Skitarbeid på ærverdige Sandviken sjukehus

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.

Det er juli månad og Bergen er råka av ei intens, trykkjande, hittil usett hetebølgje. Hissige klimaaktivistar meiner dette skuldast menneskeskapt global oppvarming, og driv for tida og herjar rundt om på flyplassar for å stoppe dei ekstremt forureinande flya frå å ta av og lette frå desse livsviktige knutepunkta. Her skal det hamrast inn klimaskam i skoltane på flådde, lutfattige nordmenn, der fleirtalet er ei inkassosak unna å hamne på gata på grunn av politikarskapt økonomisk og samfunnsmessig uro.

Sandviken sjukehus like nord for Bergen sentrum har for tida stort trøkk av pasientar – mange har kome til eit punkt der dei ikkje orkar meir, og har difor hamna i klørne på psykiatrien. Det vil finne stad poenglause utreiingar når leiinga der har tid, og resultatet vil som regel bli at dei blir pælma ut i dei brennvarme sommargatene so fort som mogleg. Fleire ventar i kø på å «sone» ein periode på Sandviken – her må det gjennomførast det som på det kvasiintellektuelle fagspråket til psykologar, psykiatrar og psykopatar blir kalla mental triage.

Temperaturen i det gamle, ærverdige bygget nærmar seg 40 grader. Verneombodet trugar med å stengje arbeidsplassen, og den sokalla leiaren er på ferie. Ferievikarar fyller opp dei gapande hola i turnus, og to av dei er Ailin og Stubert, som tidlegare jobba som nattevakter på ein viss privat sjukeheim eit par kilometer lenger nord i bydelen. Dei har tappert kjempa seg gjennom nok ei nattevakt – på grunn av nemnde personalmangel jobbar dei brutale «Nordsjøskift»: åtte dagar på, åtte dagar fri. Stadleg tillitsvalt godkjende turnusordninga under sterk tvil, og berre etter å ha konferert med fagforeininga sentralt.

Dei to erfarne sjukepleiarane sit med raude auge og bleike tryne i ein sofa inne på personalrommet, der lukta av nytrakta kaffi ligg tung i lokalet. Ei anna, ikkje fullt so behageleg lukt ligg òg som eit klamt, ømt teppe i rommet. I den andre sofaen sit dagskiftet, der ein av dei er vikarierande lege Gudrun Staurfylladóttir (opphavleg frå Island). Ho er godt oppi 60-åra, og hadde eigentleg tenkt å pensjonere seg då ho fekk eit tilbod frå vikarbyrået som ho ikkje kunne takke nei til: Ein sommar som stadfortredar for overlegen på sjølvaste Sandviken.

«Har de noko å rapportere frå natta?» spør ho med sin nusselege sagaøy-aksent.

«Det er ei ganske so ubehageleg lukt i heile bygningen,» seier Stubert. Ailin sit der med dei vakre, isblå auga i kryss – ho klarer knapt å halde seg vaken. Dette er åttande og siste nattevakta før dei skal ta åtte velfortente dagar fri (med mindre der oppstår sjukdom hjå nattevaktene, naturlegvis!).

«Ja, det kjenner eg,» svarer doktor Gudrun. «Kva har skjedd? Er der ròten mat i kjøleskapet?»

«Det kjem frå eit av dei avstengde romma på psykoseavdelinga,» seier Stubert. Ailin lukkar auga eit kort sekund, men rykkjer til då Stubert diskret dyttar til ho.

«Aha…» Legen gnir seg på haka. «Det er der vi har Morfin-Mona og Midazolam-Merete på permanent oppbevaring i påvente av ei framtidig rettssak.»

Stubert og Ailin vekslar kvarandre raude, trøytte blikk. Ingen veit at dei brukte å jobbe på same avdeling som desse to skaplesbiske mordarkvinnene. Dei to var heldige som fekk seg jobb igjen i det heile då sjukeheimen vart lagt ned for ei tid tilbake.

«Vel,» seier legen etter nokre sekund stillheit. «Om de ikkje har noko meir å rapportere, kan de få tre av.»

«Greitt, ha ei god vakt,» seier Stubert og reiser seg. Ailin mumlar noko grautete, før ho stavrar seg på beina. Ho flyt over golvet i ein døs og følgjer kollegaen som ein bleik skugge ut døra. No skal dei sove i eit halvt døger – minst!

Nokre minutt seinare er doktor Gudrun og to mannlege pleiarar nede i psykoseavdelinga. Ho låser opp døra til den polstra cella der Merete har lege i fleire veker etter at ho vart frakta hit i all hast etter ordre frå høgste hald. Stanken slår imot dei frå det bekmørke rommet, og alle blir både bleike og spygrøne i leten. Døra går igjen med eit smell.

Nøyaktig to minutt seinare går Gudrun og fire mannlege pleiarar inn i rommet igjen, denne gongen kledd i fullt smittevernutstyr frå topp til tå. Lyset kjem på for fyrste gong sidan Merete vart bunden fast til den solide senga med uslitelege psykiatri-reimar.

«Å, fytti grisen!» utbryt den eine pleiaren.

Der det tidlegare låg eit levande skjelett ligg det no eit daudt eit. Beingrinda er dekt av rotnande kjøt, og svære, feite, ekle makkar kryp rundt og har tidenes fest. Alt i rommet er rotna vekk, berre reimane heng att rundt armane og beina. Eit par perleøyredobbar og eit sølvsmykke med eit hjarteforma, diamantspekt anheng ligg i det rotnande kjøtet og glitrar so patetisk. Den kroppen har vore daud lenge.

«Vel…» seier doktor Gudrun. «Vi kan trygt seie at Merete aldri vil sitje i ein rettssal. Lat oss ta ein smittevask av rommet. Og skifte alt innvendig inventar og kledning. Merkantilt må ta ein telefon til eit selskap som… har litt meir peiling på sanitærreinsing enn vi har. Skitarbeid har vi nok av frå før her på Sandviken!»

Lettare nervøse bevegar dei seg vidare til det andre avstengde rommet, der den fæle, vonde Morfin-Mona ligg. Gudrun låser opp døra med ei lett skjelven hand. Lyset kjem på.

Der ligg det fæle monsteret sveitt, jævleg og med enorme, ekstremt kløande varmeutslett over heile den nakne kroppen. Auga er rulla bakover i skallen, og ho siklar medan ho gaper og kveser. Ho har ropt so mykje og so lenge at stemmebanda er øydelagde. Dei tre dyre sølvsmykka ligg som svakt glitrande ormar rundt den oppsvulma, knallraude halsen. Dei enorme jura er ikkje lenger fullt so enorme. Faktisk er dei ein tanke mindre. Brystvortene ser nærast smertefullt sprengjeferdige ut.

«Du verda…» mumlar doktor Gudrun. «Ein skulle jo tru den fitta var steindaud no.»

«Kanskje har ho tært litt på dei svære jura,» mumlar den eine mannlege pleiaren. «Akkurat som kamelar tærer på puklane sine om dei ikkje finn vatn eller mat.»

«Ja, du seier noko. Dei verkar ein tanke mindre. Ho har ikkje eingong mist noko kroppsfeitt. Ho er framleis godt i hald, den feite, kortvaksne eldrebølgje-løysaren.» Ho himlar med auga. «Her luktar det berre sveitte og våt fitte.»

«Ja, fitta hennar er særs oppsvulma – og ein tanke blå.»

«Pirring, pirring og atter pirring, men aldri forløysing.» Gudrun flirer søtt bak munnbindet og visiret. «Ho blir nok plaga av fortida si kvart eit sekund av døgeret. Og ho fortener det til gagns.» Ho snur seg mot pleiarane. «Lat oss stengje av rommet igjen. Det er nok gode sjansar for at ho vil overleve fram til oppgjeret

Døra går igjen med eit dempa smell. Mørket kjem tilbake. Det gjer òg knisinga og munnen til Michelle.

Kommenter innlegget