Mel Gibson skriv brev til erkebiskop Viganò etter at pave Frans stengde erkebiskopen ute frå den katolske kyrkja

Shane Trejo på nettstaden Big League Politics rapporterer:

Den ikoniske skodespelaren og den tradisjonalistiske katolikken Mel Gibson skreiv eit brev til erkebiskop Carlo Maria Viganò etter at sistnemnde vart ekskommunisert [stengt ute, lyst i bann; oms. an.] frå den katolske kyrkja av pave Frans.

Vatikanet hevda at Viganò var skuldig i skisma [splitting innanfor eit kyrkjesamfunn] for at han «nekta å anerkjenne og underkaste seg paven» og tvile på «legitimiteten og den autoriteten til det Andre vatikanske rådet». Som eit resultat av ekskommunikasjonen hans, kjem Viganò til å bli nekta nattverd [engelsk Eucharist] og gjort om til ein paria [utstøytt] i si eiga kyrkje heilt til han underkastar seg reglane deira. Viganò har gjort det tydeleg at dette aldri kjem til å skje frå hans side.

«Eg ser på skuldingane mot meg som ei ære,» sa Viganò på trass.

Motet til Viganò har gjort han fortent til respekten til Gibson, som etter planen skal gje ut ein mykje etterlengta oppfølgjar til The Passion of the Christ i næraste framtid.

«Eg håper De vil halde fram med å gå til messe og motta sakramentet sjølv – det er verkeleg eit heidersteikn å bli utstøytt av det falske rådet i kyrkja,» skreiv Gibson i brevet sitt. «De har min største sympati for at De lid offentleg på grunn av denne graverande uretten. For meg og mange andre er De ein høgst tapper helt.»

«De er ein moderne tids Athanasuis!» skreiv Gibson, og samanlikna dermed Viganò med ein ortodoks leiar som i det fjerde hundreåret etter Kristus gjentekne gonger vart sendt i eksil for å halde seg sterk i trua. «Eg har all respekt for måten De forsvarer Kristus og Hans kyrkje.»

Big League Politics har rapportert om korstoget Viganò har mot korrupsjon i den katolske kyrkja ettersom pave Frans perverterer doktrinen og fremjar globalisme frå preikestolen:

«Ein katolsk erkebiskop som tidlegare tente som Vatikanet sin ambassadør for USA, skuldar element i det katolske hierarkiet for å operere som ei ‘djupkyrkje’, at dei samarbeider med den sokalla amerikanske djupstaten.

Erkebiskop Viganò er kjent som litt av ein konservativ ‘dissident’ i det katolske episkopatet, der han er mest kjent for å offentleg skulde pave Frans og andre høgtståande vatikanske tenestemenn for å mislykkast i å gjere noko etter å ha blitt gjort merksame på truverdige skuldingar om seksuelt misbruk mot den no vanæra amerikanske eks-kardinalen Theodore McCarrick.

Skrivet kan lesast i sin heilskapLifeSiteNews. I brevet snakkar Viganò kritisk om pave Frans, ein praksis som er eksepsjonelt sjeldan innan kollegiet av katolske biskopar, for ikkje å snakke om at dette blir gjort av ein erkebiskop som nyleg tente som ein framtredande medlem av det diplomatiske hierarkiet i kyrkja. Erkebiskop Viganò snakkar om den tradisjonelle jesuitten (ein religiøs orden der paven byrja sin kyrkjekarriere) sin praksis om å takke nei til autoritetsposisjonar i det katolske hierarkiet.»

Det er på tide for samvitsfulle menn å gjere motstand mot vonde, korrupte institusjonar. Mel Gibson har rett i at Viganò er ein helt, og fleire må ta til seg motet hans for at kristendommen og den vestlege sivilisasjonen skal halde fram i generasjonane som kjem.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget