Nettavisa til den pensjonerte psykologen Knut Lindtner, Derimot.no, ser ut til å ha tekniske problem. Sidan laurdag morgon har det ikkje vore mogleg å gå inn på nettsida. Ein lesar har i tillegg tipsa Saksyndig om at noko har skjedd med nettstaden. Spørsmålet alle no stiller seg er naturlegvis kva som har skjedd.
Ein mogleg teori kan vere det som skjedde med nettstaden i fjor. I juni 2023 vart Derimot offer for eit tenestenektåtak, eller DDOS-åtak. Sitat frå nemnde Saksyndig-artikkel:
«Den populære nettavisa Derimot har i det siste vore plaga med lang nedlastingstid for artiklane sine. 6.juni vart det av redaksjonen publisert ein artikkel med tittelen «Vi blir forsøkt stilnet: Noen oversvømmer Derimot.no sin server i et DDOS-angrep’».
Og vidare:
«Dette blir av Wikipedia skildra som eit åtak der ein hindrar at nokon eller noko får tilgang til informasjon eller ressursar dei vil ha tilgang til. Soleis kan eit vellykka tenestenektåtak føre til at denne informasjonen eller ressursen ikkje blir tilgjengeleg. Enkelt fortalt blir ei rekkje «slave»-datamaskiner brukt til å sende so mykje data til offeret (i dette tilfellet Derimot) at sokalla ‘legitim trafikk’ ikkje vil kome igjennom. Det kan enklast samanliknast med å hive so mykje reklame og skit og drit opp i ein postkasse at ekte brev ikkje får plass.»
Denne gongen er ikkje berre problemet at det tek lang tid å laste inn artiklar frå Derimot. No er situasjonen at ein ikkje får tilgang til sida i det heile. Etter å ha prøvd å laste ned sida ei stund, kjem til slutt følgjande feilmelding opp:
«504 – Gateway Timeout. This is a temporary error. Please try again later.»
Saksyndig følgjer vidare med på korleis det går med nettstaden.
