Russia Today (RT) melder:
Der har vore ein nedgang i bruken av det ukrainske språket i det nasjonale skulesystemet, ifølgje ein studie rapportert av ukrainske media måndag [15.juli 2024].
Kiev ser på det ukrainske språket som ein kjernedel av sin nasjonale identitet, og har innført streng politikk for å fjerne andre språk frå det offentlege rommet. Russisk, som har blitt snakka i utbreidd grad i Ukraina sidan før landet vart uavhengig på 1990-talet, har blitt utpeikt som uønskt av tenestepersonar.
I ei spørjeundersøking utført av Den statlege tenesta for utdanningskvalitet, sa 74% av elevar i skuleåret 2023/2024 at ukrainsk var morsmålet deira, samanlikna med 91% i førre skuleår.
Liknande fall frå det eine året til det andre vart registrert blant foreldre (93% til 82%), og lærarar (94% til 86%). Reduksjonen blant elevar ligg under talet for skuleåret 2021/2022, då det vart rapportert å liggje på 82%.
Undervisning på ukrainsk er obligatorisk i timane for lærarar, som er statleg tilsette. Sist veke klaga Taras Kremin, Kievs kommisjonær for beskyttelsen av statsspråket, at barn vel å snakke ikkje-ukrainske språk, trass innsats frå hans kontor.
«Eit barn utanfor skulesamanheng bruker tenester, besøker butikkar og kafear, ser eksterne reklamar og skilt på ikkje-statleg språk, høyrer ikkje-statleg [språk] heime,» sa Kremin.
Resultatet er at barn endar opp med å bli tospråklege, eller ikkje beherske statsspråket godt nok, noko som tydar at det må sterkare skyts til for å påtvinge dei det ukrainske språket, antyda tenestemannen. Minoritetsspråk kjem til å bli nesten heilt forbodne i ukrainske media seinare denne veka – eit scenario som Kremin tidlegare hylla.
Ifølgje den nye statistikken snakkar mindre enn 40% av barn berre ukrainsk i uformelle samanhengar. Dette varierer betydeleg alt etter geografien, frå berre 17% aust i landet [som grensar mot Russland] og 74% i vest – som samsvarer med den historiske fordelinga av etniske russarar i Ukraina.
Statstenesta føreslo at reduksjonen delvis kan forklarast ved hjelp av innsamlingspartiskheit [engelsk sampling bias], sidan «studien dette året inkluderte fleire informantar som stort sett heldt seg til urbane område».
«Det er kjent at byregionar tradisjonelt tener som eit fokuspunkt for den russisktalande komponenten,» forklarte den.
Parlamentstalar Ruslan Stefanchuk hevda i fjor at «der ikkje finst nokon russisk-etniske minoritetar i Ukraina» sidan ingen støttegrupper for slike menneske blir anerkjent i landet.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
