Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice melder:
Den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu har lovprist IDF for å ha utført ein «presis og vellykka operasjon» meir enn 1700 kilometer unna grensene til landet.
Han sa at dette burde tene som ei tydeleg åtvaring til alle fiendar av den jødiske staten.
Det israelske militæret sine forsvarsstyrkar lanserte sitt fyrste nokosinne direkte storskala-luftraid mot Jemen laurdag [20.juli 2024], der dei hadde valt seg ut som mål hamnebyen Hodeihah.
RT rapporterer: Åtaket utløyste ein massiv brann i oljeterminalen i hamna og førde til minst 80 såra, ifølgje ei førebels oppteljing gjort av helseministeriet i Sanaa.
«Hamna vi gjekk til åtak på er ikkje ei uskuldig hamn,» hevda Netanyahu i ein video som vart offentleggjort laurdag kveld. «Den vart brukt for militærføremål, den vart brukt som ein inngangsportal for dødelege våpen forsynt til houtiane av Iran.»
«Åtaket kjem som direkte respons på drapsdrone-åtaket i går som drap éin person og skadde fleire andre hundre yards [91,44 meter] frå det amerikanske konsulatet i Tel Aviv,» la den israelske leiaren vekt på, berre nokre dagar før han etter planen skal halde tale føre den amerikanske kongressen i Washington D.C.
Droneåtaket tidleg fredag, lovprist av houti-rebellar som ein «betydeleg militæroperasjon», drap ein israelsk statsborgar og skadde minst ti andre. IDF påstod at ein uspesifisert «menneskefeil» førde til at dei ikkje kunne avbryte dronen eller i det minste åtvare, sjølv om den ifølgje lokale media hadde blitt registrert av luftforsvar i forkant.
Åtaket til Israel på Jemen «gjer det klart for våre fiendar at der ikkje finst nokon stad på jorda der Israels lange arm ikkje vil nå», la Netanyahu til i ein hebraisk versjon av talen, som Times of Israel viser til.
Houti-gruppa som kontrollerer ein stor del av Jemen har angripe israelsk-tilknytte handelsskip i regionen sidan oktober, i solidaritet med palestinarar i Gaza. Ein USA- og Storbritannia-leia koalisjon har drive og utført luftåtak mot gruppa, som dei hevdar er ein stadfortredar for Iran, men innsatsen ser ut til å ha bore lite frukter.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
