Steve Watson på nettstaden Modernity.news rapporterer:
World Economic Forum-grunnleggjar Klaus Schwab fortalde delegatar på ein konferanse i Kina sist veke at menneskeheita må bli «tvinga til å samarbeide» med globalistiske organ.
I ein tale på WEF sitt «Annual Meeting of the New Champions» [«årsmøtet til dei nye meistrane»], ofte kalla «Sommar-Davos», i Kina, sa Schwab at for å drive fram den «Fjerde industrielle revolusjonen», må elitar aggressivt trumfe gjennom agendaen sin.
«For å drive fram vidare økonomisk vekst, må vi omfamne innovasjon og tvinge gjennom samarbeid over sektorar, regionar, nasjonar og kulturar, slik at vi kan skape ei meir fredeleg, inkluderande, berekraftig og motstandsdyktig framtid,» erklærte Schwab.
Han la til: «Ved dette kritiske vegskiljet er den aktive deltakinga av alle aksjonærar essensiell for å sikre ein berekraftig utviklingsveg.»
I eit anna klipp skrytte Schwab over KI og andre teknologiformer, og at dei skal finnast overalt, som ein grunn til at menneskeheita «må samarbeide» med den globale eliten.
Han snakka òg om «limits to growth» [«grenser for vekst»], som mange har tolka som ei framsnakking av avfolking.
Schwab, arkitekten bak den sokalla «Great Reset», har i seinare år sagt at han ser føre seg at menneskeheita går over i ein ny tidsalder der der vil finne stad ei «samansmelting av våre fysiske, våre digitale, og våre biologiske dimensjonar» i ei «ny verd».
Schwab har tidlegare erklært at denne nye æraen av integrasjon med «digitale teknologiformer» vil tyde at «vi treng ikkje eingong å halde val lenger».
Han har òg fantasert om at menneskeheita skal omfamne hjerneimplantat, og at leiarar skal få evna til å lese hjernebølgjene til alle.
Som vi [Modernity.news] sette søkjelys på nyleg, står Schwab overfor fleire skuldingar om seksuelt overfall, og for å ha skapt eit fiendtleg arbeidsmiljø for kvinnelege tidlegare tilsette ved WEF.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg «Klaus Schwab skulda for seksuelle overfall på fleire unge stabsmedlemmer», publisert 3.juli 2024.
