Belle Carter i Natural News melder:
For ein brukar av sosialmedieplattforma X, Amalia C. Halikias, ville det å ha tvilt på om presidentvalet til visepresident Kamala Harris ville bli ein suksess, ha vore særs legitimt, sidan ho peikte på at den offisielle flaggberaren til Det demokratiske partiet innførde og sponsa lovverk medan ho framleis var ein senator.
«Neste gong nokon antydar at du er fordomsfull fordi dun tenkjer Kamala Harris er ein skrekkeleg presidentkandidat, vis dei rett og slett rullebladet hennar i Senatet,» skreiv ho på sosialmedieplattforma.
Basert på dei siterte lovforslaga til Halikias, var ikkje Harris ute etter å løfte den gjennomsnittlege amerikanske ånda eller den økonomiske statusen. «Kamala, den vaskeekte marxisten, brukte tida si på å dra oss djupare ned i avgrunnen ved namn DEI [Diversity, Equity and Inclusion [«mangfald, utfallslikskap og inkludering»]9, med lovverket ho sponsa og innførde,» skreiv Revolver News i ein artikkel publisert 25.juli [linken er å finne i førre avsnitt; oms.komm.].
Ifølgje den uavhengige nyheitsformidlaren, var dei fleste lovforslaga som ho sjølv involverte seg i, gjennomsyra av sinnssvake rase-utfallslikskaps-tema, retten til å okkupere privat eigedom [engelsk squatter’s rights] og «ein bråte med sprø miljørelatert papirarbeid som har vore eit mareritt for amerikanske føretak og arbeidarar». Altso gjer dette den kvinna eksepsjonelt uskikka for presidentembetet.
I ein tråd på X lista Halikias opp lovforslaga som ho [Harris] sette i gang i Senatet. Eit av dei er «Ensuring Diverse Leadership Act» [«lov om å sikre mangfaldig leiing»], som ifølgje Halikias er ei generisk form for positivt forskjellsbehandling ved tilsetjingar i den amerikanske sentralbanken [Federal Reserve]. Lovforslaget indikerer at the Fed må intervjue eitt individ som reflekterer kjønnsmangfald og eitt som indikerer rasemangfald […].
Ho introduserte òg «Climate Equity Act of 2020», som etablerte eit kontor for klima- og miljø-utfallslikskap ved Congressional Budget Office (CBO) for å etterforske det raserelaterte klimaavtrykket til kvart einaste lovforslag.
Harris sitt andre sponsa lovforslag var «RELIEF Act», som essensielt gjorde ulovleg opphald på privat eigedom av leigetakarar som respons på Wuhan-koronavirus (covid-19)-pandemien. Lovforslaget var meint å forby alle utkastingar og tvangssal i løpet av året, so vel som auke i leige. «Ikkje å bli forveksla med ‘Rent Relief Act of 2019’, som skaper skattekreditt for folk som lever under deira eiga økonomiske yteevne,» la Halikias til å tråden.
Eit anna lovforslag var «Environmental Justice for All Act», som ifølgje internettkrigaren tydar ein bråte fleire rådgjevingspanel og program om rase og klima.
Harris sette òg i gang ein resolusjon basert på si eiga politiske meining. Ho innførde S. Res.498, som skal fordømme Stephen Miller for å visstnok «ferdast i fordomsfullheit, hat og splittande politisk retorikk». Ho fekk òg med seg Senatet i å meine at resolusjonen «uttrykkjer, slik Senatet føler det, at Miller straks burde gå av frå embetet sitt». Miller var seniorrådgjevar for retningslinjer og Kvite hus-direktør for taleskriving for tidlegare president Donald Trump.
Ho hadde òg eit forslag om sysselsetjing/tilsetjing av ulovlege innvandrarar då ho innførde «American Dream Employment Act of 2019» som ville late ulovlege innvandrarar få arbeidsløyve enkelt. […]
Omsett og noko forkorta av redaksjonen i Saksyndig.
