Anarki i Storbritannia: Opptøyar i større byar, protestdeltakarar stormar migranthotell

Nettstaden The National Pulse melder:

To politibetjentar vart sjukehusinnlagt etter samanstøyt mellom protestdeltakarar og motdemonstrantar i den sørvestlege byen Bristol no i helga. Ein betjent vart slegen i hovudet med ein stol, og ein annan vart sparka av motorsykkelen sin i scener som liknar dei som har brote ut overalt i nasjonen. Den nylege bølgja av protestar kjem som ein reaksjon på eit trippeldrap i Southport, der tre unge jenter vart drepne under ein dansefest med Taylor Swift-tema.

Protestdeltakarar i Bristol vart høyrt syngje slagord som «vi vil ha tilbake landet vårt», og «England til eg døyr». Motdemonstrantar responderte med å syngje «rasistavskum, kom dykk vekke frå gatene». Ikkje alle protestane var valdelege, men konfrontasjonane som fann stad følgde ei turbulent veke med uro i landet.

Labour Party-leiar og noverande statsminister Sir Keir Starmer fordømde protestdeltakarane og erklærte at han skulle på ferie, og etterlét landet i hendene på sin visestatsminister Angela Rayner.

Over helga var meir enn 30 protestar planlagde, og ekstra opprørspoliti vart sett inn. I Rotherham samla rundt 100 pro-flyktningdemonstrantar seg utanfor eit hotel som husa ulovlege innvandrarar og asylsøkjarar, som førde til protestdeltakarar som var mot masseinnvandring storma bygningen – og dei skulle visstnok ha knust vindauge.

Over heile nasjonen har der vore eit kor av fordømming frå polititenestepersonar og politikarar, den diametralt motsette responsen frå då «Black Lives Matter UK»-protestdeltakarar knuste byar i fillebitar og øydela statuer over heile landet i solidaritet med George Floyd-protestdeltakarar i USA i 2020.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget