Nigeriansk innvandrar knivstikk politibetjentar, slepp ut, går til åtak nok ein gong, slepp ut IGJEN!

Steve Watson på nettstaden Modernity.news melder:

Denne historia oppsummerer den fullstendige lovløysa Tyskland opplever på grunn av ukontrollert masseinnvandring.

Remix News, som siterer den tyske avisa Bild, skriv at ein nigeriansk innvandrar utførde tre ulike åtak på mindre enn 24 timar, inkludert forsøk på å bortføre eit barn, so vel som å gå til åtak på og knivstikke fleire politibetjentar.

Likevel er mannen på mystisk vis framleis fri, sjølv om han vart arrestert etter kvar hending.

I reportasjen står det: «Fredag, kl. 12:45 om ettermiddagen, tok mannen ein ni år gammal gut ved hovudstasjonen i Karlsruhe i delstaten Baden-Würtemberg, lokalisert sørvest i Tyskland. Politiet greip inn for å redde guten, og den afrikanske mannen beit ein av betjentane, medan tre andre politimenn fekk sår på huda under basketaket.»

Den held fram: «So, 13 timar seinare, ønskte den same mannen å reise utan gyldig billett, og gjekk på nattoget kl. 1:50 om natta. Då politibetjentar konfronterte han med hans ulovlege handling, eskalerte situasjonen ganske raskt.»

Artikkelen forklarer vidare: «Mannen gjorde betydeleg motstand og stakk gjentekne gonger betjentane bak frå med bladet til ein kniv, sa ei talskvinne i politiet. Ein av betjentane vart stukne i hovudet, armen og handa, medan ein annan betjent vart skoren på beinet. Begge politibetjentane vart behandla på sjukehuset og er ute av stand til å arbeide medan dei er på rekonvalesens for skadane sine.»

So kjem det skandaløse.

«Trass forsøk på å tiltale mannen, sleppte den offentlege påtalestyresmakta nigerianaren laus.»

Kva faen?

So gjekk innvandraren atter ein gong på toget utan gyldig billett og gjekk til åtak på endå ein politibetjent.

Han vart arrestert igjen, og straks sleppt laus av ei offentleg påtalestyresmakt igjen.

Forsøk frå avisa Bild på å få ei forklaring frå påtalekontoret for kvifor mannen ikkje vart halden i varetekt og sikta, lykkast ikkje ifølgje reportasjen.

Denne galskapen skjer fleire gonger for dag i tyske byar.

Slik ser gatene i desse tyske byane ut no.

Som vi [Modernity.news] tallause gonger har sett søkjelys på, er utanlandske innvandrar-mistenkte ansvarlege for nesten 6 av 10 valdelege brotsverk i Tyskland, ifølgje nye tal offentleggjorde av den føderale regjeringa.

Trass at dei berre utgjer rundt 14,6% av befolkninga, var innvandrarar ansvarlege for 58,5% av alle valdelege brotsverk.

Høgprofilerte figurar, inkludert politikarar, har blitt straffeforfølgde av tyske styresmakter for kommentarar som trekkjer merksemd til problemet, medan det politiske etablissementet held fram sine forsøk på å forby det høgreorienterte anti-migrasjonspartiet AfD under påskot av å «redde demokratiet».

Det er akkurat denne typen nonsens som den tyske fotballstjerna Toni Kroos viste til nyleg då han kommenterte at heimlandet hans er farleg ugjenkjenneleg på grunn av masseinnvandring.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget