Kostnader knytt til sosialstønader eksploderer i Tyskland: 47,3% av mottakarane er utlendingar

John Cody på nettstaden Remix News rapporterer:

Nye tyske data viser at eit rekordtal av sosialstønadsmottakarar er utlendingar

Tyskland opplever eksploderande sosialstønadskostnader under den sitjande ytre venstre-regjeringa, der mottakarar fekk rekordhøge 42,6 milliardar euro av «borgarane sine pengar» i 2023, samanlikna med 36,6 milliardar i 2022.

Der er no rekordmange 5,49 millionar borgarar som får folketrygd (eller Taschengeld «lommepengar») – som er det Tyskland kallar velferdssystemet sitt – og rundt rekna 47,3% var ikkje-tyske utlendingar, som er fire poeng meir enn i 2022.

I tillegg var der rekordhøge 6,3 milliardar euro i administrasjonskostnader for folketrygdprogrammet, som er 300 millionar meir enn i 2022, ifølgje statlege data som AfD-parlamentsmedlem Rene Springer fekk tak i etter ein parlamentarisk førespurnad. Dersom desse administrative midlane blir lagt til, blir dermed totale trygdekostnader rundt 48,9 milliardar euro. Bild skriv at dette talet er 14,8% høgare enn i 2023, 18,4% høgare samanlikna med 2020, og 23% høgare samanlikna med 2015.

No har den største forretningsforeininga i Tyskland, DHK, skulda den venstre-liberale regjeringa for å bevisst skape problem som eroderer vekk skattestyrken til Tyskland og forverrar situasjonen rundt arbeidsløysa.

AfD publiserte ei melding om dei skyhøge kostnadene av borgar-«lommepengar», og skriv: «Kva slags land i verda lèt seg sjølv bli utnytta på denne måten?» Meldinga held fram, og skriv at «prosentdelen av folk som får trygdeytingar har meir enn dobla seg samanlikna med 2010 (19,6%). Og vi snakkar berre om folk som ikkje har tysk statsborgarskap. Tyske borgarar med innvandrarbakgrunn er ikkje inkludert i dei 47,3 prosentane.»

AfD skriv at mange tyske mottakarar nyleg kan ha vore utlendingar, men sidan dei fekk tysk statsborgarskap, har dei rett og slett blitt registrert som tyskarar i statistikken. Den tyske staten sporar ikkje innvandrarbakgrunnen til personar so fort dei får tysk statsborgarskap, som òg er tilfellet for tysk kriminalitetsstatistikk, som likevel viser at 41% av alle brotsverk og 6 av 10 valdelege brotsverk blir utført av utlendingar.

(Sjå òg «Innvandrarkriminalitet når nye rekordnivå i Tyskland», publisert 16.april 2024.)

Dataa stikk eit stort hol i påstandane om at nykomarar skal hjelpe til med å betale for tyske pensjonistar og hjelpe til å fylle behovet i den tyske industrien, som desperat leitar etter faglærde arbeidarar. Faktisk viser dataa at den tyske staten brukte 48,2 milliardar euro på innvandrarar, inkludert sosialbustader, medisinske kostnader, utdanning, integrasjonskurs og andre utgifter.

Kristendemokratane (CDU), som i stor grad var ansvarleg for at mange av innvandrarane kom til landet under Angela Merkel, fordømte òg dei aukande kostnadene. Økonomiekspert Jens Spahn sa til Bild: «Borgar-lommepengane driv konstant og set negative rekordar når det gjeld å hindre arbeid, og aukande kostnader. Eit stort fleirtal av tyskarar synest rett og slett dette er fullstendig urettferdig.»

Han sa at mange kan tene meir ved å rett og slett vere arbeidsledige, noko som svekkjer økonomien.

«Borgar-lommepengane burde bli avskaffa,» sa han.

Det føderale sysselsetjingsbyrået indikerte at 2,6 millionar borgar-lommepenge-mottakarar var utlendingar, eit hopp frå 368 000 eller 16,5% frå 2023.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget