Russisk politisk vitskapsmann åtvarar: Verda er på kanten av ein avgrunn

Cassie B. i Natural News melder:

Ein høgtståande politisk vitskapsmann har åtvara at Vesten kan vere på randa av å handle uvørdent i det dei ser påverknadskrafta si forsvinne i kjølvatnet av Ukraina-Russland-konflikten.

I ein tale under ein rundbordsdiskusjon denne veka åtvara Aleksandr Dynkin, direktør ved Det russiske akademis institutt for verdsøkonomi og internasjonale relasjonar, at verda er «på kanten av ein avgrunn» oppi eit betydeleg maktskifte.

Medan setet til den globale verdsordenen brukte å vere i Europa, har den vore i USA ganske lenge. Derimot trur Dynkin at alt dette er i ferd med å endre seg, sidan Russland, India og Kina nyt veksande påverknadskraft som vil bli vidare forsterka av konflikten i Ukraina og sluttresultatet til denne. Han sa at «det politiske Austen» har potensial til å bli ein likeverdig partnar til «det politiske Vesten».

India og Kina har motstått krav om å fordømme Russland på grunn av sistnemnde si åtferd i Ukraina, og den indiske statsministeren Narendra Modi var til og med på besøk i Moskva sist veke og sette seg ned og prata med den russiske presidenten Vladimir Putin.

Den svinnande globale påverknadskrafta til Vesten og dei mentale vanskane til den amerikanske presidenten Joe Biden, kan utløyse desperasjon og inspirere Vesten til å ta «uvørdne» avgjerder, ifølgje Dynkin.

Han sa at sist gong verda var so nær ein komplett katastrofe, var under Kubakrisa for seksti år sidan.

Russland følgjer proaktivt danninga av ein ny verdsorden

Den russiske presidenten Vladimir Putin har reist i veg på ein diplomatisk offensiv i utviklingsland i Afrika og Asia, og appellert til frustrasjonane deira overfor Vesten ved å tilby dei eit alternativ.

Under eit toppmøte som vart halde ikkje førre veke, men veka før, lovde han å få opp og gå ein ny «eurasisk arkitektur av samarbeid, udeleleg tryggleik og utvikling».

Han forklarte: «Dette nye rammeverket burde erstatte dei avleggse, Europa-sentriske og euro-atlantiske modellane som gav einsidige fordelar til visse statar.»

Putin er godt klar over at det globale Sør er ein viktig del av å oppnå målet hans, og han har drive og arbeidd med Kina for å flytte den globale maktbalansen i deira favør.

Komande oktober skal Russland vere vert for eit toppmøte for BRICS-blokka av nasjonar, som fekk fire nye land som medlemmer tidlegare i år. Meir enn 30 ventar framleis på at søknadene deira skal bli godkjende, inkludert Thailand og Malaysia.

Det er viktig å merkje seg at BRICS skil seg frå EU og NATO i at dei har eit laust rammeverk, og at krava for å bli med er sett på som langt mindre strenge. Land i utvikling kan dra stor økonomisk nytte av å bli med, utan behovet for å bli eit demokrati eller tilpasse økonomien i tråd med vestlege standardar.

I tillegg til å lokke med utbreidd støtte for ein multipolar verdsorden via BRICS, er Putin òg ute etter å utvide ein anti-USA-koalisjon som òg skal inkludere Midtausten og Nord-Korea. For å oppnå dette besøkte han nyleg Nord-Korea og møtte diktator Kim Jong Un. Dei to leiarane erklærte ei ny pakt som skal gje gjensidig militær assistanse mellom dei to landa, om eitt av dei skulle bli angripe. Han informerte òg at Russland kan gje våpen til Nord-Korea, som kan få ein destabiliserande effekt på Korea-halvøya og det USA-allierte Sør-Korea.

I mellomtida har politisk uvisse i USA i forkant av presidentvalet, og splitting mellom vestlege nasjonar på grunn av krigen og folkemordet i Gaza, ført til enkelte sprekkar i vestlege alliansar. Sjølv om enkelte land i utvikling ikkje naudsynlegvis er einige med Putin om alle temaa, er mange viljuge til å leggje desse reservasjonane til side i håp om å styrke økonomien sin og gå inn i ei meir prominent rolle på verdsscena.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget