USA-leia eining i Ukraina involvert i AVRETTING av russiske fangar

Ramon Tomey i Natural News rapporterer:

Ei USA-leia eining i Ukraina skal visstnok vere involvert i avretting av fanga russiske soldatar, og slike handlingar er i direkte strid med Genève-konvensjonen.

New York Times (NYT) rapporterte at the Chosen Company, som er bygt opp av utanlandske soldatar, utfører potensielle krigsbrotsverk. Ifølgje nettsida deira, vart Chosen Company tidlegare kalla det 312. Friviljuge Kompani før dei vart reorganiserte, relokaliserte og fekk nytt namn tidleg i 2023. På noverande tidspunkt er Chosen Company knytt til den 59. brigaden til Dei ukrainske væpna styrkane (AFU).

NYT-artikkelen la ut i detalj om korleis amerikanske soldatar deltok i einingar som utførde mord utan rettssak på russarar som overgav seg til AFU. Den viste til den tyske friviljuge Caspar Grosse, ein lege i Chosen Company, som kjelda for mange av hendingane som vart skildra i artikkelen. Grosse observerte visstnok krigsbrotsverk bli utført av kompaniet, og la til at samvitet hans har tvinga han til å snakke ut om det.

Legen fortalde om ei hending i august i fjor der ein såra, uvæpna russisk soldat prøvde å overgje seg fredeleg ved å krype på alle fire og rope på dei ukrainske frontlinjene. Soldaten trygla om medisinsk behandling i ei blanding av russisk og dårleg engelsk. Ein teammedlem leita etter bandasjar, og hadde som intensjon å hjelpe dei overgjevande soldaten.

Men ifølgje Grosse gjekk ein av hans medsoldatar over til den russiske soldaten og skaut han i brystet. Ein annan medsoldat skaut, og såra denne gongen den skadde soldaten i hovudet. «Han vart so opprørt over episoden at han konfronterte sin kommanderande,» skreiv NYT, og skreiv vidare at Grosse vendte seg til New York Times «etter det han såg på som unaudsynte drap heldt fram». […]

(Sjå òg «Moskva reagerer på rapportar om vestlege leigesoldatar som utfører krigsbrotsverk mot russiske fangar i Ukraina», publisert 9.juli 2024.)

Formidlaren viste òg til ei tidlegare hending som er støtta av opptak, som involverte ein Chosen Company-medlem som drap ein overgjevande russisk soldat som allereie hadde hendene i vêret ved å kaste ein granat mot soldaten. «Det ukrainske militæret offentleggjorde ein video av episoden for å vise kor flinke dei var på slagmarka, men redigerte ut sjølve overgjevinga,» stod det å lese.

Chosen Company vart utvalt til å gjere skitarbeidet

Ifølgje Great Game India blir Chosen Company «hovudsakleg rekna som det mest ærefulle og velkjende kompaniet av friviljuge internasjonale soldatar». Men dersom ein skal bruke avsløringane til Grosse som grunnlag, ser det ut til at kompaniet er langt frå ærefullt.

Legen avslørte òg at ein gresk soldat kjent under krigsnamnet Zeus stod i sentrum av fleire hendingar som involverte drap på russiske krigsfangar, eller dei som var i ferd med å overgje seg. Grosse delte òg ein tekst frå dagboka si om ei slik hending som la ut i detalj om involveringa til Zeus.

«I dag avretta ein god venn med glede ein bunden fange. I det fangen sat i ei skyttargrav med jakka over skuldrene, om Zeus bak han og skaut han i bakhovudet fleire gonger.»

Bortsett frå dette gjekk NYT òg gjennom tekstmeldingar frå ein gruppesamtale som involverer fleire medlemmer av Chosen Company. Soldatane «skrytte i ei gruppe av å drepe russiske krigsfangar under eit oppdrag i oktober. Ein soldat som kort hadde kommandoen den dagen, viste til drapa ved å bruke eit slanguttrykk for å skyte.»

«Dersom noko kjem ut om påståtte drap på krigsfangar, var det eg som gav ordre om det. I [menneskerettsdomstolen i] Haag angrar eg ingenting,» sa soldaten som gjekk under krigsnamnet Andok. Han la til eit bilete av ein kroatisk krigsforbrytar ved namn Slobodan Praljak, som gjennomførde sjølvmord i Haag ved å drikke ein flakong med gift etter å ha motteke dommen sin. Då Andok vart spurt om meldinga, sa han i eit intervju at han hadde spøkt.

Great Game India kommenterte avslutningsvis at NYT-artikkelen «mest sannsynleg berre er toppen av isfjellet». Dei la til: «Kor mange slike liknande krigsbrotsverk blir utførde av desse utanlandske einingane?»

«Fram til i dag har hovudstraumsmedia sett ut til å avfeie liknande misbruk gjort av ukrainske soldatar, og i staden fokusere berre på kva dei invaderande gjer av udådar. Der er truleg mange fleire tragiske, skandaløse tilfelle som dette

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget