Driv innvandrarar i Canada og bæsjar på strendene?

Christopher Tomlinson på nettstaden The National Pulse melder:

Ein kanadisk innbyggjar har gått ut på sosiale media for å klage over ein trend der gjester i eit lokalt strandsamfunn bæsjar langs stranda, og han legg skulda for dette på innvandrarar.

TikTok-kontoen itsnattylxnn2.0 skriv at ho er dritlei av at folk slår opp telt og skit på stranda i Wasaga Beach i Ontario.

«Eg er møkklei av at folk driv og bæsjar på stranda. Det er det dei gjer heime, der dei kjem frå. Vi er ikkje ‘heime’, vi er i Canada. Som ein lokalinnbyggjar nektar eg å late barna mine grave i sanden på stranda,» seier ho i videoen sin.

Ontario Parks hevdar at dei ikkje er klare over problemet, og sa at ingen av deira mannskap har observert folk gjere frå seg på stranda. Dei set samstundes søkjelys på den rikelege tilgangen på toalett langs stranda.

Skuldingane er derimot ikkje nye, sidan ein nyheitsreportasje frå 2021 skreiv at innbyggjarar hadde klaga over slik åtferd til ordføraren i Wasaga Beach, noko som førde til forsterka handheving av retningslinjer for parkar av Ontario Parks og provinspolitiet i Ontario.

Eldre nyheitsartiklar rapporterer om liknande åtferd i delar av provinsen, inkludert Port Colborne og Gravenhurst.

Dei siste åra har regjeringa til woke-statsminister Justin Trudeau opna slusene for masseinnvandring, noko som har ført til den største befolkningsveksten Canada har sett på fleire tiår.

Spesielt har indiske statsborgarar kome til Canada i rekordhøge tal via studentvisum, mellombelse arbeidsprogram for utlendingar, og tradisjonelle former for migrasjon.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget