Christopher Tomlinson på nettstaden The National Pulse rapporterer:
Joe Biden-/Kamala Harris-regjeringa har stoppa eit kontroversielt program som tillèt opp til 30 000 migrantar per månad frå Kuba, Haiti, Nicaragua og Venezuela å kome inn i USA lovleg via sokalla parole powers [«prøveløyslatingsfullmakter»]. Department of Homeland Security (DHS) bekrefta at dette har blitt sett på vent etter at ein intern rapport avdekte betydeleg bedrag i sponsorsøknader.
Programmet byrja med venezuelarar i 2022 og vart utvida i 2023. Det lèt migrantar kome inn i USA om dei møter visse vilkår. Pausen, som byrja i midten av juli, kom etter avsløringar om utbreidd misbruk. Dette inkluderte forfalska Social Security-identitetsnummer, adresser og telefonnummer.
DHS ser for tida gjennom sponsorsøknader, og har stoppa å utstade reiseautorisasjonar for programmet. Departementet seier at bedraget vart identifisert i sponsorsøknader, ikkje i bakgrunnssjekken av sjølve migrantane.
Minister Alejandro Mayorkas forsvarte programmet og påstod at det har redusert ulovlege innreiser – om so berre ved å fly migrantar direkte inn i USA i staden for. Rundt 1,6 millionar søkjarar ventar no på å bli godkjende under programmet.
Missouri-generaladvokat Andrew Bailey (republikanar) lanserte eit søksmål mot programmet førre månad, og uttrykte djup bekymring om tilknytinga det har til migrant-kriminalitet. Til dømes har ein haitiar som kom inn i landet under programmet blitt tiltala for å valdta ei 15 år gammal jente i mars.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
