Ethan Huff i Natural News rapporterer:
Ny forsking publisert i tidsskriftet Microorganisms avslører at ein av helsekonsekvensane av å bli «vaksinert» mot Wuhan-koronaviruset (covid-19) er eit 37% tap av forventa levealder.
Artikkelen, som har tittelen «A Critical Analysis of All-Cause Deaths during COVID-19 Vaccination in an Italian Province», gjennomgår dødsratar blant ulike grupper menneske, inkludert uvaksinerte, dei som har fått éin dose, to dosar, eller tre eller fleire dosar. Dei som fekk mest dosar er dei som har størst risiko for å døy, er essensen.
Folk som blir stukne med to dosar av ei covid-sprøyte – dei fleste «fullvaksinerte» amerikanarar tok ein av to-dose-mRNA-injeksjonsserien frå anten Pfizer/BioNTech eller Moderna – har 137% større risiko enn uvaksinerte for å døy innan 739 dagar etter sprøyta.
«Vi fann ut at dødsrisiko av alle årsaker er endå høgare for dei som er vaksinerte med éin eller to dosar, samanlikna med dei uvaksinerte og at booster-dosane var ineffektive,» forklarer artikkelen.
«Vi fann òg eit lite, men statistisk betydeleg tap av forventa levealder for dei som er vaksinert med 2 eller 3/4 dosar.» […]
Får vaksinar kjæledyra våre til å leve kortare?
Dersom covid-injeksjonar var den einaste trugselen mot samfunnet, hadde vi hatt ein sjanse. Problemet er at alle vaksine-injeksjonar er knytt til negative helseutfall, inkludert dei som blir administrert til kjæledyr på veterinærklinikkar.
Ei sak som illustrerer poenget, blir fortalt av «Napoleon» (@napoleonbusch2) på X om det veterinær-vaksinar gjorde med ein familie av kvelpar han og hans familie fekk for rundt ti år sidan.
«Der var seks kvelpar og alle døydde av kreft for rundt fem år sidan bortsett frå min George,» skreiv Napoleon. «Han hadde aldri behandling mot lopper eller nokon vaksinar. Han lever framleis i beste velgåande i ein alder av 15, og går turar kvar dag.»
Denne historia fekk ein annan brukar ved namn «Snoid» («Snoidbergg) til å avsløre at veterinærar administrerer dei same vaksinedosane til små hundar som til store, sidan der ikkje finst nokon reguleringar for verken vaksinar eller mat for hundar.
«Berre få uvaksinerte kveldar,» oppmoda Snoid. «Unngå loppegifter og loppehalsband. Mat hunden din med ein diett av rå organ og rått kjøt […] akkurat som ulvar gjer.»
Kattar er vanlegvis dei som trekkjer til seg lopper, sjølv om nokon ved namn «Katharina Münz Kátla Mortensen Katlyn S. Coen» [@katharina_munz) responderte at hennar famile har fem kattar i huset og ingen lopper, trass at dei aldri har brukt anti-loppe-behandling.
«Den einaste gongen vi hadde lopper i huset, var då eg hadde foreldrelause pinnsvinungar,» sa Katharina. «Eg skifta berre ut avisa i buret deira to gonger kvar dag og brende den. Etter 3-4 dagar, ingen fleire lopper.»
Andre skreiv om korleis so mange av hundane deira døydde av kreft, ikkje berre på grunn av vaksinar, men òg på grunn av giftig hundemat.
«Albert Bourla tok master i dyremedisin, so det gjev meining,» skreiv ein annan – Bourla er adm.dir. i Pfizer.
«Verre – han har ei mastergrad i reproduksjon hjå geiter,» svarte fyren med dei seks kvelpane der alle bortsett frå den eine (som var uvaksinert) døydde av kreft. «I dei fleste delar av verda er geiter ein plage. Bourla har ein master i pesthandtering hjå pattedyr. Lat det søkke inn.»
Erin Elizabeth frå Health Nut News vart med i samtalen ved å avsløre at alle kjæledyra hennar har levd i 20 år, bortsett frå ein som berre levde 19 og eit halvt fordi ho var ein redningshund som truleg var eldre til å byrje med enn redningsarbeidarane trudde.
«Kattane våre levde alle i 20 år,» la Elizabeth til.
Det er aldri ein god idé å bli injisert mot Kina-viruset.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
