Nye tonar frå Zelensky: «Vi må avslutte krigen so snart som mogleg!»

Mac Slavo på nettstaden SHTFPlan melder:

Herskaren i Ukraina, som er kjent for å trekkje i langdrag konflikten med Russland, seier no at «vi må avslutte krigen so snart som mogleg». Volodymyr Zelensky hevdar no at han bryr seg om liv, ikkje berre dei han har verva til å kjempe i krigen.

Herskaren i Ukraina kom med kommentarane medan han snakka med kardinal Pietro Parolin, utanriksministeren til Vatikanet, som besøkte Kiev. Zelensky takka Vatikanet for eit «sterkt signal» om støtte til Ukraina. «Eg trur at vi alle forstår at vi må avslutte krigen, so snart som mogleg, naturlegvis, for å ikkje tape liva til desse menneska,» sa Zelensky på engelsk, ifølgje videoen som vart lagt ut på Telegram-kanalen hans.

Ifølgje ein reportasje av RT, sa Zelensky førre veke til BBC at han håpte på å avslutte den «varme fasen» av krigen «innan slutten på året», og at ingen ønskte å halde konflikten gåande «i ti fleire år eller lenger».

Derimot, i det same intervjuet der Zelensky såg ut til å vere klar for «fred», sa han at løysinga hans var at Ukraina sine allierte i Vesten skulle seie seg einig i å støtte hans versjon av ei «fredsoppskrift» og presentere den til Russland som ei samla blokk.

«Fredsoppskrifta» er ei liste av krava til Zelensky og vart fyrst avdekt i november 2022. Enkelte av krava han vil ha gjennomslag for, er at Russland trekkjer seg ut av alle territorium som Ukraina hevdar er deira eigne, inkludert Krim og Donbas, og betaling av krigserstatning. Han vil òg ha krigsforbrytar-rettssaker for den russiske leiarskapen, og at Ukraina skal bli medlem i NATO (North Atlantic Treaty Organization). Moskva har avvist alle desse krava som vrangførestillingar.

Russland har gjentekne gonger sagt at dei er viljuge til å forhandle om ein slutt på fiendtlegheitene i Ukraina. Førre månad kom Putin med ei liste av vilkår for våpenkvile, inkludert at Kiev skulle gje opp sitt håp om å bli med i NATO, at dei trekte seg ut av russiske regionar, og at alle sanksjonar mot Vesten skulle opphevast.

Med tanke på at dette òg er ein openberr stadfortredarkrig mot Vesten, er ikkje noko av dette sannsynleg. So medan Zelensky snakkar om fred, vervar han medlemmer av slaveklassen sin til å kjempe og døy for ei sak som det er høgst usannsynleg at han vil vinne – meir makt og kontroll over dei som er igjen når støvet har lagt seg.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget