Nettstaden The National Pulse melder:
Russiske statlege media har fått ein vesentleg annleis tone i kjølvatnet av den ukrainske invasjonen av den russiske Kursk-regionen førre veke, der RIA Novosti-spaltist Victoria Nikiforova argumenterer at ei framforhandla avtale med president Volodymyr Zelensky er utelukka, og at heile Ukraina må takast over.
«Det burde ikkje vere noko ‘Ukraina’, heile dette området burde bli av-nazifisert, reinsa og uskadeleggjort. Kva enn slags innsats og offer som blir kravd av oss, er vi klare for dei,» skriv ho for det statseigde nyheitsbyrået, der ho trekkjer inn 1600-talskrigane mellom tsarriket Russland og det polsk-litauiske samveldet, då russarane «gnog på desse landområda frå Polen i fleire tiår, braut av bit etter bit, trekte seg tilbake, gjorde ferdig våpenkviler og igjen sakte, men sikkert avanserte heilt til Kiev vart russisk.»
Ukraina sin offensiv i Kursk har «endra alt», slår Nikiforova fast, og seier at spørjeunderøskingar viser at «det at den russiske befolkninga var i favør av ei fredeleg løysing» no ikkje lenger kjem på tale.
Kursk var åstad for eit av dei siste avgjerande slaga mellom aksemaktene og Sovjet-styrkar i 1943. Nikiforova trekkjer fram minnet om Andre verdskrig i artikkelen sin, der ho kallar Zelensky «jøde-nazisten», og åtvarar at «fienden er på vårt land for fyrste gong sidan Den store patriotiske krigen», der «tyske infanteri-kampkøyretøy køyrer rundt i Kursk-regionen.»
Ein lang krig
Ukrainske styrkar, som bruker britiske stridsvogner og amerikanske Bradley og Stryker kampkøyretøy, blant andre NATO-utstyrstypar, har teke rundt like mykje russisk territorium i overraskingsoffensiven som russarane har teke ukrainsk territorium i heile året, noko som har gjort Kreml audmjuka og sinte.
Det er litt av ei gambling for Zelensky, som gradvis har mist territorium til russarane heile året. I mai vart ein ny front opna mot han nær Kharkov, den nest største byen i Ukraina. Eit tungt nederlag etter enkelte sigrar i byrjinga vil føre til desperat mangel på reservar for ukrainarane i sektorar der russiske styrkar held fram med å avansere.
«Vi kjempar for uavhengigheita vår og er klare til å kjempe i fleire år og tiår, heilt til vi kjem til Lvov – og, dersom naudsynt, endå lenger,» skriv Nikiforova, og viser til den største byen i vestlege Ukraina, som ukrainarane kallar Lviv, og kanskje òg Polen og andre NATO-medlemmer vest for den.
«Til slutt er svaret på spørsmålet ‘kva [land] grensar Russland til?’: ‘Russland grensar til kva enn dei vil,’ insisterer ho.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
