Korleis kan Morfin-Mona pinast endå meir?

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.

Arve og Fritz sit i fyrstnemnde si nye leilegheit i Ytre Sandviken, berre eit drygt steinkast frå busstoppet ved Munkebotn. Herifrå går det bussar nærast i skytteltrafikk til sentrum, og Arve sitt kjære vasshol Folk & Røvere. Kontoen er full og det er mildt sagt mannen òg. Ølboksane står stabla på det gamle Fretex-salongbordet, og gammal David Bowie dunkar lett og ømt i dei godt innrøykte veggane. Fritz tenner dagens tjuande røyk, og det same gjer Arve. Stemninga er munter og animert, og ute høljar regnet ned.

«Eg har fått vete ymse nytt om kjerringa,» seier Arve med knapt nok forståeleg diksjon. Han er godt skjenkt der han sit.

«Hmm, er ho framleis innlagt på Sandviken?» spør Fritz i det han opnar nok ein ølboks og drikk grådig av den.

«Innlagt og innestengt som det dyret ho er,» svarer Arve. «Alle lurer på korleis dei kan pine ho endå meir enn dei allereie gjer. Ein snakkar om å hive nokre feite, saftige hjortelus på ho.»

«Hjortelus?» Fritz ser på han med heva augnebryn.

«Ja, dei er nokre sinte, vondsinna jævlar. Blir ein biten av ei hjortelus, kan ein risikere å klø intenst i opp til eit år. Og ho ligg fastbunden i ei seng med kraftige, kraftige reimar og kan ikkje på nokon måte klø seg.» Han får formeleg horn i panna der han sit. Ølet har gått inn og vitet har for lengst gått ut.

«Huff, er ikkje det litt for drygt? Tenk om ho kreperer før rettssaka mot ho startar.»

«Det skjer nok ikkje. Dei digre jura held ho i live.» Røyk strøymer ut munn og nase på Arve. Han opnar seg ein ny ølboks og heller i seg omtrent halve boksen i éin slurk.

«Når skal ho i retten, eigentleg?»

«Kanskje i slutten av november ein gong. Dei har litt kapasitetsproblem, for å seie det slik. Mange skal for retten for å ha posta hatefulle innlegg om masseinnvandring og asylsøkjarar på nettet.»

«Hæ?» Fritz får ein perpleks grimase i det raudmussa trynet. «Har dei byrja med slikt her i Noreg òg? Eg trudde det berre var det orwellianske politiske styret i Storbritannia som driv med slikt!»

«Dei driv med det, men media har fått munnkorg. Då kan jo enkelte konspirasjonsteoretikarar og urindrikkarar finne på å moderere åtferda si på nettet. Med denne snikinnførde lova kan Staten endeleg få dei bak lås og slå.» Arve tenner seg nok ein røyk. Det same gjer Fritz.

«Når ein snakkar om urindrikkarar…» Fritz reiser seg opp frå den låge sofaen – med visse vanskar. «Eg må ut på pissing.»

«Du veit kor dassen er.» Arve hyler i seg resten av ølboksen og hiv den tankelaust over skuldra.

Fritz sjagar i veg over golvet og inn på det vesle, kalde klosettet. I denne leilegheita er dassen på eit eige rom, medan det sokalla badet er på eit anna. Slik var det i gamle dagar i desse simple fattigmannsleilegheitene.

Ute i regnet går det folk forbi i det tronge, våte smauet. Somme av dei kastar blikk inn i dette rottereiret og himlar med auga, spesielt dei mange vakre ungjentene som trippar sjølvgode og indoktrinerte forbi.

Brått ringjer det på døra. Arve slepper frå seg eit undrande grynt og ein brakfis. Fritz pissar og pissar inne på klosettet.

Omsider får Arve kjempa seg opp av den låge sofaen. Han trakkar over golvet – han må støtte seg i veggen – halvvegs snublar ut i gangen, før han opnar døra. Der står ei lekker berte i Bergen kommune si lyseblå pleiaruniform og mørkeblå bukser. Eit tenestebevis dinglar leikent og lett på det venstre brystet. «Kristin, helsefagarbeider». Ho har kort, brunt hår klipt i ein elegant pasje. Eit sølvsmykke med ein runding med ein K glitrar mot den bleike huda. I sine vakre dokkehender ber ho på fleire dosettar med tablettar i. Ho har klokeleg nok ein kommune-paraply med kommunelogoen på.

«Og kva kan eg hjelpe deg med, unge frøken?» snøvlar Arve der han står med symjande auge.

«Øh, eg er her for å levere dosett til deg,» svarer Kristin ein tanke intimidert.

«Hæ? Dosett? Eg går då ikkje på medisinar!» Arve slepper frå seg eit høgt hikk. Fritz dukkar opp bak han i døra.

«Kva faen, Arve?» rautar han, drivande full. «Har du byrja å få heimesjukepleia på besøk? Er helsa di so dårleg?»

«Her må det vere ei misforståing, eg har aldri bestilt noka heimesjukepleie,» seier Arve. «Du har feil adresse, helsefagarbeidar Kristin. Du har blitt offer for dessert-informasjon

«Du meiner vel desinformasjon,» svarer Fritz.

Begge brøler av latter der dei står. Kristin blir herleg raud rundt øyra der ho tek opp mobilen sin og blar gjennom den endelause oppdragslista.

«Oi…» seier den stakkars jenta. «Eg er på feil adresse. Eg skal til adressa på andre sida av smuget. Beklagar so mykje.»

«Desse husa er heilt like, lett å ta feil,» svarer Arve. «Du har ikkje tilfeldigvis litt A-preparat i desse dosettane?» Han fomlar etter lommeboka si i jakka som heng på ein knagg ved sida av han. «Eg betaler litt ekstra til deg under bordet, viss du skjøner…»

«No må eg gå!» seier Kristin med store auge. Arve mumlar noko uforståeleg, får overbalanse og riv med seg jakka. Mannen, jakka og knaggen går i golvet med eit brak. Kristin sprett tilbake med store auge.

«Inni helvete, ta og kom deg tilbake i sofaen!» utbryt Fritz. «Du kan jo knapt stå på beina, mann!» Han vender seg mot Kristin. «Sorry den der, han har fått for mykje å drikke.» Ho nikkar alvorleg med eit kort «m-hm!».

«Faen, hjelp meg opp, eg må pisse!» rautar Arve frå golvet.

«Hjelp meg litt med dine varme helsefagarbeidar-hender, søte Kristin,» seier Fritz.

Han og ei synleg utilpass Kristin greier med store vanskar å få Arve på beina og lande han trygt i sofaen. Han landar i den som ein sekk poteter, og ligg der og raper og fis. Fritz tek fram lommeboka si og tilbyr Kristin ein 500-lapp.

«Her er litt for bryderiet, helsefagarbeidar Kristin, søte, vesle Kristin-jenta mi…» mumlar han. Ho ristar storøygd på hovudet og trippar ut av leilegheita med raske steg. Ytterdøra går igjen med eit smell. «Faen, eg ville jo berre takke ho for hjelpa, ikkje at ho skulle gå ned på kne og suge meg (sjølv om det ikkje hadde vore å forakte, hehe).»

Fritz snublar i salongbordet og ramlar i golvet med eit brak.

«Korleis kan vi pine Morfin-Mona endå meir…» mumlar Arve i sin djupe drukkenskap. «Vi kan sende dei hjortelus… Hehe, hjortelus…»

Arve spyr utover sofaen og det utan tvil lusebefengte golvteppet so spruten står. So opnar alle sluser seg nedantil sidan han er noko so inni helvete pissetrengt. Av omsyn til dei trufaste Saksyndig-lesarane si helse og velferd seier vi no takk til desse eldre herrane for i dag.

Ein spasertur i raskt psykiatri-panikk-tempo unna, på ærverdige Sandviken sygehus ligg Mona i sitt velfortente sengefengsel og blir torturert endelaust av Michelle i det evige mørket. I det bekmørke rommet vil aldri noko lys bli kasta over saken. Ingen fokus er å finne, av di ein ikkje kan fokusere utan eit mål i sikte – og sikta er mildt sagt null.

Døra opnar seg. Inn kik det bleike ansiktet til ein – skrekk og gru – psykiatrisk sjukepleiar. Ho har kort, blondt hår klipt i ein staseleg pasjefrisyre, og blå, tindrande auge som er falske speglar til eit sinn mørkare enn den djupaste Satan-pøl. Ho kastar eit raskt, klinisk blikk på det fælslege skremmesynet som ein gong var ei kvinne, men som no er eit dirrande kjøtberg av infeksjon, ekstremt kløande hudutslett og uendeleg gammal urin og avføring.

«Ho lever enno, den fitta…» mumlar ho stille i det ho lukkar døra.

Korleis kan Morfin-Mona pinast endå meir? Her lyt kloke hovud samlast og diskutere.

Kommenter innlegget