrale venøse trombosar fann stad hjå kvinner i fruktbar alder.

Med tanke på denne realiteten, bad forfattarane av studien om «eit umiddelbart globalt moratorium [pause] av bruken av covid-19-vaksinar… med ein absolutt kontraindikasjon hjå kvinner i fruktbar alder».

CDC har ingen planar om å endre covid-vaksinetilråding

The Defender spurde CDC om dei hadde planar om å endre tilrådingane sine om covid-19-vaksinar i lys av funna til McCullough og medforfattarane av studien.

Ein talsperson for CDC sa til The Defender: «CDC kommenterer ikkje funn eller påstandar frå individ eller organisasjonar utanfrå CDC. Noverande CDC-tilrådingar kan ein finne her

CDC har kome fram til at covid-19-vaksinane er trygge og effektive, sa talspersonen. «CDC held fram med å oppmuntre amerikanarar om å bli vaksinerte, sidan covid-19-vaksinasjon held fram med å vere den beste måten å beskytte seg mot alvorleg sjukdom.»

Når vedkomande vart spurt spesifikt om risikoane til covid-19-vaksinasjon for kvinner i fruktbar alder, viste CDC-talspersonen The Defender til CDC si nettside COVID-19 Vaccines While Pregnant or Breastfeeding [«covid-19-vaksinar for gravide eller ammande»], som slår fast at vaksinane er trygge og effektive.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget