Politikarar vil ha covid-liknande nedstengingar for å handtere «borgarkrigen» i innvandringstrøytte Storbritannia

Ethan Huff i Natural News rapporterer:

Dei noverande protestane i Storbritannia på det ukontrollerte problemet med ulovleg masseinnvandring kan resultere i landsomfattande nedstengingar som i natur liknar på dei som vart påtvinga under Wuhan-koronavirus (covid-19)-«pandemien».

Storbritannia braut ut i protestar og opptøyar etter eit knivåtak i Southport som førde til dødsfalla til tre barn og som skadde minst 10 andre. Ein 17-åring ved namn Axel Rudakubana, fødd av foreldre frå Rwanda, skal visstnok ha tørna og byrja å knivstikke innfødde britar.

Det verserer rykte om at Rudakubana eigentleg er ein syrisk innvandrar som kom til England i båt, men han har no ein gong blitt eit ansikt for Storbritannia sitt innvandrarproblem, og kva det gjer med veven i samfunnet.

Sinte britar samlar seg i heile landet for å få stemmene sine høyrt i protest mot innvandrarinvasjonen. Mange skal ha tent brannar og skote opp fyrverkeri, mykje likt det som skjedde under Black Lives Matter (BLM)-opptøyane.

Richard Dearlove, tidlegare leiar av etterretningstenesta MI6, hevdar utan fnugg av evidens at Russland er ansvarleg for protestane ved å uriktig påstå at Rudakubana er ein innvandrar. Den russiske ambassaden i London nektar dette, og kallar det «føreseieleg villeiing» frå folk som Dearlove, som hjelper til med å destabilisere «heile land og regionar, og set i verk hittil usette mengder av flyktningar». […]

NATO er ansvarleg for den vestlege flyktningekrisa

John Woodcock, Baron Walney, ein tidlegare britisk parlamentsmedlem (MP) og den britiske regjeringa sin rådgjevar om politisk vald og uro, sa til Times Radio at tida er komen for England å atter ein gong oppleve nedstengingar i covid-stil.

«Eg trur regjeringa og nye ministrar vil forstå at det britiske folket vil støtte dei same kva slags tiltak dei føler er naudsynte for å få denne situasjonen under kontroll,» kommenterte Walney, og la til at det britiske folket heilt sikkert vil støtte slikt tyranni til det beste for fellesskapet.

«Eg håper at vi kan oppleve at dette vil døy ut i løpet av dei neste dagane, og at den ekstra innsatsen som er sett i gang vil få ein effekt. Men dersom det viser seg å ikkje vere nok, trur eg det britiske folket vil støtte vidare handling frå ministrar i denne krisa, for å få ting under kontroll.»

So lenge folk lèt seg lure av denne krisa på same måten som dei lét seg lure av covid, heldt Walney fram, burde ikkje den britiske regjeringa ha nokon problem med å gjere kva enn dei vil i «folkehelsa» og «folketryggleiken» sitt namn.

«Tilbake i covid-tida var dei førebudde på å støtte tiltak som ein trong i den situasjonen, og eg trur dei vil ta ei liknande tilnærming for å halde opprørarar vekke frå gatene no, med tanke på skalaen av skade som har blitt gjort på lokalsamfunna,» heldt Walney fram.

Medlemmer av gruppa som kallar seg «Muslim Defence League» vandrar visstnok rundt i gatene i Storbritannia på leiting etter offer, spesielt i nordlege småbyar og byar. Det britiske politiet blir samstundes skula for å «vende ryggen til» desse «grooming-gjengane», som dei kallar dei.

«Fyrst starta NATO flyktningekrisa ved å øydeleggje landa til folk; so prøver regjeringar å bruke flyktningane som import-stemmer som vil støtte dei – og importerte leigetakarar (om dei har pengar, eller statleg støtte) for dei store utleigarane,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet til RT om all denne galskapen.

«No er vi på veg mot ein situasjon der enkelte flyktningar kjem til å reise seg mot vertslanda på grunn av det vertslanda har gjort mot heimlanda deira. Til dømes, korleis kjem ukrainske flyktningar til å reagere når dei finn ut sanninga om NATO sin grunnlause krig og øydelegging av Ukraina?»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget