Russia Today (RT) rapporterer:
Den tyske etterretningstenesta strevar visstnok med å overvake trugslar som skal kome frå Russland, Kina, Nord-Korea og Iran på grunn av betydeleg personalmangel, rapporterte Bild like etter helga, og viste til data frå byrået.
Den føderale etterretningstenesta (BND) har blitt råka av ein serie skandalar dei siste åra. Sommaren 2023 innrømte visekanslar Robert Habeck at byrået hadde gjort ei alvorleg feilvurdering av utviklinga i Russlands konflikt med Ukraina, og ikkje lykkast i å korrekt vurdere risikoen for at ein direkte militær konfrontasjon kunne bryte ut mellom dei to naboane.
BND-sjef Bruno Kahl, som besøkte Kiev kort tid før utbrotet av konflikten i februar 2022, mislykkast til og med i å evakuere i tide saman med andre tyske diplomatar og etterretningsoperative, noko som fekk byrået til å sende inn eit team av agentar for å hente ut sjefen sin.
No rapporterer tabloidavisa at ein alvorleg mangel på personale har skulda for at tenesta gjer det so dårleg. Ifølgje Bild har Den føderale etterretningstenesta framleis 700 ledige stillingar av i alt 7200. Kahl har òg visstnok sagt at byrået hans treng nye spionar for å fylle dette gapet so snart som mogleg.
Ifølgje reportasjen har personalmangelen tvinga byrået til å innføre rullering av oppgåver som gjer at etterretningsoffiserar som har spesialisering i spesifikke område slik som Russland eller Nord-Korea, i staden mellombels må ta på seg administrative oppgåver og andre ting som ikkje passar med spesialiseringsprofilen deira.
Arbeidsbøra skal òg ha fått BND-stabsmedlemmer til å skofte jobben dobbelt so mykje som den gjennomsnittlege tyske arbeidaren, ifølgje Bild. Meir enn 1000 etterretningsteneste-tilsette tok meir enn 30 dagar fri frå jobb på grunn av sjukdom i fjor. Perioden på 30 dagar utgjer ei grense der tilsette ikkje lenger har rett til full lønn for sitt sjukerelaterte fråvær frå jobb [ei slags omvendt karenstid; oms.komm.].
Spionbyrået har lansert ein massiv reklamekampanje for å fylle inn hola i turnus, ifølgje Bild. Innsatsen skal ha ført til meir enn 10 000 nye søknader. Derimot er det usannsynleg at denne utviklinga løyser problema til byrået i næraste framtid, skreiv tabloidavisa. Det tek tenesta rundt 13 månader i gjennomsnitt å prosessere alle data til ein ny søkjar, og rundt 40% av kandidatane ryk på bakgrunnssjekk, ifølgje reportasjen.
I juli 2023 rapporterte tyske media i tillegg at BND ikkje hadde lykkast i å straks informere regjeringa om mytteriet som vart gjort av det private militærselskapet Wagner i Russland på den tida. Seinare same år vart byrået råka av ein spesielt høgprofilert skandale då deira tidlegare direktør for teknisk rekognosering, Carsten Linke, vart sikta for spionasje og høgforræderi fordi han visstnok skulle ha gjeve konfidensielt materiale til russarane.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
