Paul Joseph Watson på nettstaden Modernity.news skriv:
President Biden kom med ein interessant freudiansk glepp då han sa at «dersom Trump vinn» valet, er han ikkje sikker på at det blir ei fredeleg overføring av makt.
Biden kom med kommentarane under eit intervju med CBS News.
«Er du sikker på at det vil bli ei fredeleg overføring av makt i januar 2025?» vart Biden spurt.
«Dersom Trump vinn, nei, eg er ikkje sikker i det heile,» svarte han.
Der såg det ut til å vere eit kutt i intervjuet før Biden korrigerte seg sjølv: «Eg meiner, dersom Trump taper, er eg ikkje sikker i det heile.»
Medan Biden er berømt for å dumme seg ut verbalt, trudde mange på X faktisk at dette var ein avslørande freudiansk glepp.
Som vi [Modernity.news] sette søkjelys på tidlegare, bekrefta Biden under det same intervjuet at høgtrangerte Demokratar pressa han ut av presidentvalet, noko som essensielt bekreftar skuldingar om eit kupp.
«Ei rekkje av mine Demokrat-kollegaer i Huset og Senatet trudde at eg kom til å skade dei i racet,» sa Biden.
Presidenten vart visstnok fortalt av Nancy Pelosi at han kom til å bli fjerna anten på «den lette måten» eller «den vanskelege», etter at han desperat prøvde å klamre seg til nominasjonen trass at han vart audmjuka under ein presidentkandidat-debatt med Donald Trump.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg «Nancy Pelosi seier trynet til Biden burde hamne på Mount Rushmore», publisert 6.august 2024.
