Kven er «ytre høgre»? – DU!

Dr. Vernon Coleman skriv, her henta frå nettstaden The Exposé:

Kven er «ytre høgre» – dei folka som får skulda for uroa i heile Storbritannia?

Det er du.

Med mindre du er ein hardbarka kommunistisk, fascistisk medlem av Starmers føreseieleg Net Zero-elskande ytre venstre-regjering (som er bestemt på å øydeleggje alt og alle som har verdi), er du medlem av Ytre Høgre. I USA er du medlem av Ytre Høgre dersom du ikkje er ein flammande tilhengjar av Clinton/Obama/Biden/Harris-Demokratane.

Dersom du har nokon som helst oppsparte midlar, er du ikkje ein «person i arbeid». Den britiske regjeringa [eller Staten] avskyr alle som har eitt pund i banken, eller som er med på å byggje samfunnet. Og dei planlegg å øydeleggje deg – der dei bruker myten om global oppvarming og våpenet Net Zero som middel.

Politikarane og hovudstraums- (konsern)-journalistar lever i ein kokong. Dei har ikkje den fjernaste idé om den frykta som blir skapt av masseinnvandring. Dei ser ikkje effektane overbefolkinga har i nasjonen. Det er overbefolkinga som øydelegg offentlege tenester. Det er overbefolkinga som gjer at vegane våre konstant er sperra og elvane skitne.

England har vore det mest overbefolka landet i verda i årevis. I dag er det so overbefolka at Staten planlegg å byggje på det grøne beltet. Der er bustadmangel fordi millionar av menneske (der mange av dei hatar Storbritannia) har flytta til Storbritannia for å få gratis pengar, gratis mat og gratis bustad.

Og likevel har opptøyane som for tida riv Storbritannia sønder og saman blitt bevisst fingert. Sprø politikarar (som befolkninga ikkje godkjenner) riv landet frå kvarandre og gjev Staten eit påskot for å innføre fleire lover og meir politi. Å gå i demonstrasjonar kjem til å bli klassifisert som terrorisme.

(Hugs forresten at berre 1 av 5 i Storbritannia stemte på Sir Keir «Gratis dressar» Starmer. Fire av fem veljarar ville ikkje at Starmer og hans gjeng farlege idiotar skulle sitje med makta.)

Opptøyane blir brukte for å starte jaktsesongen på bønder.

Og vi er bøndene.

Brutale, autoritære og nådelause politikarar ønskjer å øydeleggje alt vi verdset.

Det har tydelegvis blitt innført tolags-politi [engelsk two-tier policing, der politiet straffar enkelte, men lèt andre få halde på; oms.komm.].

Komande haust vil Starmer & Co dytte opp minimumslønna og auke lønner i offentleg sektor. Det uunngåelege resultatet vil bli eit hopp i inflasjon og ein auke i rentesatsar (som eg [Coleman] spådde for lenge sidan). Bustadrenta kan falle i nokre veker. Men snart vil den stige igjen. Skatteprosenten vil øydeleggje alle med eit snev av oppsparte midlar, som har eit lite føretak, eller som har håp eller ambisjon.

Våpenet som blir brukt for å øydeleggje dykk og verda, er Net Zero. […]

Omsett og forkorta av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget