Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.
Klokka er tolv på kjøpesenteret Lagunen sør for Bergen. Det er laurdag og «alle» er ute og handlar. Midt i dette folkehavet dukkar Arve opp saman med ein kompis på same alder, Fritz. Dei to har vore eit naudsynt ærend på polet og ber på klirrande «miljøposar». Ute regnar det, men inne er det varmt og folketett.
«Skal vi stikke stad og ete ein stad?» spør Arve. «Eg er jævla svolten.»
«Ja, mat er ein særs god idé,» svarer Fritz.
Dei to stoppar tilfeldigvis utanfor eit kjedebakeri, der ei vakker ungjente med store puppar står på utstilling i ei svart, tettsitjande skjorte. Ho vender seg mot dei med eit lekkert sølvsmykke dinglande i den djupe kløfta med hovudet lett og leikent på skakke.
«Kan eg hjelpe dykk?» spør den glødande, oppgira jenta. Dei svarte tightsa framhevar utmerka den kvinnelege anatomien.
«To rekesmørbrød og to koppar kaffi,» svarer Fritz. «Eg spanderer, Arve.»
«Heilt i orden, eg har jo nettopp brukt to tusen på polet på oss to,» svarer Arve.
«Okaaaai, to rekesmørbrød og to koppar kaffi…!» seier den kåte ungjenta og vrir seg over til kassa med lette, leikne, ertne rørsler.
«Det er mykje folk her i dag,» seier Fritz i det han betaler med kortet.
«Jaaa, det er alltid mykje folk her om laurdagane…!» svarer jenta. «Det kjem endå fleire utpå ettermiddagen…!»
«Det er vel travelt her inne òg,» seier Fritz. Arve står og trippar ein tanke utolmodig. Han ser på folkehavet utanfor, på alle menneska som virrar forbi som forvirra maur.
«M-hmm…! Eit trøkk av kundar heile tida…!» Jenta nikkar ivrig so dei lekre sølvøyreringane dinglar ertent. Ho landar brettet med rekesmørbrøda og kaffikoppane på disken.
«Jobbar du lenge i dag?» spør Fritz.
«Heilt til klokka seks…!» seier jenta med ei lett stønnande stemme.
«Lat oss finne eit bord,» seier Arve og nærast halar med seg Fritz. «Gamle grabukk, du står jo og sjekkar opp ei som kunne ha vore barnebarnet ditt!»
«Kva faen, eg sjekkar ho då ikkje opp! Det heiter å konversere!» Fritz blæs i det han og Arve dumpar ned ved eit ledig bord borte ved ei bokhylle. Jenta vender seg mot tre nye kundar med sine digre, struttande puppar.
«Jaja, du gjer som du vil. Men å ha seg med småjenter er vel ikkje akkurat det mest fornuftige ein pensjonert fabrikkarbeidar kan gjere.»
«Fabrikksjef, takk. Og småjenter er vel å ta litt i. Ho er lovleg.»
«Skjerp deg. Du har kone og fire ungar. Og ein haug med barnebarn. Eg trur ikkje dei vil like at besten står der med stå og kosepratar med ungjenter.» Arve gapar over rekesmørbrødet.
«Eg høyrer nokon treng mat. Du er jo rasande.» Fritz humrar for seg sjølv i det han tek ein liten, sivilisert bit av sitt eige smørbrød. «Og når ein snakkar om kone… Korleis går det med Morfin-Mona?»
«Aner ikkje, bryr meg ikkje.» Arve har allereie ete i seg halve smørbrødet. «Vi er jo skilte no, so det speler inga rolle.»
«Skilt allereie? Det gjekk fort. Eg trudde de måtte gjennom ein lang separasjonsprosess. Og fordele tinga dykkar og sånt. Selje leilegheita.»
«Eg kjenner folk, so det gjekk grådig fort. Utruleg kor kjapt og enkelt byråkratiet fungerer når ein har litt glidemiddel.»
«Hæ? Har du bestukke folk?»
«Nei, nei, nei, det var ein fyr som skulda meg ei teneste. So alt er i boks. Og leilegheita er selt. Eg skal flytte nærare sentrum. Eg har kjøpt ei lita kjellarleilegheit i Arna. Dit flyttar eg over sommaren. Berre ti minutt med toget, so er eg i sentrum.»
«Ja, Rådal og Lagunen er jo langt unna sentrum. Iallfall med Bybanen, som tek år og dag og er reine mjølkeruta.» Fritz slurpar kaffi. Arve har allereie ete smørbrødet. Fritz ser på sitt eige, som han knapt har rørt. «Vil du ha mitt? Eg er ikkje svolten.»
«Takk som byr, eg er jævla svolten i dag.» Arve tek smørbrødet og glefsar det i seg.
«Har du ikkje ete i dag?» Fritz slurpar meir kaffi.
«Eg gadd ikkje lage meg frukost. Eg drakk berre litt kaffi i dag tidleg.»
«Du må jo ete frukost! Elles blir du svolten og sint.»
«Eg er då ikkje sint.» Han ristar avfeiande på hovudet. «Du då? Korleis har du det, sidan du er pensjonist? Har du kjøpt den båten du har snakka om å kjøpe i tolv år?»
«Eg har valt meg ut ein ‘skjergardsjeep’. Ti fot. Men den ligg ute på Sotra i nærleiken av Telavåg. Dit køyrer eg og yngste sonen min på måndag. Han har fri frå jobben sin på Håkonsvern.»
«Håkonsvern? Jobbar han der? Eg trudde han var sjukepleiar.»
«Ja, han er sjukepleiar. Han brukte å jobbe på Haraldsplass, men det vart for tøft for han.»
«Åh, han takla ikkje alt arbeidet og stresset?»
«Nei, arbeidsmiljøet var beint fram giftig.» Fritz himlar med auga. «For mange halvgamle kjerringar som berre lagar leik.»
«Say no more.» Arve humrar. «Eg var gift med ei slik fitte i over 30 år. Stakkars mann. Kva gjer han ute på Håkonsvern? Jobbar han på sjukestova til soldatane?»
«Nei, han jobbar med eit hemmeleg prosjekt i regi av Forsvaret og eit digert, utanlandsk selskap. Eit eller anna eksperiment.»
«Jaso, seier du det?» Arve gnir seg på haka. Smørbrødet han fekk av Fritz er for lengst fortært. «Eit medisinsk eksperiment?»
«Han er ein del av eit team. Og ja, det er eit medisinsk eksperiment. Noko med ryggmergsskadde og stamcelleteknologi. Det jobbar biologar, legar og professorar der òg. Men han er nede på golvet, ikkje noko administrativt. Det er ein haug med pasientar. Det er alt han har lov å fortelje.»
«Eit medisinsk eksperiment på Håkonsvern… Kven skulle ha trudd det? Ikkje det at det overraskar meg på nokon måte. Det er jo ein amerikansk base der ute.»
«Ja, eksperimentet skjer på amerikansk territorium. Norsk lov gjeld ikkje der. Men det er uhyre godt betalt. Han jobbar sokalla Nordsjø-turnus. Éi veke på, éi veke fri. Det er i friveka hans han skal køyre meg ut på Sotra og sjå båten.»
«Kvifor må han køyre deg? Har du mist lappen slik som eg?»
«Nei, nei, det er berre eit spørsmål om logistikk. Dersom eg likar båten, so betaler eg for den og køyrer den frå Sotra til Våganeset i Åsane, der eg har eit naust ved sjøen.»
«Genialt. Skal du ut og fiske no, då?»
«Det blir vel nokre turar ut i skjergarden, iallfall. Og fiskeutstyr har eg garasjen full av.» Fritz gnir seg i hendene. «Eg kan nesten kjenne sjølufta og høyre måkeskrik.»
«Får eg bli med? Eller har du lyst å fare til havs og filosofere åleine?»
«Det er god plass i båten. Den er jo ti fot. Men ta med mat, slik at du ikkje blir svolten og sint. Det er ikkje mange pølsekioskar i fjorden.»
«Eg… skal ta med niste, ja.»
Arve vender blikket mot folkehavet ute i den store korridoren. Brått tykkjer han at han ser ei ung jente i våtdrakt og perlekjede smyge seg forbi. Ho kastar han eit raskt blikk der ho går med raude kjakar. Brysta er store og struttar herleg, og anatomien hennar er velforma og svulmande. Ho forsvinn like raskt som ho dukkar opp.
«Kva ser du slik på?» spør Fritz.
«Eg… eg tykkjer eg såg ei jente i våtdrakt gå forbi.» Han klør seg i hovudet.
«Høyrest ut som nokon treng å roe nervane med litt drikkevarer frå polet.» Fritz reiser seg humrande. «Drikk opp kaffien din, so stikk vi heim til meg og drikk. Kjerringa er på venninnetur til London denne veka, so eg har huset for meg sjølv.»
«Hugsar du kor vi parkerte?»
«Ja, naturlegvis. Eg er då ikkje dement!»
Dei to mennene går ut av det travle bakeriet og forsvinn i folkehavet. Den sprengkåte jenta står igjen på utstilling og vrir lett og leikent på seg medan ho bit seg ømt i leppene.
