Dr. McCullough: Folk over heile verda blir stadig meir skeptiske til «pandemi»-marknadsføring

Dr. Peter McCullough skriv, her henta frå nettstaden LifeSiteNews:

Eg brukte litt tid med den australske journalisten Melinda Richards Live On TNT nyleg, og ho la fram teamet «marknadsføringsøvingar» for pandemiar, både covid-19 og no fugleinfluensa.

Lat oss lytte til perspektiva hennar frå Australia, eit land som irrasjonelt stengde ned, tvinga på folket utrygge og ineffektive covid-19-vaksinar, og som no ser etter ein veg vidare etter fleire års skam av regjeringsleiarar og folkehelsetoppar.

No rapporterer Richards at der er masseslakt av friske kyllingar på grunn av fugleinfluensarelaterte «biotryggleikstiltak». Desse retningslinjene vil avgrense gode proteinkjelder og kvele matforsyninga. I staden burde bønder og folkehelsetoppar late naturleg immunitet overfor H5N1 å få utvikle seg hjå dyr og menneske.

Naturlegvis kan folk førebu seg ved hjelp av jod utvatna i nasespray og som gurglevatn, og få tak i sett med fleire legemiddel for tidleg behandling dersom meir alvorlege tilfelle utviklar seg. Eg la vekt på at vi aldri burde vaksinere dyr eller menneske midt i ein høgst utbreidd viruspandemi. Det vil slå tilbake på oss sjølve og få resistente variantar til å dukke opp, slik vi såg under SARS-CoV-2-utbrotet.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Intervjuet mellom McCullough og Richards kan sjåast her.

Kommenter innlegget